Ja, vi elskar matpakken!

Matpakken har ei lang historie i Noreg. Tenk på den sveitte skiva med gulost og ein mjuk paprikaring. Nokre grøssar ved tanken, mens andre minnest matpakken med varme. Hugsar du den første matboksen din? Kva for minne vekkjer han hos deg?

Jente med klasserom i bakrunnen. Vi kan skiimte en rosa matpakke på pulten hennes, og en klassekamerat som er i ferd med så spise sin lunsj.
Jente med klasserom i bakrunnen. Vi kan skiimte en rosa matpakke på pulten hennes, og en klassekamerat som er i ferd med så spise sin lunsj.

Ein liten matrevolusjon

Skulebarn begynte å ete matpakke i Oslo på 1930-talet. Matpakken endra heile matkulturen vår. Alle har eit forhold til matpakken i dag. Det er ei ganske smart oppfinning, ikkje sant?

Kvar dag møter tusenvis av elevar opp på skulen med matpakke i sekken. Nokre et matpakken med glede. Andre lèt matpakken ligge i sekken. Kva gjer du?

Smilende ung jente med stripete skolesekk. Mor i bagrunnen som legger matboks i sekken.
Smilende ung jente med stripete skolesekk. Mor i bagrunnen som legger matboks i sekken.

Matpakken blir til

På 1920-talet fekk elevane tilbod om varm mat på skulen. Dessverre hadde ikkje alle foreldre råd til å betale for dette. Mange fattige barn gjekk derfor heile skuledagen utan mat.

Maten blei ofte kokt så lenge at det blei få næringsstoff igjen. Skulehelsetenesta i Oslo meinte derfor at grovt brød, mjølk og frukt var ein betre måte å få barn til å ete sunn mat på.

Skulehelsetenesta i dag er eit gratis tilbod til alle elevar. Dei som er tilsette der, kallar vi  helsesjukepleiarar.

Oslo-frukosten

Slik oppstod «Oslo-frukosten». Mange skulebarn i Oslo fekk frukost før skulestart. Men då dette også skulle gjelde resten av landet, blei det for dyrt for mange kommunar.

Løysinga kom i 1936. Då vart det bestemt av delar av Oslo-frukosten kunne takast med heimanfrå. Elevane fekk mjølk og frukt på skulen, men måtte ta med brødskiver sjølve. Denne løysinga blei etter kvart til den berømte “matpakken”.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Retro grønn matbokskoffert i metall mot en rustikk treoverflate. Knallrødt eple oppå matboksen.
Retro grønn matbokskoffert i metall mot en rustikk treoverflate. Knallrødt eple oppå matboksen.

60- og 70-talet

I 1963 viste ei undersøking at elevar i 450 kommunar (85 %) hadde med matpakke på skulen.

Ti år seinare vart det tilrådd at matpakken heimanfrå skulle ha grovt brød. Mjølk fekk elevane på skulen, og skulane fekk råd om å servere frukt og rå grønsaker.

📷  Første skuledag ved Ila skule i 1965.
Svart hvitt bilde. Pent kledd ung gutt holder mors hånd i skolegården på første skoledag. I andre hånden har han en skoleveske.

Skulefruktordninga startar

På 1990-talet starta dei med skulefruktordning i Østfold. Denne ordninga skulle etter kvart gjelde heile landet. Skulane kunne no kjøpe frukt til elevane til ein subsidiert pris. Det betyr at skulane fekk kjøpe inn frukt som var billegare enn i butikken.

Røde epler dandert i et mønster mot en knallturkis bakgrunn.
Røde epler dandert i et mønster mot en knallturkis bakgrunn.

2000-talet

I 2006 fann matekspertar ut at ordninga med matpakke fungerte greitt dei første skuleåra. Men når elevane blei eldre, var det færre som hadde med matpakke. Nokre lét vere å ete, mens andre kjøpte usunn mat på butikken.

I 2013 blei det gjort ei ny kartlegging om bruk av matpakke. Her fann ein ut at endå færre elevar i ungdomsskulen hadde med seg matpakke.

Helsedirektoratet gir oss råd om korleis vi kan passe på helsa vår. Ikjke minst når det gjeld måltid på skulen. I 2015 lagde dei nokre reglar om dette for barne- og ungdomsskulen, SFO og vidaregåande skule.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ung gutt og jente i klasserom. Gutten spiser kjeks fra en gul matboks, og jenten holder en skive.
Ung gutt og jente i klasserom. Gutten spiser kjeks fra en gul matboks, og jenten holder en skive.

Politisk diskusjon

Gjennom 2000-talet har politikarar og andre diskutert skulemåltid. Nokre argumenterer mot matpakken, mens andre kjempar for å beholde han. Skal vi byte ut matpakken med varm skulelunsj?

Kva ville du ha valt, om du kunne bestemme?

I dei nordiske nabolanda våre, Sverige og Finland, er det gratis varm mat i alle barnehagar og skular. Her går elevane til kantiner eller matsalar. Der får dei servert mat som kjem frå kommunale storkjøkken.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Fornøyde skolebarn i kantine spiser varmmat.
Fornøyde skolebarn i kantine spiser varmmat.

Den moderne matpakken

I dag kjem matboksane i mange ulike former og fargar, men det er innhaldet som er viktigast.

Uansett fasong og farge er matpakken ein viktig del av kvardagen vår. Han er avgjerande for korleis kroppen din utviklar seg. Men også for evna di til å følgje med i timen. Og ikkje minst for humøret ditt når du kjem heim.

Fargerik matboks i metall formet som en robot.
Fargerik matboks i metall formet som en robot.

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Trondheim byarkiv (CC BY 2.0)
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images