Huda – vårt største organ

Huda er vernet ditt mot verda utanfor. Ho er tynn, tjukk, følsam og slitesterk – og mykje meir.

Accessibility icon Huda – vårt største organ

Eit stort organ  

Vi tenkjer kanskje ikkje over det, men huda er det største organet i kroppen. Viss huda vart bretta ut til ei flate, ville ho ha vore cirka 1,6 kvadratmeter stor og ha vege rundt 3 kilo. Huda er både sterk og elastisk og har mange livsviktige funksjonar.

Nærbilde av huden på en hånd
Nærbilde av huden på en hånd

Huda har tre lag 

1. Overhuda (epidermis)

Dette er det øvste, beskyttande laget. Det er vasstett og beskyttar kroppen mot ultrafiolette strålar. Slike strålar kan auke risikoen for kreft. Overhuda er med på å regulere kroppstemperaturen, og ho beskyttar også kroppen mot virus og bakteriar. I løpet av tre til fire veker vert overhuda fornya.

2. Lêrhuda (dermis)

Lêrhuda er det største hudlaget og sørgjer for at huda er smidig og sterk. Her ligg hårrøter, nervar og sveittekjertlar. Lêrhuda er rikt forsynt med blodårer som går både djupt og breitt.

3. Underhuda (subcutis)

Underhuda består av feitt og bindevev. Fordelinga av feitt er forskjellig på kvinner og menn. Feittlaget sørgjer for at vi held på kroppsvarmen og beskyttar knoklar og musklar mot skade. Det er også her kroppen lagrar feittet som vi bruker til energi.

4. Nerveendar

Nerveendane ligg heilt ytst i huda. Dei registrerer temperatur, berøring, smerte og kløe. Nerveendane har ei livsviktig oppgåve med å beskytte oss. Dei gir beskjed viss vi til dømes brenner oss på fingeren, og dei får oss til å trekkje armen til oss i refleks.

5. Sveittekjertel

Sveittekjertlane skil ut sveitte når kroppstemperaturen blir for høg. Når huda blir våt av sveitte, blir ho nedkjølt. Sveittekjertlar ligg i underhudsfeittet, og opningar i overflata til huda slepper ut sveitten. Opningane i huda kallar vi porar. Det finst fleire ulike typar sveittekjertlar over heile kroppen.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Anatomi av huden
Anatomi av huden

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!