Faren til astronomien

Galileo Galilei var ein vitskapsmann. Han er mest kjend for å studere naturlovene, forbetring av teleskopet, oppdaginga av nye planetar og månar, i tillegg til at han meinte at jorda bevegar seg rundt sola i staden for motsett.

Det at Galileo meinte at sola var midtpunktet for solsystemet vårt, gjorde at han vart sett i husarrest resten av livet.

Renessansen – nye idear og kunnskap 

Galilei vart fødd i 1564, mot slutten av perioden ein kallar renessansen. Dette var ei tid då kunnskap og nye idear hadde erstatta gammal tru og overtru. Geni som Nicolaus Copernicus og Leonardo da Vinci hadde allereie gitt verda nye tankar om naturvitskap. Området som i dag vert kalla Italia, var fullt av kunstnarar, oppdagarar, matematikarar, forfattarar og oppfinnarar. Nye tankar spreidde seg som eld i tørt gras. Det folk hadde trudd på i hundrevis av år, vart diskutert på nytt. Galilei forstod at ein ikkje kan lære om naturen ved å lese gamle bøker – ein må sjå på sjølve naturen i staden.

Verka til Galilei

Galilei rakk å gjere veldig mykje i løpet av livet.

Han vart fødd i Pisa, der han studerte medisin og seinare også matematikk og filosofi. Han forska mykje på bevegelse og formulerte etter kvart lovene for korleis ting fell. Eksperimenta gjorde han ved å sleppe ting frå toppen av det skeive tårnet i Pisa.

Galilei publiserte ein artikkel om solflekkar. Her påviste han blant anna at sola roterer.

I 1623 gav Galilei ut ei bok om fysiske lover og den vitskapelege revolusjonen. Omtrent 10 år seinare publiserte han boka Dialog om dei to største verdssystema, som vart avvist av kyrkja. Etter at dei hadde sett nærmare på verka til Galilei, vart han skulda for å motseie Gud og dømd til husarrest.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Galilei blir dømd 

Galileo Galilei måtte møte hos prestane i Roma da han var 69 år gammal. Han vart forhøyrd i eit halvt år, og han måtte til slutt knele for paven og sverje på at jorda står stille, og at det er sola, stjernene og planetane som bevegar seg rundt oss. Han vart dømd til livsvarig fengsel, men paven gav han lov til å vere heime i husarrest resten av livet i staden. Etter dommen seiest det at han mumla for seg sjølv: «Ho bevegar seg likevel».

Fakta om Galilei

Sensurert

Mykje av arbeidet til Galilei vart på 1600-talet trekt tilbake og bannlyst av kyrkja. Ikke før i 1718 vart det tillate å trykkje det igjen.

Fleire oppfinningar

I tillegg til kikkertlinser og termoskopet fann Galilei opp eit geometrisk kompass, eit mikroskop og eit pendelur, og han bidrog sterkt til mange andre teknologiske oppfinningar.

Blinda av sola

Studium av solflekkane skada auga til Galilei. I 1638 vart han blind. Men med hjelp av trufaste studentar fortsette han arbeidet sitt heilt til han døydde.

Ikkje alltid rett

Nokre gongar tok Galilei skikkeleg feil. Til dømes var han ueinig med Kepler, som meinte at det var månen som skapte flo og fjære. I staden trudde Galileo at flo og fjære kom av at jorda gjekk rundt sola.

Jupiter-månane

Galilei oppdaga månane Io, Callisto, Ganymedes og Europa, som går rundt Jupiter. Sjølv kalla han dei Sidera Medicea (dei mediceiske stjernene) etter den rike italienaren Cosima II de’Medici som hadde betalt for forskinga. Først seinare vart dei kalla dei galileiske månane.

Krater på månen

Med kikkerten sin oppdaga Galilei ikkje berre dei fire største månane til Jupiter, men også krater på månen, ringane rundt Saturn, og at Merkur og Venus har fasar.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt

Galileo Galilei i eit nøtteskal

Kjelder: 

  • Universet Junior (2019)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. NutshellEdu Youtube