Historia til demokratiet: Revolusjonane

Demokratiet har ikkje oppstått av seg sjølv. Tankar om endring har ført til store revolusjonar fleire stader i verda, men korleis skjedde dette?

Accessibility icon Historia til demokratiet: Revolusjonane

Andre del

Denne artikkelen er den andre av fire delar i artikkelserien om historia til demokratiet. I denne artikkelen skal vi sjå på korleis tankane frå opplysningsfilosofane spreidde seg til andre land, og var med på å starte fleire revolusjonar.

Se heile serien her

AI-generert bilde av en revolusjon. Kamper i gatene

Den amerikanske revolusjonen

Det var ikkje berre i Frankrike at folket hadde lite makt. Slik var det i dei fleste land i Europa på 1600- og 1700-talet. Menneske frå fleire europeiske land emigrerte til Nord-Amerika. Dei reiste fordi dei levde i stor fattigdom i sitt eige land, eller fordi dei vart forfølgde på grunn av den religiøse trua si.

Kolonisering

Mange emigrantar busette seg med andre frå same land. Dette blir kalla ein koloni. Det oppstod ein del krigar mellom koloniane, særleg mellom engelskmenn og franskmenn. I løpet av 1700-talet klarte Storbritannia å erobre Canada og delar av Louisiana frå Frankrike. Dette førte til at Storbritannia styrte Nord-Amerika.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Skip med innvandrere på vei inn til New York.
Skip med innvandrere på vei inn til New York.

USA blir danna

Folketalet i dei britiske koloniane hadde auka frå 200 000 menneske i 1690 til nærare 2,5 millionar menneske i 1765. Mange av innbyggjarane hadde aldri vore i England. Dei følte seg likevel britiske. Kongen i England trong pengar til krig og til eigen luksus. Han kravde dermed skatt frå koloniane. Dei syntest det var blodig urettferdig og starta opprør.

Dei 13 britiske koloniane slo seg saman og kalla seg USA – United States of America (Dei sameinte amerikanske statane). Representantar frå dei ulike statane gjekk saman og skreiv «Sjølvstendeerklæringa». Der står det mellom anna at koloniane skal vere lausrivne frå Storbritannia.

Sjølvstendeerklæringa enda med krig mellom koloniane og Storbritannia.

Les meir om Den amerikanske revolusjonen her.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Fjærpenn som ligger på den amerikanske uavhengighetserklæringen.
Fjærpenn som ligger på den amerikanske uavhengighetserklæringen.

Krig i Amerika

Frankrike vart med i krigen på koloniane si side i håp om å få større innverknad i Nord-Amerika.

George Washington var hærføraren til koloniane. Sjølv om det var vanskeleg å kjempe mot britiske soldatar, førte Washington dei amerikanske koloniane til siger. I 1783 vart koloniane sjølvstendige, og George Washington vart USAs første president.

Fordele makta

Tankane frå opplysningsfilosofane vart brukte for å organisere USA. Makta vart fordelt slik Montesquieu hadde beskrive i maktfordelingsprinsippet. Dei fekk ei lovgivande, ei utøvande og ei dømmande makt.

AI-generert bilde av et slag under frigjøringskrigen i USA.
AI-generert bilde av et slag under frigjøringskrigen i USA.

Ikkje full fridom

Likevel var det mange som ikkje fekk lov til å vere med å bestemme korleis dei sameina statane i Amerika skulle bli styrte. Ein måtte vere kvit mann å ha eigedom og for å få lov til å stemme. Det var derfor mange som ikkje hadde stemmerett.

📷  Kart over dei første 13 amerikanske statane i 1783 etter frigjeringskrigen.
Bilde av kart over de første statene i USA på murbakgrunn.
Bilde av kart over de første statene i USA på murbakgrunn.

Starten på Den franske revolusjonen

Krigen mot britane i Amerika hadde kosta mykje pengar. Den franske kongen meinte derfor at bønder og andre fattige måtte betale meir i skatt. Han ønskte støtte frå dei ulike stendene. Stendene var ulike grupper i samfunnet. Det fungerte som ein stige, der dei rikaste var øvst, og dei fattige var nedst.

Stendene var ikkje samde om korleis val skulle gå føre seg. Første- og andrestanden var redde for at tredjestanden skulle få for mykje makt, for dei var flest. Dei rikaste var imot alle ordningar der tredjestanden kunne få fleirtal. Det enda med at tredjestanden utpeika seg sjølv som nasjonalforsamlinga i landet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Louis XVI kommer tilbake fra Versailles til Paris
Louis XVI kommer tilbake fra Versailles til Paris

Revolusjon!

Kongen sa at tredjestanden ikkje hadde lov til å utpeike seg til nasjonalforsamling. Tredjestanden sa dei ikkje ville gi seg. Dei ønskte store forandringar, og dei kravde at det skulle skje raskt.

Det heile enda med ein stor revolusjon. Innbyggjarne i Paris kjempa mot soldatane til kongen. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
AI-generert bilde av kamper under den franske revolusjonen i gatene i Paris.
AI-generert bilde av kamper under den franske revolusjonen i gatene i Paris.

Fridom, likskap og brorskap

Folka ville ikkje at adelen skulle behalde dei fordelane og privilegia dei hadde hatt. Alle skulle få fridom til å ta det arbeidet dei ønskte, og dei skulle ha like moglegheiter, uansett kven dei var. Kongen skulle få noko makt, men ikkje like mykje som før.

Slagordet for revolusjonen vart «fridom, likskap og brorskap».

Staten skulle beskytte innbyggjarane og sørgje for at ingen vart sette i fengsel utan lov og dom. Dette var nytt.

I menneskerettserklæringa stod det at alle var frie og hadde dei same rettane. Folket skulle bestemme. Ingen skulle bli forfølgde på grunn av  meiningane sine, og alle kunne snakke, skrive og utgi dette fritt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
AI-generert bilde av kamper fra gatene i Paris.
AI-generert bilde av kamper fra gatene i Paris.

Maktkampar

Fridommen til mennesket og måtar å fordele makt på vart viktige punkt for både amerikanarane og franskmennene. Samtidig er det ikkje alltid at ting blir bra med ein gong. Eit samfunn bruker gjerne litt tid på å endre seg.

I den tredje delen om  historia til demokratiet får du lese om kva som skjedde då Napoleon Bonaparte fekk makta i Frankrike.

Les tredje del av Historia til demokratiet: Maktkampar

Kjelder:

  • Knudsen, Olav Fagelund; Hansen, Ketil Fred; Ryste, Marte Ericsson; Hovde, Kjell-Olav; Steen, Tone; Greve, Timkolonialisme i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 7. mars 2023 fra http://snl.no/kolonialisme

Bilde- og videorettar:

  1. Midjourney
  2. Getty Images – YouTube
  3. Getty Images
  4. Midjourney
  5. Offentlig eiendom/Pixabay.com
  6. Getty Images
  7. Midjourney
  8. Midjourney
  9. Getty Images
  10. Midjourney