Fornybare og ikkje-fornybare ressursar
Ein naturressurs er eit råstoff i naturen som vi kan bruke. Vi kan finne det i havet, på jordoverflata eller under jorda. Døme på naturressursar kan vere fisk, skog, olje, gass og mineral. Vi deler ressursane inn i fornybare og ikkje-fornybare ressursar.
Ett fiskebruk i lofoten
Fornybare naturressursar
Vatn, vind og sol er døme på fornybare ressursar. Dei blir ikkje brukte opp når vi bruker dei.
Vi seier at fisk og skog òg er fornybare, sjølv om dei bruker lengre tid på å fornye seg etter at dei er fanga eller hogne ned.
Solcellepanel med vindmøller i bakgrunn
Store fabrikkpiper slipper ut mye røyk.
Avfall
Vi produserer mykje avfall, og vi kastar mykje meir no enn tidlegare. Resultatet er at vi får store søppelberg. Ei årsak kan vere at det har blitt billigare å kjøpe nye ting. Mykje av søppelet blir resirkulert og laga om til noko nytt. Noko kan brennast og blir til varme. Glassflasker blir vaska og blir brukte på nytt.
Gjennom å attvinne avfall er vi med på å spare på jordas naturressursar.
En søppeldynge
Masse mennesker i en gate i Bangalore
Kjelder:
- Hofstad, Knut: ikke-fornybare energikilder i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 11. februar 2022 frå https://snl.no/ikke-fornybare_energikilder
- Hofstad, Knut; Halleraker, Jo Halvard: fornybar energi i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 11. februar 2022 frå https://snl.no/fornybar_energi
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-