Fornybare og ikkje-fornybare ressursar

I naturen finst det råstoff som vi kan bruke. Vi kallar det naturresursar. Det finst i havet, på jordoverflata eller under jorda. Det kan vere fisk, skog, olje, gass eller mineral. Vi deler dette inn i fornybare og ikkje-fornybare ressursar.

Ett fiskebruk i lofoten
Ett fiskebruk i lofoten

Fornybare naturressursar

Vatn, vind og sol er fornybare ressursar. Dei blir ikkje oppbrukte når vi bruker dei.

Fisk og skog er òg fornybare. Men dei bruker lengre tid på å fornye seg etter at dei blir fanga eller hogne ned.

Solcellepanel med vindmøller i bakgrunn
Solcellepanel med vindmøller i bakgrunn

Ikkje-fornybare naturressursar

Kol, olje og gass er ikkje-fornybare. Dei vert oppbrukte, eller dei bruker svært lang tid på å fornye seg.

Metall finst det mindre av, men det kan gjenvinnast. Metallboksen du leverer, kan kanskje smeltast om til den nye sykkelen din?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Store fabrikkpiper slipper ut mye røyk.
Store fabrikkpiper slipper ut mye røyk.

Avfall

Vi kastar mykje søppel, mykje meir enn før. Då får vi store søppelberg. Kanskje er det fordi det har blitt billigare å kjøpe nye ting. Mykje søppel blir resirkulert og laga om til nye ting. Noko kan brennast og blir til varme. Glassflasker blir vaska og blir brukte på nytt.

Det fine er at vi sparer på jorda sine naturressursar når vi arbeider for gjenvinning.

En søppeldynge
En søppeldynge

Berekraft og befolkning

I dag er vi fleire folk på jorda enn nokon gong før. Vi har fått ein befolkningseksplosjon.

Det lever nesten 8 milliardar menneske på jorda. India og Kina er dei mest folkerike landa. Befolkninga aukar òg raskt andre stader.

Befolkninga i Noreg veks ikkje like raskt som i fleire andre land. Før var det vanleg å få fleire barn i norske familiar, men det har endra seg.

Kva trur du er grunnen til at det ikkje er like mange barn i familiane som før?

Berekraft

Sidan vi er blitt så mange på jorda, må vi tenkje over korleis vi bruker ressursane. Dei skal halde til alle – både no og i framtida. Dette blir kalla berekraftig ressurspolitikk.

Viss alle skulle leve slik som vi gjer i Noreg, måtte vi hatt  meir enn tre jordklodar for å ha nok ressursar.

Vi må ikke bruke meir enn naturen klarer å fornye. Om vi fangar for mange fisk, vil ikkje fiskebestanden ta seg opp igjen. Dette blir kalla overbeskatning.

For å produsere alle tinga vi vil ha, må vi bruke straum. Ofte bruker vi fossile brennstoff som kol, olje og gass. Dette forureinar veldig mykje.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Masse mennesker i en gate i Bangalore
Masse mennesker i en gate i Bangalore

Kjelder:

  • Hofstad, Knut; Halleraker, Jo Halvard: fornybar energi i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 11. februar 2022 frå https://snl.no/fornybar_energi

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images