I verste fall

Kva kan eigentleg skje viss ein blir teken for å drikke alkohol før ein fyller 18 år? Kva gjer eigentleg politiet viss dei møter ein rusa ungdom? Kan ein hamne i fengsel viss ein blir teken med brukardose på seg?

Det er ikkje lett å finne svar på alle spørsmål som dukkar opp, for det finst mykje feilinformasjon der ute. La oss sjå nærare på dei norske lovene, for å finne ut kva som er det verste som kan skje.

18-årsgrense

I alkohollova står det kven som har lov til å kjøpe alkohol i Noreg, og kven ein kan selje, gi eller servere alkohol til. Det er ulovleg å kjøpe alkohol viss ein er under 18 år, og ein kan ikkje selje eller servere alkohol til nokon under 18 år. 

Viss ein gir alkohol til ein som er under 18 år, bryt ein altså lova og kan straffast for det.

20-årsgrense

Viss ein skal kjøpe alkohol med 22 volumprosent eller meir, må ein ha fylt 20 år. Det er ulovleg å selje eller gi nokon under 20 år denne typen alkohol. Grunnen til at sterkare alkohol har ei høgare aldersgrense, er at den raskare gir oss høg promille.

Høg promille påverkar korleis vi oppfører oss og kor raskt vi reagerer på ting. Derfor er det også straffbart å køyre bil viss ein har promille. Kjønn og storleik på kroppen er også med på å påverke kor høg promille ein får.

Det er stor forskjell på alkohol med 4,5 % og 40 %. Du kan bli litt brisen av eit glas øl, men eit glas sprit kan gjere deg så full at du ikkje klarer å ta vare på deg sjølv. 

Viss ein bryt alkohollova, kan ein straffast med bøter eller fengsel i inntil seks månader. Ved grove lovbrot kan ein få fengselsstraff på opptil to år.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Under 18 år

Det er ikkje ulovleg å drikke alkohol sjølv om ein er under 18 år, og du får ikkje bot eller anna straff viss du drikk alkohol før du fyller 18. Det er den som har gitt deg alkohol som har brote lova, og som kan straffast for det.

Likevel kan politiet gripe inn viss dei kjem over ungdom som drikk alkohol. Viss politiet oppdagar ein fest med mange svært unge menneske, vil dei stoppe festen. Dersom politiet spør kvar du bur og kor gammal du er, er du nøydd til å svare.

 Politiet kan også kontakte foreldra dine eller køyre deg heim viss du er rusa. Dersom politiet er veldig bekymra for nokon, kan dei kontakte barnevernet eller andre offentlege instansar slik at ungdommen får den hjelpa og oppfølginga hen treng.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kvifor har vi aldersgrense for alkohol?

Aldersgrensa på alkohol er sett til 18 år for å verne barn og unge. Alkohol kan påverke utviklinga av hjernen, og hjernen vår er ikkje ferdig utvikla før vi er 25 år. Når vi drikk, får vi dessutan dårlegare evne til å konsentrere oss, vi mistar kontroll over kroppen og tek dårlegare val. 

Vi kan lettare skade oss i ulykker, eller gjere ting vi angrar på, når vi har drukke alkohol. Vi er også meir sårbare for vald eller overgrep.

Studiar viser at ein som regel drikk mindre alkohol som vaksen til seinare ein byrjar. Viss ein byrjar tidleg, er det større sjanse for at ein får alkoholproblem når ein blir vaksen. Vi har aldersgrenser for kjøp, sal og servering av alkohol for å verne unge mot slike negative konsekvensar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bevisstgjering

Ein blir ikkje straffa for å drikke alkohol før ein er 18 år, for det finst betre måtar å hindre at det skjer igjen. Å snakke saman og reflektere saman kan ofte ha ein sterkare og meir varig effekt enn straff. Det å lære å tenkje sjølv er vanlegvis det beste.

Ulovlege rusmiddel

Som du sikkert skjønner, er ulovlege rusmiddel ulovlege. Det finst mange ulike rusmiddel, til dømes cannabis (hasj og marihuana), GHB, amfetamin/metamfetamin, ecstasy/MDMA, kokain, heroin, fleinsopp og LSD. I Noreg er det straffbart å bruke, rå over, kjøpe, selje, oppbevare og smugle ulovlege rusmiddel.

Å bruke narkotika

Viss ein bruker narkotika, bryt ein legemiddellova, og ein kan bli straffa med bøter eller fengsel i inntil 6 månader, eller begge deler. 

Ungdom under 18 år kan få tilbod om noko som blir kalla ein ruskontrakt. Det er ei avtale mellom ungdommen og politiet, og ofte også andre som kan hjelpe. Går ein med på ei slik avtale, må ein møte til samtalar og ta urinprøver med jamne mellomrom.

I Noreg prøver ein å unngå å straffe ungdom med fengsel, for her kan kriminelle påverke unge menneske negativt. Takkar ein i staden ja til oppfølging og støtte, kan ein få hjelp til å komme tilbake på rett veg. Ein må gjere ein innsats sjølv, men det kan vere godt å vite at ein kan få hjelp til å komme seg bort frå ulovleg rusmisbruk.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Å rå over

Nokon trur at det er lov å ha ein brukardose av eit narkotisk stoff, men slik er det ikkje. Det er straffbart å ha narkotiske stoff på seg, same kor lite det er, så sant ein ikkje er rusmisbrukar. Rusmisbruk kan sjåast på som ein sjukdom, og derfor meiner ein at rusmisbrukarar treng hjelp og ikkje straff.

Å ha, kjøpe, selje eller smugle

Når det gjeld å lage, rå over, oppbevare, kjøpe, selje og smugle narkotika, er det straffelova som blir brukt. Blir ein dømd etter straffelova, er det strenge straffer. 

I verste fall kan ein dømmast til fengselsstraff inntil 21 år. Dette viser kor alvorleg samfunnet og styresmaktene synest slike lovbrot er.

Skadeleg

Rusmiddel er strengt regulerte fordi dei kan vere farlege. Skadane varierer avhengig av rusmiddelet. For informasjon om ulike rusmiddel og effektane deira, kan du sjekke Rusinfo.no

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Lovene vernar oss

Lover er der for å verne oss. Kort sagt, har samfunnet sett reglar for sal og bruk av rusmiddel, både lovlege og ulovlege, for å verne folk. Styresmaktene bruker ulike tiltak, som straff og oppfølging, for å hindre unge under 18 i å drikke og for å hindre rusbruk blant folk i alle aldrar. Rusmiddel, inkludert alkohol, kan skade både enkeltpersonar og samfunnet, så derfor er det strenge reglar for dette.

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Midjournay
    2. Midjournay
    3. Midjournay
    4. Midjournay
    5. Midjournay
    6. Midjournay
    7. Midjournay
    8. Midjournay
    9. Midjournay
    10. Midjournay
    11. Midjournay