Frykt 

Tenk deg at du er åleine heime ei natt. Så høyrer du eit kraftig smell. Hjartet bankar fort i brystet. Musklane blir stramma, og pusten går raskare og raskare. Alle sansar er skjerpte! Du er klar til å angripa eller flykta frå det som laga lyden. Så viser det seg at det berre var ei stor bok som datt ned frå bokhylla. Hjernen og kroppen din reagerte likevel som om du var i livsfare.

Primitiv kjensle    

Frykt er ei av dei sterkaste og mest primitive kjenslene vi har. Verda er ein farleg stad. Frykt for skumle ting vernar oss mot fare og held oss i live. Nokre fryktreaksjonar er medfødde, men vi kan òg læra oss å vera redde for ting.

Som barn lærer vi kva som gjer foreldra våre redde. Vi blir redde for ting som vi har hatt negative erfaringar med.

Heldigvis klarer vi som regel å ignorera fryktreaksjonar når vi skjønar at vi ikkje eigentleg er i fare. Vi kan nyta utsikta frå ein fjelltopp utan heile tida å vera redde for å falla ned. Vi kan skru av lyset om natta utan å bekymra oss for monster under senga.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kort om frykt 

Fobiar 

Fobi betyr at ein har ein ekstrem fryktreaksjon mot bestemte ting som ikkje nødvendigvis er farlege. Slik unødvendig frykt kan vera veldig hemmande i kvardagen. Folk med høgdeskrekk kan få heilt panikk berre dei skal gå over ei gangbru.

Det er usikkert kva slike fobiar kjem av. Det kan ha samanheng med ubehagelege opplevingar tidleg i livet. Du kan til dømes utvikla cynofobi (frykt for hundar) viss du vart biten som liten.

Når hjernen oppdagar noko han fryktar, får vi ein kjemp- eller flykt-reaksjon som gjer kroppen klar til handling. Dette skjer uansett om frykta er basert på verkelegheita eller ikkje.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Tips mot fobiar 

Naturleg frykt 

Nokre fryktreaksjonar er naturlege og instinktive. Desse reaksjonane kjem slik at vi skal passa oss for farlege dyr og farlege situasjonar.

Giftige kryp  

Vi har ei medfødd evne til å få auge på edderkoppar og slangar fortare enn ufarlege dyr. Dette er nok fordi dei tidlege pattedyrslektningane våre var nøydde til å kjenna igjen slangar lynraskt for ikkje å bli bitne. Og dei afrikanske forfedrane våre levde tett på mange livsfarlege edderkoppar i millionar av år. Det var livsviktig å få auge på edderkoppane og halda seg unna.   

Sjølv om dei fleste slangar og edderkoppar er ufarlege, har vi ei naturleg frykt for dei.

Høgder 

Høgdeskrekk er viktig for å halda oss i live – han får oss til å vera forsiktige i farlege situasjonar. Forskarar utforska denne naturlege frykta ved å leggja ei glasplate over eit djupt hòl. Så sette dei krabbande babyar ved sida av. Dei aller fleste babyane heldt trygg avstand til hòlet. Dette viser at høgdeskrekk er medfødd.

Mørket 

Synet er kanskje den viktigaste sansen vi har. Vi føler oss sårbare når vi er omgitt av mørke og ikkje aner kva som er rundt oss. Natta var svært farleg for forfedrane våre. Det er fordi livsfarlege rovdyr går på jakt om natta. Det er ikkje mange som treng vera redd for farlege dyr om natta lenger. Men vi har framleis ei naturleg frykt for mørket.

Hjernens overlevingsmekanisme

Sanseinntrykk blir sende frå kroppen til ulike strukturar i hjernen. Hjernen tolkar og analyserer sanseinntrykka og set i gang ein passande reaksjon. Men når det er fare på ferde, tar ein slik grundig analyse farleg lang tid. Det tar kanskje brøkdelen av eit sekund å tolka kva som eigentleg skjer, men nokre gongar har vi ikkje brøkdelen av eit sekund.

Det er viktig at kroppen skal kunna reagera lynraskt på farar. Derfor blir det sendt råsignal rett til amygdala, via ein snarveg. Amygdala er ein del av hjernen som mellom anna tar imot alarmar frå kroppen.

Amygdala sender beskjed rett vidare til hypofysen i hjernen. Hypofysen kontrollerer fleire av dei viktigaste hormona i kroppen. Når hypofysen får beskjed frå amygdala, blir det sleppt ut rundt 30 ulike hormon i blodet. Eitt av hormona heiter adrenalin.

Dette hormonet set i gang fleire reaksjonar i kroppen. Det får muskulaturen i lungene til å slappa av. Luftvegane blir utvida, og meir oksygen blir tatt opp i blodet. Adrenalinet får pulsen til å stiga. Det strammar musklar i auga slik at pupillane blir utvida.

Desse hormona set i gong fysiske endringar i kroppen. Det er desse fysiske endringane som blir kalla kjemp- eller flykt-reaksjonen. Denne instinktive reaksjonen gjer deg klar til anten å slåst for livet eller å rømma.

Svært få av oss opplever farlege situasjonar til dagleg. Kjemp- eller flykt-reaksjonen er derfor ofte falsk alarm. Du føler panikk når du høyrer eit kraftig smell. Dette er fordi sanseinntrykka blir sende til amygdala før dei har vorte analyserte på eit høgare nivå i hjernen.

Kjemp- eller flykt-reaksjonen blir automatisk sett i gang før situasjonen har vorte vurdert – for å vera på den sikre sida.

Når amygdala får meir informasjon og finn ut at du ikkje er i fare likevel, sender han ein ny beskjed til kroppen: avbryt kjemp- eller flykt-reaksjonen! Då går kroppen tilbake til vanleg funksjon. Enkelte av oss bruker ganske lang tid på å roa oss ned igjen.

Menneskehjernen er altså spesialutvikla til å vera førebudd på det verste. Det kan verka dumt at alle høge lydar blir tolka som farlege med ein gong. Men viss faren ein gong skulle vera verkeleg, kan denne overreaksjonen redda livet ditt.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kvifor skrik vi? 

Å skrika er ein medfødd reaksjon. Vi kan skrika høgt av glede. Vi kan òg skrika når vi blir skremde. Forskarar har granska korleis vi reagerer på skrik.

Når vi høyrer vanleg prat, blir lydsignala sende til høyrslesenteret i hjernen for å bli tolka. Men lyden av skrik blir send rett til amygdala og set i gong fryktreaksjonen i hjernen.

Dess meir dramatisk skrik, dess kraftigare er reaksjonen. Skrik er altså ein svært effektiv måte å kommunisera på. Eit skrik fortel at det er fare på ferde. Dei som høyrer skriket, blir klare til handling.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Angst i kroppen 

Kroppen set i gong ekstreme reaksjonar når han er i krisemodus.


1. Hormon 
Nervesystemet sender mange hormon ut i blodet. Dei set i gong ulike prosessar i kroppen.


2. Høg puls 
Hormonet adrenalin aukar pulsen og sender meir blod til musklane og hjernen.

3. Rask energi
Levra di frigjer glukose for å gi kroppen rask tilgang til ekstra energi.


4. Kaldsveitte
Kroppen byrjar å sveitta for å halda temperaturen nede når det verkeleg er alvor.


5. Sommerfuglar
Blodet blir trekt vekk frå mindre viktige system, som fordøyinga. Det er derfor du får «sommarfuglar i magen» når du er nervøs. 

6. Vill i blikket
Pupillane utvidar seg for å sleppa inn meir lys så du kan sjå betre og oppfatta moglege truslar.  


7. Raskt andedrag
Raskare pust sender meir oksygen til musklane og gjer dei klare for handling. 


8. Gåsehud
Når musklane blir stramma, reiser håra på huda seg. Det fekk dei pelskledde forfedrane våre til å sjå større og skumlare ut. 

9. Kaldt nedetter ryggen
Blodårer i huda trekkjer seg saman. Det blir sendt meir blod til musklane. Slik blir blodtapet bremsa viss du blir skadd. Dette gjer at du kjenner deg kald. 


 10. Skjelving
Meir blod blir pumpa til musklane, slik at du kan forsvara deg eller stikka av. Det kan få armar og bein til å skjelva. 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Historien om mennesket junior (2020)
    Orage Forlag AS 

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. NRK
    4. Getty Images
    5. NRK
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Future plc
    13. NRK