Kva er hygiene?

Ordet «hygiene» kjem av det greske ordet «hygieia», og det betyr ‘sunn’ eller ‘sunnheit’. I daglegtale meiner vi nok mest reinslegheit når vi bruker ordet hygiene. God hygiene motverkar sjukdom. Det er mindre sannsynleg å bli smitta eller smitte andre. Det gjer òg at vi trivst betre i kvarandre sitt selskap viss vi ikkje dunstar sveitte og har dårleg ande.

Voksen dame som ser inn i en vaskemaskin og holder seg for nesa.
Voksen dame som ser inn i en vaskemaskin og holder seg for nesa.

Handhygiene

Det er viktig å vaske hendene med såpe og vatn. Då kan vi unngå å bli smitta av sjukdommar. Vi er borti mange ting i løpet av ein dag som kan vere fulle av bakteriar. Tenk berre på eit tastatur eller ein kortterminal.

Mor står å ser på datter vasker hendene på kjøkkenet
Mor står å ser på datter vasker hendene på kjøkkenet

Personleg hygiene

Personleg hygiene handlar om vårt eige velvære og korleis vi kan unngå å smitte andre. Å dusje er bra fordi då blir støv og sveitte skylt av kroppen. For å ta vare på huda og dei bakteriane som er bra for oss, er det best å bruke ei mild (nøytral) såpe. Bruk gjerne ein fuktkrem for å verne fukta til huda.

Å lukte godt er bra for deg sjølv, men ikkje minst for dei rundt deg. Bruk deodorant eller antiperspirant for å hindre sveittelukt. Viss du bruker parfyme, så ver forsiktig. For mykje lukt kan vere ubehageleg for andre.

Puss tenner og bruk tanntråd for å fjerne matrestar, slik at du held munnhòle og tenner reine. Bruk eventuelt tyggegummi eller pastillar for å hindre vond lukt frå munnen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En gutt som tar med såpe i dusjen
En gutt som tar med såpe i dusjen

Du kan vaske på deg vond lukt

Ingen ønskjer å kjenne vond lukt frå underlivet sitt. I frykt for dette vaskar mange seg fleire gongar om dagen både for mykje og med feil såpe. Men for mykje vasking kan ha stikk motsett effekt på vond lukt. Resultatet av for mykje vask med såpe er nemleg at du vaskar bort dei naturlege bakteriane som skal vere der for å beskytte deg.

Viss dei naturlege bakteriane forsvinn, kan det komme uønskte bakteriar. Desse kan forårsake vond lukt. For å unngå dette er det tilstrekkeleg å vaske underlivet med reint vatn morgon og kveld, og ein bør unngå såpe.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Smittekjede

Smittekjeda viser korleis smitte blir overført. Vi blir utsette for mange mikroorganismar (smittestoff), slik som bakteriar og virus. For å unngå smitte frå person til person er det viktig å ha god hygiene, leve sunt og vere vaksinert.

I denne videoen “Den usynlege utfordringa” frå Folkehelseinstituttet (FHI) har dei fargelagt bakteriane slik at du kan sjå korleis dei  blir spreidde.

 

Kontaktsmitte er smitte som skjer gjennom direkte kontakt – som klem eller handtrykk. Du bør derfor vaske hendene ofte, ikkje klemme ein som er forkjøla eller drikke av same flaska som ein annan. Det er spesielt viktig å vaske hendene etter at du har vore på toalettet.

Hovudlus dukkar jamleg opp på skular og i barnehagar. Desse blir gjerne spreidde ved at ein bruker same børsten eller hovudplagget som ein med lus.

Luft- og dropesmitte skjer viss nokon nys eller hostar. På den måten blir det spreidd dropar som kan komme i kontakt med andre. Du bør derfor nyse/hoste i eit lommetørkle eller i olbogen for å hindre at dropar blir spreidde. Under koronapandemien vart munnbind brukt for å hindre slik smitte.

Mat- og vassmitte kan skje viss det er dårleg hygiene på eit kjøkken, eller viss ein bruker forureina vatn. Det er viktig å vaske hender og kjøkkenutstyr godt når du lagar mat, og du må koke vatn som ikkje er reint.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Kva er sveitte?

Mange synest det er flautt å sveitte, men det er heilt naturleg og nødvendig. Det er ikkje alltid vi merkar det sjølve, sjølv om dei rundt deg kjenner lukta. Derfor er det lurt å dusje og skifte klede etter gymtimen.

Sveitte er væske som kjem ut av sveittekjertlane i huda. Sveitten består hovudsakleg av vatn (99,5 %). Når dette fordampar, blir kroppen avkjølt. Det er ein av grunnane til at du sveittar når du trener deg varm.

Det varierer kor mykje vi menneske sveittar. I ungdomstida blir kroppen endra ganske mykje, og då kan resultatet vere at sveitteproduksjonen aukar. Sveitten i seg sjølv er nærast luktfri. Når han kjem i kontakt med bakteriar på huda, blir sveitten broten ned, og det kan bli danna vond lukt.

Det er aldri noko kjekt å vere nær menneske med sterk sveittelukt. Ein deodorant eller antiperspirant kan vere til nytte for å redusere sveittelukt.

Mange er også plaga med fotsveitte (tåfis). Vask føtene, og skift sokkar og sko. Bruk gjerne naturmaterial (bomull og ull) framfor syntetiske produkt som plast. Det kan vere lurt å ta føtene ut av skoa for å lufte dei. Det finst både spray og spesielle solar som motverkar dårleg lukt i sko.

Denne videoen fortel på engelsk kva sveitte er og kvifor vi sveitter. Du kan få norsk undertekst ved først å trykke på teksting (den kvite firkanten nede i høgre hjørne) og så på tannhjulet. Der vel du omsetjing, omset automatisk, norsk. Stopp videoen mens du gjer innstillingane.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Vi ser bare halve ansiktet til en ung mann som svatter.
Vi ser bare halve ansiktet til en ung mann som svatter.

Dårleg ande

Mange blir plaga av vond lukt frå munnen. Det blir kalla dårleg ande. Den viktigaste årsaka til dårleg ande er at vi produserer for lite spytt. Om natta lagar vi mindre spytt, og vi vaknar gjerne med vond smak i munnen. Viss ein er tett i nasen, vil ein puste meir gjennom munnen, og det vil òg gjere at vi blir tørrare i munnen.

Mellom tennene kan det bli liggande matrestar. Dette kan føre til dårleg lukt. I groper i tunga kan det òg bli liggande bakteriar som skaper vond lukt. Når ein er sjuk eller bruker medisinar, kan dette nokre gongar gi dårleg ande.

Nokre tips for å unngå dårleg ande:

  • Puss tennene og tunga godt. Kanskje ta med tannbørste på skulen?
  • Bruk tanntråd for å fjerne matrestar mellom tennene.
  • Drikk mykje vatn.
  • Sukkerfri tyggegummi eller pastillar aukar spyttproduksjonen.
  • På apoteket kan du kjøpe tablettar som kan hjelpe mot dårleg ande.
  • Røyking og snusing kan gi dårleg ande.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Mann lukter på ånden hans
Mann lukter på ånden hans

God hygiene gir betre helse

Det er mykje helse i eit stykke såpe. Det å ha god hygiene kan føre til at vi får færre sjukdommar. Under koronapandemien vart vi mykje flinkare til å vaske hendene. Det førte til at vi fekk færre andre sjukdommar. I andre land ser vi at god (hand)hygiene er viktig for å unngå til dømes kolera.

Verdshelseorganisasjon (WHO) har saman med UNESCO funne ut at det å ha god handhygiene reduserte fråvær i skulen med mellom 21 og 61 prosent!

WHO vart oppretta 7. april 1948 og arbeider for å betre helsetilstanden til verdas befolkning. Datoen er derfor blitt vald til å vere Verdas helsedag.

Kva slags helse ein har, er avhengig av mange faktorar. Det kan vere dårleg tilgang på mat, reint vatn, lege og medisinar. Andre område kan vere helseskadelege på grunn av forureining. Nokre har dårleg helse på grunn av livsstilen sin. Dei får det vi kallar livsstilssjukdommar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
jente tar antibach på skolen
jente tar antibach på skolen

Berekraftsmåla til FN

Berekraftsmåla til FN skal gjelde fram mot år 2030 og har som mål å utrydde fattigdom, bekjempe ulikskap og stoppe klimaendringane.

Mål nummer 3: Sikre god helse og fremje livskvalitet for alle, uansett alder.

For å nå dette målet har det blitt sett opp nokre delmål. Delmåla handlar blant anna om

  • å redusere spedbarnsdødelegheit i verda
  • å stanse epidemiar av korona og andre farlege sjukdommar
  • å forebygge misbruk av narkotika og alkohol
  • å styrke førebygging av tobakkskadar
  • å halvere talet på dødsfall og skadar forårsaka av trafikkulykker
  • å sikre tilgang til trygge helsetenester, medisinar og vaksinar
  • å redusere talet på dødsfall og sjukdomstilfelle forårsaka av forureining
  • å støtte forsking om og utvikling av vaksinar og medisinar for sjukdommar som primært rammar fattige land
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images – Folkehelseinstituttet (FHI)
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images – TED-Ed – YouTube
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
Close Icon

Loading...