Huda – vårt største organ

Huda er vernet ditt mot verda utanfor. Ho er tynn, tjukk, følsam og slitesterk – og mykje meir.

Accessibility icon Huda – vårt største organ

Eit stort organ  

Huda er det største organet. Om huda vart bretta ut, ville ho vere cirka 1,6 kvadratmeter stor og vege rundt 3 kilo. Huda er sterk og elastisk, og ho er livsviktig.

Nærbilde av huden på en hånd
Nærbilde av huden på en hånd

Huda har tre lag 

1. Overhuda (epidermis)

Dette er det øvste og beskyttande laget. Det er vasstett og beskyttar kroppen mot ultrafiolette strålar. Slike strålar kan auke risikoen for kreft. Overhuda regulerer kroppstemperaturen, og ho beskyttar kroppen mot virus og bakteriar.

2. Lêrhuda (dermis)

Lêrhuda sørgjer for at huda er smidig og sterk. Her ligg hårrøter, nervar og sveittekjertlar. Lêrhuda er full av blodårer.

3. Underhuda (subcutis)

Underhuda består av feitt og bindevev. Feittlaget held på kroppsvarmen og beskyttar knoklar og musklar mot skade. Det er også her kroppen lagrar feittet vi bruker som energi.

4. Nerveendar

Ytst i huda ligg noko vi kallar nerveendar. Dei registrerer temperatur, berøring, smerte og kløe. Nerveendane er livsviktige for oss. Dei gjev beskjed viss vi for eksempel brenner oss på fingeren. Dei får oss til å trekkje til oss armen i refleks.

5. Sveittekjertel

Sveittekjertlane skil ut sveitte når kroppstemperaturen blir for høg. Når huda blir våt av sveitte, vert ho nedkjølt. Sveittekjertlane ligg i underhudsfeittet, og sveitten kjem ut gjennom opningar i overflata til huda.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Anatomi av huden
Anatomi av huden

Meir om sveitte

  • Sveitte består av vatn og litt salt.
  • Under ekstreme tilhøve kan eit menneske sveitte nesten 10 liter pr døgn.
  • I armholene og lysken, som er mellom beina, finst det spesielle sveittekjertlar. Dei blir aktive først ved puberteten.
  • Fersk sveitte er omtrent luktfri. Men det tek ikkje lang tid før bakteriar skaper ei stram lukt.
  • Sveitte fungerer også som sosiale og seksuelle signal. Men dette veit vi framleis lite om.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Svette
Svette

Hår, talg og gåsehud

Hår vert danna i hårsekken i huda. Det består av døde celler som vert skuva opp gjennom huda. Øvst i kvar hårsekk er det festa ein taglkjertel. Her vert det produsert talg, som er eit feittstoff. Talgkjertlane set gjerne i gong for fullt i puberteten. Talgen følgjer med hårstrået opp til hudoverflata og lagar kviser.

Til kvar einaste hårsekk er det også festa ein bitte liten muskel. Når han vert samantrekt, får det håret til å reise seg. Det er det som skjer når vi får «gåsehud».

Anatomi av hår
Anatomi av hår

Kjenslevare stader 

I mellomlaget til huda, lêrhuda, finst såkalla «kjenslepunkt». Dei reagerer på berøring, trykk og smerte. Huda i ansiktet, på hendene, føtene, kjønnsorgana og brystvortene er meir kjenslevar enn huda på andre delar av kroppen. Det er fordi huda her har ekstra mange punkt som kan registrere kjensler.

Hånd i en bøtte med isbiter
Hånd i en bøtte med isbiter

Huda fortel

Huda reagerer også på korleis vi føler oss. Det er fordi blodårene og kjertlane vert påverka av den delen av hjernen som styrer kjenslene. Du har kanskje kjent at du begynner å raudne eller sveitte i ein pinleg eller nervøs situasjon. Auka sveitte gir deg klamme hender, og du raudnar fordi ekstra blod strøymer ut mot huda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ung kvinne som gjemmer ansiktet i hendene sine
Ung kvinne som gjemmer ansiktet i hendene sine

Lukta av kjærleik

Huda spelar også ei viktig rolle når to menneske blir forelska. Vi sender ut ulike signal for å tiltrekkje oss ein aktuell kjærast eller partnar. Det handlar ofte om utsjånad eller lukt. I vår moderne kultur er naturleg hud og lukt eit signal om at ein er «ustelt». Derfor bruker vi sminke, deodorant og sjampo.

Ung mann som sprayer seg med parfyme
Ung mann som sprayer seg med parfyme

Born av regnbogen

I huda finst det eit fargestoff vi kallar pigment. Dette kan gje brune, raude eller gule fargetonar til huda. Hudfargen du får, er bestemt av gen – det medfødde arvestoffet ditt – og kor mykje sollys huda får. Solstrålane får huda til å produsere melanin, som beskyttar huda mot kreftframkallande strålar. Mykje melanin gjer at huda blir mørkare.

Nokre stader på huda samlar det seg meir pigment. Desse pigmentflekkane kallar vi frekner. Dette varierer frå person til person.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Barnehender med forskjellige etnisitet
Barnehender med forskjellige etnisitet

Kjelder:

  • Langeland, Tor: huden i Store medisinske leksikonsnl.no.
    Henta 17. februar 2021 frå
    https://sml.snl.no/huden  
  • Ny vitenskap om kroppen (2019)
    Orage AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images / NRK Skole
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images / AsapSCIENCE – YouTube
    7. Getty Images
    8. Getty Images / NRK Skole