Guten med blikket vendt ned

I denne forteljinga møter vi ein ung gut som har det vanskeleg. Han har vakse opp med rusmisbruk i familien, og kjenner derfor godt til dei negative følgjene rusmisbruk får for både den som rusar seg og dei rundt. Trass i dette vurderer han sjølv å ruse seg. Kva trur du guten vel å gjere?

Accessibility icon Guten med blikket vendt ned

Ei flukt frå røyndommen

Han var så lei. Lei av bråket heime. Lei av brøling, kjefting, sår gråt. Lei av søvnlause netter. Lei av å vandre skjult i mørke nattegater. Lei av endelause skuletimar med hovudet planta på pulten. Lei av å skulke. Lei av å vere åleine. Lei av å vere saman med folk som eigentleg ikkje såg han. Lei av å gruble. Lei av å kjenne. Lei av alt, eigentleg.

Akkurat no var han mest lei av å sitje på hard, kald asfalt. Å gå heim igjen var likevel ikkje eit alternativ. Han orka ikkje å tenkje på kva som ville møte han. Han prøvde heller å finne ei betre sitjestilling, men til inga nytte. Murveggen bak han og asfalten under han heldt fram med å vere iskalde og steinharde. Ingen var meinte å bruke nettene i oktober ute i hettegenser, utan jakke.

Om han berre hadde noko å varme seg på. Noko som fjerna kulda på utsida, fylte hola på innsida og lét han heve hovudet, sjå andre rett i auga, kjenne seg heil, like god, eller til og med betre.  

Han visste jo det. Han visste kvar han fekk tak i det. Og han visste prisen. Skulle han? Han hadde prøvd før, og kjende suget. Suget etter varmen som spreidde seg i kroppen. Den plutselege sjølvtilliten. Lykkerushet. Eit hjarte som banka så fort og så hardt at det kjendest som om det skulle hoppe ut av kroppen. Og ikkje minst; ei sårt trengd flukt frå røyndommen. Ein pause. Eit vindauge inn i eit anna liv – eit som ikkje kjendest som hans. 

Men så var det nedturen etterpå, da. Tomheita. Nervane. Angsten. Og ikkje minst – sjølvhatet.

For å ikkje snakke om livet vidare. Medan far hans drakk, hadde han ein onkel som føretrekte pulver og pillar. Han visste kvar det bar for den som trudde livet vart betre med rus. Han hadde sett det gjennom heile barndomen. Rusen vart berre tommare og tommare, medan vala i livet vart dårlegare og dårlegare. Rusen øydela både onkelen og faren, bit for bit. Og alle rundt dei gjekk med i dragsuget, barn som vaksne. Vald, sinne, frustrasjon, redsle, sorg. Men kanskje aller verst – uvisse. Når onkelen kom på besøk, visste ingen kva som ville skje, kva slags lune han var i, kva ein skulle seie og gjere – og ikkje seie og gjere – for å late vere å trigge han. Rus øydela alt.    

Men akkurat no var natta for kald, einsemda for stor og livet for jævlig. Skulle han?

Kva trur du guten vel, og kvifor?

Bilde- og videorettar:

    1. Midjournay
    2. Midjournay
    3. Midjournay
    4. Midjournay