Faren til astronomien
Galileo Galilei var filosof, fysikar, astronom og matematikar. Han er mest kjend for ideen om eksperimenterande naturforsking, forbetring av teleskopet, nye astronomiske observasjonar og støtte til det heliosentriske verdsbiletet.
Galileos støtte til påstanden om at sola var midtpunktet for solsystemet vårt, gjorde at han vart sett i husarrest livet ut.
Renessansen – nye idear og kunnskap
Galilei vart fødd i 1564 – mot slutten av renessansen – i ei tid då kunnskap og nye idear hadde erstatta gammal tru og overtru. Geni som Nicolaus Copernicus og Leonardo da Vinci hadde allereie gitt verda nye tankar om naturvitskap. Området som i dag vert kalla Italia, var fullt av kunstnarar, oppdagarar, matematikarar, forfattarar og oppfinnarar. Nye tankar spreidde seg som eld i tørt gras. Det folk hadde trudd på i hundrevis av år, vart diskutert på nytt. Galilei skjønte at ein ikkje kan lære om naturen ved å lese gamle bøker – ein må «spørje naturen sjølv».
Galilei blir dømd
Galileo Galilei vart stemna for inkvisisjonen i Roma då han var 69 år gammal. Han vart forhøyrd i eit halvt år og måtte til slutt knele for paven og sverje på at jorda står stille, og at det er sola, stjernene og planetane som beveger seg rundt oss. Han vart dømd til livsvarig fengsel, men paven gav han lov til å vere heime i husarrest resten av livet. Etter dommen seiest det at han mumla for seg sjølv: «Ho bevegar seg likevel».
Galileo Galilei i eit nøtteskal
Kjelder:
- Universet Junior (2019)
Orage Forlag AS
- Wikipedia (04.06.2020): Heliosentrisme
https://no.wikipedia.org/wiki/Heliosentrisme
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
NutshellEdu – Youtube
-