Historia til juletreet
Juletreet er for mange ein koseleg juletradisjon. Men kvifor begynte ein med å ta eit grønt tre inn i husa?
Treet som viktig symbol
Treet har gamle symbolske røter i mange kulturar. I norrøn mytologi var verdstreet Yggdrasil viktig. Det symboliserte liv når resten av naturen sov vintersøvnen sin.
Hender som holder et spirende furutre ute i naturen
Grøne vekstar blei viktig pynt
Når vikingane hadde juleblot pynta menneska husa med gran, einer, furu og kristtorn. Dei grøne vekstane skulle verna dei mot vonde ånder. Vikingane trudde at det levde overnaturlege vesen mellom greinene, og dei tok dei inn så dei ikkje skulle frysa om vinteren.
Julekrans lagt på en tre bakgrunn
Tradisjonen med juletre
Tyskarane begynte å pynta juletre allereie på 1500-talet. Det første juletreet som blei pynta i Noreg, var hos ein familie i Christiania i 1822. Dei hadde besøkt nokre slektningar i Tyskland, og sett juletreet der. Dei likte skikken godt og tok han med heim. Få år seinare følgde fleire etter. Tradisjonen med juletreet starta først hos prestar, lærarar og dei rikaste. Etter kvart spreidde tradisjonen seg til heile folket.
Ein heidensk skikk
Ikkje alle såg med blide auge på den nye skikken. Fleire meinte at det var ein heidensk tradisjon som braut med den kristne trua. Andre såg på det grøne treet som eit symbol på evig liv, som er sentralt i kristendommen. Slik blei juletreet ein av dei viktigaste juletradisjonane våre.
Illustrasjon av et juletre som har falt
Levende lys på juletre som blir tent på
Og høgt i toppen den blanke stjerna
Det mest vanlege har vore å ha ei stjerne i toppen av treet. Stjerna skal minna om stjerna som skein over stallen i Betlehem, der Jesusbarnet blei fødd. Dei første stjernene blei laga av sølvpapir eller sølvglitter.
Pynt til å ete
Den eldste juletrepynten var kaker og eple. Søtsaker som nøtter, rosiner eller tørka frukt blei lagd i julekorger laga av papir. 6. juledag kunne ein forsyna seg av den etelege pynten på treet.
Julebakst lagt ut på et tre bord
Juletrepynt
Glitter er også blant den eldste pynten. Det blei brukt i Frankrike allereie på 1500-talet.
Annan pynt som var vanleg å henga på treet var blomstrar av papir, og stjerner og krossar av tinn. Glaskuler og figurar i ulike fasongar blei også populært. Å henga flagg på treet blei etter kvart også vanleg. Noko seinare laga ein fletta korger og papirlenker. Etter kvart som mange fekk betre økonomi, blei meir og meir av julepynten kjøpt.
⬅ Illustrasjon av Dronning Victoria av England, Prins Albert og barnet deira, desember 1848.
Livet i juletreet
Når skal ein pynta treet?
I Noreg skulle ein eigentleg pynta treet den 23. desember. Det var eit teikn på at julehøgtida starta. I vår tid har treet blitt pynta stadig tidlegare.
I dag deltek ofte heile familien i pyntinga, men slik har det ikkje alltid vore. På 1800-talet var det vanleg at dei vaksne tok seg av pyntinga. Barna såg ikkje treet før lysa var tende.
To barn som velger ut et juletre
Juletrefest
Tradisjonen med juletrefest starta i Noreg på midten av 1800-talet. Det var lærarar og prestar som gjorde tradisjonen kjend overalt. Den første kjende juletrefesten var i Studentersamfunnet i Christiania (Oslo) i 1840-åra. På 1900-talet blei det vanleg at nissen dukka opp på festen med godteri eller gåver til barna.
Juletrefest i 1969
Grana til London
Illustrasjon av en familie som går rundt et juletre av Viggo Johansen
Kjelder:
- Magisk jul (2020)
Orage Forlag AS
- Juletradisjoner (06.11.2020): Juletreet
http://www.juletradisjoner.info/juletreet.html
- Stovner, Ina Louise: juletre i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 6. november 2020 fra https://snl.no/juletre
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
The Webster Museum
-
NRK Skole
-
Oslo museum
-
NRK Skole
-
Viggo Johansen
-