Historia til demokratiet: Noregs frigjering

Noreg har ikkje alltid vore sjølvstendig. Korleis kom Noreg seg ut av fleire unionar og enda opp med eiga grunnlov?

Accessibility icon Historia til demokratiet: Noregs frigjering

Fjerde del

Dette er den fjerde av fire delar i artikkelserien om demokratiets historie. Med idear frå opplysingstida og historiene frå Napoleonskrigene i Europa begynte nasjonalkjensla å vekse i Noreg. I denne fjerde og siste delen om historia til demokratiet kan du lese om unionsoppløysinga og korleis Noreg fekk si eiga grunnlov etter ein svært kort krig mot Sverige.

Se heile serien her

Bilde generert av kunstig intelligens. Norsk natur med småbruk ved vannet.

Danmark-Noreg på 1700-talet

Noreg var i union med Danmark frå 1380. Det betyr at Danmark og Noreg var eitt land og at danskane styrte landet.

Tegning av bergen mens Norge lå under Dansk styre
Tegning av bergen mens Norge lå under Dansk styre

Union med Sverige

Sverige hadde støtta Storbritannia mot Napoleon. Sidan dei var med på å overvinne Napoleon, ønskte dei å få noko til gjengjeld.

 

Sverige ønskte seg Noreg. Sjølv hadde dei måtte gi frå seg Finland til Russland. I Kiel i Tyskland vart det underteikna ein avtale som vart kalla Kielfreden. Der stod det at Danmark gav frå seg Noreg til kongen av Sverige. Noreg kom då i union med Sverige.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gammelt kart av Norge og Sverige i union
Gammelt kart av Norge og Sverige i union

Opprør i Noreg

Under Napoleonskrigene hadde nordmennene måtte klare seg mykje åleine. Dette gjorde at nordmennene ikkje ønskte å vere i union med nokon. Dei ville ha eit eige land som dei styrte sjølve. Eit land som var fritt og sjølvstendig.

At Noreg vart gitt til Sverige, førte til opprør i Noreg. Den danske kronprinsen Christian Frederik stilte seg i spissen. Han ønskte at Noreg og Danmark framleis skulle vere samla. Han innkalla til eit møte for stormenn på Eidsvoll.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Maleri av Christian Frederik i gullramme på kongelig tapet.
Maleri av Christian Frederik i gullramme på kongelig tapet.

Folket skal bestemme

Stormennene som samla seg der, hadde godt kjennskap til både den amerikanske og den franske revolusjonen. Dei kjende òg til tankane som opplysningsfilosofane hadde hatt. Dei meinte at folket burde ha makta i eit land.

Dei meinte at det norske folket skulle bestemme kven som skulle styre i landet, ikkje danskane eller svenskane. Svenskekongen Karl Johan var framleis i krig mot Napoleon. Dei kjende det hasta med å få laga ei norsk grunnlov. I tillegg til å få valt ei riksforsamling. Dette før han var tilbake og offisielt kunne lage union av Noreg og Sverige.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Grunnlova

I 1814 møttest 112 menn frå fleire delar av Noreg på Eidsvoll. Dei var den første riksforsamlinga i Noreg. Dei skulle lage grunnlova vår.

Dei foreslo at Noreg skulle ha ein konge, men at kongen ikkje skulle ha mykje makt. Alle skulle få rett til å seie og skrive kva dei ville.

Dei meinte òg at Noreg skulle ha frie domstolar. Berre Stortinget kunne lage lover og bestemme kor mykje skatt som skulle betalast. På Stortinget skulle det vere representantar som var valde av folket.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Den norske grunnloven svevende i skyene omringet av lyn og sterke lysstråler
Den norske grunnloven svevende i skyene omringet av lyn og sterke lysstråler

Grunnlova blir underteikna

Etter diskusjonar og avstemmingar vart dei til slutt samde om korleis den norske grunnlova skulle vere. Dei underteikna den 17. mai 1814. 17. mai har derfor vorte nasjonaldagen vår. Christian Frederik, den danske kronprinsen, vart vald til konge.

Grunnloven blir utformet 1814
Grunnloven blir utformet 1814

Sverige ville ha Noreg

Den svenske kongen, Karl Johan, ønskte framleis Noreg som påskjønning etter kampane mot Napoleon. Han fekk støtte av stormaktene Russland og Storbritannia. Dei ville at Christian Frederik skulle abdisere, altså gå av som konge.

Nordmennene ønskte framleis at Christian Frederik skulle vere konge. Dei ville ikkje vere i union med Sverige. Det braut derfor ut ein svært kort krig mellom Noreg og Sverige. Krigen varte berre nokre veker sommaren 1814.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tegning av den svenske kongen Karl Johan
Tegning av den svenske kongen Karl Johan

Forhandlingar og fred

Christian Fredrik, Noregs konge, skjønte at krigen ikkje kunne vinnast. Hovudgrunnen var manglande mat og utstyr til dei norske soldatane. Det vart våpenkvile 5. august. Svenskekongen kom med eit overraskande forslag. Noreg kunne behalde grunnlova si i ein union med Sverige. Forhandlingane heldt fram. Landa vart samde og skreiv under på ein avtale i Moss. Avtalen vart derfor kalla Mossekonvensjonen.

Mossekonvensjonen sa korleis forholdet skulle vere mellom Noreg og Sverige i unionen. Sverige skreiv under på godkjenning av grunnlova. Christian Frederik måtte gå av som konge.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mossekonvensjonen på et trebord omringet av røyk og flammer
Mossekonvensjonen på et trebord omringet av røyk og flammer

Den norske grunnlova

Grunnlova sa mykje om korleis Noreg skulle styrast. Noreg skulle vere eit monarki – eit kongedømme – der kongen delte makta med ei riksforsamling.

Riksforsamlinga laga lovene. Ei regjering sørgde for at lovene vart sette i verk. Alle menn over 25 år fekk stemmerett. Det var dersom dei hadde budd fem år i landet og hadde inntekt dei skatta av. I 1898 fekk alle menn stemmerett. Kvinnene fekk ikkje stemmerett før i 1913.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Grunnloven av 1814
Grunnloven av 1814

Eit fritt demokrati

Unionen med Sverige varte til 1905. Etter då har Noreg vore eit sjølvstendig og fritt rike. Med unntak av den tyske okkupasjonen under andre verdskrigen.

📷  Frå kransenedlegginga ved Christian Frederik-statuen på Eidsvolls plass 17. mai 2015.

I dag vel vi kvart fjerde år kven som skal styre landet. Noreg er eit demokrati. Det betyr folkestyre. På skulen har du elevråd. Det er òg ei form for demokrati. Der kan elevane vere med på å bestemme korleis skulen skal vere.

Demokratiforma i Noreg blir kalla parlamentarisme. Det vil seie at dersom Stortinget meiner regjeringa gjer dei oppgåvene som Stortinget har vedteke, lèt dei regjeringa få sitje.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fra kransenedleggelsen ved Christian Fredrik-statuen på Eidsvolls plass 17. mai 2015
Fra kransenedleggelsen ved Christian Fredrik-statuen på Eidsvolls plass 17. mai 2015

Kan vi ta demokratiet for gitt?

Dagens demokrati har hatt litt av ei reise, og demokratiet bør ikkje bli sett på som noko sjølvsagt. Men kor sårbart er demokratiet i dag? Er det farar som kan true demokratiet vårt?

Dette kan du lese meir om i denne artikkelen:

Kjelder:

  • Hovde, Kjell-Olav; Svensson, Palle; Thorsen, Dag Einar: demokrati i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 6. juli 2022 frå https://snl.no/demokrati

Bilde- og videorettar:

    1. Dall-E 2
    2. Offentlig eiendom
    3. Offentlig eiendom/Pixabay.com
    4. Offentlig eiendom/Getty Images
    5. Getty Images
    6. Offentlig eiendom/Pixabay.com
    7. Offentlig eiendom
    8. Offentlig eiendom
    9. Offentlig eiendom/Yngvar Nielsen/Pixabay.com
    10. Vidar M. Husby/Stortinget
    11. Stortinget
    12. Pixabay.com