Kroppsforsvaret

Viss kroppen din hadde vore ei festning, hadde immunsystemet vore soldatane som forsvarte henne. Dei ville hatt ei mengd med ulike våpen som passa til ulike fiendar som prøvde å bryte seg inn. Forsvaret kan delast  inn i to «troppar» – det medfødde og det tilpassa immunsystemet.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Virus Infeksjon
Virus Infeksjon

Fiendane

Fiendane er bakteriar, virus, sopp og infeksjonar – alt «soldatane» oppfattar som framandt. Når dei oppdagar at forsvaret deira er brote, går dei til krig for å kvitte seg med inntrengjarane. Då oppstår det ein betennelse, det blir varmt og ømt ein stad i kroppen, eller du får feber.
Mennesker som beskytter seg mot virusinfeksjoner

Kva er bakteriar?

Bakteriar og virus blir kalla mikrobar. Dei er bitte små, levande vesen som finst overalt. Dei aller fleste av dei er bra for oss, og vi hadde ikkje overlevd utan dei.
Bakterier sett gjennom et mikroskop
Bakgrunn
Bakgrunn

Vi vil inn!

Mange mikrobar har lyst til å bu i menneskekroppen, og dei jobbar hardt for å prøve å kome seg inn i kroppen vår. Men det gode forsvarssystemet til kroppen står klar til å drepe alle som ikkje er velkomne.
Mann holder en hånd opp for å signalisere at han sier stopp til viruset som er foran han
Mann holder en hånd opp for å signalisere at han sier stopp til viruset som er foran han

Den første hindringa

Det ytste vernet mot omverda er huda vår. Huda er tett, vassfast og held dermed farlege ting borte – ja, viss vi ikkje har sår eller rifter, då. Då kan bakteriar trengje seg inn. Viss det skjer, blir det sendt kvite blodceller til såret, og dei begynner å «ete» bakteriane.

Tårene våre inneheld kjemikal som vernar auga mot bitte små inntrengjarar. Dette gjeld også øyrevoks. Han fraktar bakteriane ut av øyret. Halsen, lungene og nasen er utstyrte med små hår som blir kalla flimmerhår. Desse hjelper til å fange ruskomsnusk, som vi så kan hoste og nyse ut. Viss vi får i oss mikrobar gjennom mat eller drikke, er magesyra så sterk at ho drep dei aller fleste mikrobane.

Snørr og spytt er også fullt av bakteriar, men desse er av den gode sorten som beskyttar oss. Visste du at kvar gang nokon kyssar, utvekslar dei 80 millionar bakteriar i same slengen?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tårevått øye
Tårevått øye

Lymfesystemet

Kroppen har noko som heiter lymfesystem, som blant anna består av kjertlar og årer rundt omkring i heile kroppen. Dei sender rundt ein bestemt type kvite blodceller som berre har som jobb å attkjenne og angripe mikrobar som kan vere farlege for oss.
Hvite blodceller som dreper korona virus
Hvite blodceller som dreper korona virus

Hovne mandlar

Når vi blir forkjøla, kan det hende vi hovnar opp i halsen. Det er fordi nokre av lymfekjertlane er plasserte her, og dei jobbar på spreng for å bli kvitt infeksjonen. Her sit også mandlane, som er ein lymfekjertel på kvar side av halsen. Det er vanleg at dei hovnar opp når ein til dømes får halsbetennelse.
Barn som får sjekket halsen/mandlene
Barn som får sjekket halsen/mandlene

Antistoff

Antistoff er som eit alarmsystem. Dei reagerer når framande, skadelege stoff har kome seg inn i kroppen. Når antistoffa varslar, rykkjer andre celler inn og øydelegg inntrengjarane. Dei fleste antistoffa blir danna først etter at kroppen har vore i kontakt med stoffet som framkallar sjukdom. Antistoffa gjer at kroppen hugsar dette trugande stoffet til seinare.
Immunsystemet
Immunsystemet

Nykommaren korona

Koronaviruset, SARS-CoV-2, er heilt nytt for menneskekroppen. Viss det kjem inn i kroppen vår, klarer ikkje immunsystemet å kjenne att denne nye inntrengjaren. Derfor har kroppen ingen våpen som passar og ingen antistoff.
Korona virus
Korona virus

Slagsmål på innsida

Når ein blir dårleg av korona, er det fordi kroppen må kjempe mot viruset med alle middel.  Di kraftigare reaksjon, di dårlegare blir ein. Ein altfor kraftig reaksjon kan føre til at kroppen ikkje toler påkjenninga, og i verste fall døyr ein. Men for dei fleste vil antistoffa hugse viruset og setje ein merkelapp på det. Då er kroppen betre førebudd og kan reagere raskt neste gong.
En som bokser et virus med en boksehanske
En som bokser et virus med en boksehanske

Vaksinar

Det er ikkje alltid immunsystemet klarer å hamle opp med alle moglege bakteriar og virus som kan gjere oss sjuke. Nokre gongar treng det hjelp. Ein vaksine gjer at kroppen lagar antistoff mot eit virus, utan at vi blir sjuke. Antistoff lagar då hugselappar, slik at kroppen er førebudd viss viruset faktisk skulle kome på besøk. Då er vi allereie immune mot viruset. Vaksinar mot barnesjukdommar som meslingar og kikhoste har redda millionar av liv verda over.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Vaksine
Vaksine

Allergi

Nokre gongar reagerer immunsystemet på feil måte. Systemet angrip stoff som elles er heilt ufarlege, som pollen. Det kallar vi allergi, som er ein overfølsam reaksjon. Det skjer ved at visse antistoff set i gang eit angrep mot stoff som dei trur er farlege for kroppen. Slike stoff kallar vi allergen. Dei kjem ofte inn via huda og luftvegane og ned i magen.
Jente som har pollenallergi og holder på å nyse
Jente som har pollenallergi og holder på å nyse

Ein kamp for livet

Immunsystemet er ein enorm hær av tapre, krigerske celler som beskyttar oss og held oss friske. Det har utvikla seg gjennom millionar av år og gjer det framleis. Det er spesielt tilpassa oss og miljøet vi lever i.
Virus bakgrunn
Virus bakgrunn

Kjelder:

  • Ny vitenskap om kroppen (2020)
    Orage Forlag AS
  • Skjønsberg, Ole H. og Løvik, Martinus: allergi i Store medisinske leksikon på snl.no.
    Henta 16. februar 2021 frå https://sml.snl.no/allergi

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images / NRK Skole
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images / NHI – Vimeo
    12. Getty Images
    13. Getty Images