Landsfaderen 

På 1700-talet flytta mange britar til Amerika. Dei ønskte å ha sin eigen nasjon, utan å bli styrte av Storbritannia. Derfor gjekk dei til krig. George Washington leia den amerikanske revolusjonen. Han var den første presidenten i Amerika, og han blir derfor kalla «landsfaderen».

Mount Rushmore er eit minnesmerke i USA. Her er fire presidentar hogne ut i fjellveggen: George Washington, Thomas Jefferson, Theodore Roosevelt og Abraham Lincoln.

Mount Rushmore National Memorial, i dagligtale Mount Rushmore, er et nasjonalt minnesmerke som ligger i Keystone, Sør-Dakota, USA.
Mount Rushmore National Memorial, i dagligtale Mount Rushmore, er et nasjonalt minnesmerke som ligger i Keystone, Sør-Dakota, USA.

Barndom 

George Washington vart fødd i 1732. Familien var rik og kom frå England. Dei hadde ein tobakksplantasje der dei brukte slavar frå Amerika. George hadde ein bekymringslaus barndom, men mista faren sin då han var 11 år gammal.

George var ikkje så interessert i skulen. Han likte ikkje å lese, men han gjorde mykje praktisk arbeid på plantasjen.

Alt det praktiske han lærte, fekk han god bruk for. Spesielt etter at broren Lawrence døydde. Då arva George store landområde, og her var det mykje å gjere.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tobakkplantasje
Tobakkplantasje

Krig mellom Frankrike og Storbritannia

På 1750-talet valde George Washington å bli soldat. Han kjempa i krigen mellom Frankrike og Storbritannia. Dei kriga om kontrollen i Nord-Amerika.

Statue av George Washington i Boston, Massachusetts. ⮕

Krigen endte med siger for britane i 1763. Dei tok over kontrollen i heile Nord-Amerika.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Fedrelandet Storbritannia  

Nord-Amerika vart styrt av den engelske kongen. Kongen kravde at amerikanarane betalte skatt til fedrelandet. Dette var pengar som ofte gjekk til krig eller til kongens private bruk.

Frå protest til revolusjon 

Amerikanarane fekk ikkje lov til å bestemme kva for lover som skulle gjelde. Derfor meinte mange at lovene frå London ikkje galdt  dei. Blant dei som protesterte var gruppa «Sons of Liberty», Søner av fridom.

I 1775 starta amerikanarane ein revolusjon. Det heldt ikkje lenger å protestere. No måtte dei bruke våpenmakt. George Washington vart sjefen over hæren.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Frigjeringskrigen

4. juli 1776 skreiv amerikanarane ei sjølvstendeerklæring. Dei ønskte å frigjere seg frå Storbritannia.

Med hjelp frå franske soldatar klarte Washington å vinne eit avgjerande slag i 1781. Krigen tok slutt i 1783.

Ein ny nasjon vart fødd

Ein ny nasjon vart fødd, Dei sameinte statane i Amerika (United States of America). Grunnlova vart vedteken i 1789, og George Washington vart den første presidenten i USA.

Uavhengighetserklæringen fra 1776
Papirbakgrunn 8
Papirbakgrunn 8

Siste leveåra

George Washington står som ein av dei viktigaste presidentane i USA. Mange meiner at han er far til den amerikanske nasjonen. Han var modig, klok og elska av landet sitt.

Enkel jordeigar eller også  slavehaldar 

Washington eigde fleire store plantasjar i løpet av livet sitt. Der brukte han afrikanske slavar. Sjølv om han ikkje likte slaveri, gjorde han ingenting for å avslutte det. Sjølv ikkje då han vart president.

Historikarar meiner at Washington formelt ikkje kjempa mot slaveriet for ikkje å miste støtta frå rike jordeigarar. Dei var nemleg ein viktig base for økonomien i landet,  og utan støtte frå dei kunne han risikere å skape store konfliktar i den unge nasjonen. Engasjementet hans avgrensa seg til å underskrive Slave Trade Act i 1794, som reduserte kor mykje landet kunne delta i slavehandelen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Washington D.C. 

Hovudstaden i USA er oppkalla etter George Washington, som i 1790 utpeika dette området som den nye hovudstaden i USA. D.C er ei forkorting for «District of Columbia». Columbia er eit historisk namn for nasjonen USA, og har blitt avbilda som ein kvinneskikkelse. Opphavet til ordet «Columbia» er namnet til den italienske oppdagaren Christofer Columbus.

«Be Patriotic»-plakat frå cirka 1917-18. ⮕

District of Columbia

Kjelder:

  • Historiens største ikoner (2020)
    Orage Forlag AS
  • Thuesen, Nils Petter; Nordlie, Haavard; Skatvik, Frida; Hoprekstad, Odd Egil: Washington D.C. i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 15. mars 2021 frå https://snl.no/Washington_D.C.

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Paul Stahr / Herbert Hoover Library / National Archives and Records Administration