Heltinna frå Orléans

Dette er historia om bondejenta som fekk eit guddommeleg syn, førte ein hær og blei martyr i hundreårskrigen. Då den unge Jeanne d’Arc blei ført til bålet som ho skulle brennast på, ropa ho opp til himmelen og bad om Guds nåde. Men kva hadde ho eigentleg gjort?

Jeanne d'Arc

Kjettarska

Titusenvis av menneske hadde samla seg på torget i Rouen for å få med seg det som skulle skje. Rouen var på den tida ein del av Normandie, og styrt av britane. Jeannes einaste trøyst i desse siste augeblinkane av livet var ein prest. Han var blitt beden om å halda korset sitt høgt slik at ho kunne sjå det over flammene.

Jeanne d’Arc var kledd i kvitt, fargen til det reine, og var berre ein tenåring då ho blei avretta. Så hard var dommen for kjetteri. Ho blei kalla kjettarske, men påstod sjølv at ho i årevis hadde mottatt meldingar frå englane.

Det formelle klagemålet var at ho hadde oppført seg «kjettersk» ved å kle seg som mann. Men ho hadde vore ei merkt kvinne ei stund allereie. Ho hadde trass alt audmjuka England under hundreårskrigen, og det kunne ein ikkje ta lett på.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Jeanne d'Arc brennes på bålet med en stor folkemengde rundt seg, og en engel som kommer svevende ned fra himmelen.
Jeanne d'Arc brennes på bålet med en stor folkemengde rundt seg, og en engel som kommer svevende ned fra himmelen.

Politisk bakteppe

Då Jeanne d’Arc blei fødd, hadde Frankrike og England kriga i 75 år. Det begynte som ein krangel over den franske trona i 1337, og konflikten spreidde seg raskt til landbruksområda.

Engelskmennene brukte blant anna «brend jords taktikk» og øydela store delar av avlingane til fienden. Det førte til omfattande lidingar hos lokalbefolkninga. Dei bad om at konflikten skulle bli avslutta så snart som mogleg.

Det såg ikkje lyst ut for Frankrike. Landet var delt i to av ein intern konflikt. På den eine sida stod armagnacane, som støtta den franske tronfølgjaren, Karl. På den andre sida stod burgundarane, som allierte seg med engelskmennene og ønskte at hertugen av Burgund skulle krevja trona. Saman med engelskmennene okkuperte dei store delar av Nord-Frankrike.

Dette sette landsbyen til Jeanne i ein vanskeleg posisjon. Landsbyen var okkupert av burgundarane, men innbyggarane var likevel svært lojale mot Karl, som dei meinte var den rette tronarvingen. Dette blei innbyggarane straffa for. Engelskmennene sette fyr på byen og gjekk til åtak på han ei rekke gonger.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Enkel bakgrunn

Midt oppi dette blei Jeanne d’Arc fødd rundt året 1412. Foreldra var småbøndene Jacques d’Arc og Isabelle Romée. Dei var analfabetar – dei kunne verken lesa eller skriva. Foreldra klarte så vidt å livnæra seg på jordbruk, mens faren hadde ekstrajobb som skatteinnkrevjar i landsbyen.

Mor til Jeanne var ei djupt religiøs kvinne. Det var ho som lærte dottera dei katolske verdiane som skulle bli avgjerande for resten av livet hennar.

⬅  Jeanne var dotter av ein bonde og voks opp på landsbygda, og ho passa dyra som lita. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Det første synet hennar

Ein dag då den tolv år gamle Jeanne jobba på jordet for faren, fekk ho ei oppleving som skulle endra skjebna hennar. Ho hevda at ho såg eit stort og sterkt lys, så høyrde ho stemmene til englane Katarina, Margrete og Mikael som plutseleg snakka til henne.

Dei fortalde henne med ei overjordisk vakker stemme at ho var vald ut til å jaga engelskmennene ut av Frankrike og sørga for at Karl blei krona til konge i den tradisjonsrike katedralen i Reims. Den gong låg katedralen langt innanfor grensene til fienden.

Tenåringen hadde vore vitne til eit mirakel og visste at ho måtte bringa nyheitene vidare. Men kven ville høyra på ei bondejente som var analfabet? Ho visste ikkje at tronfølgjaren Karl var meir enn villig til å lytta til henne. For han var krigen tapt uansett. Etter ei fredsavtale inngått i 1420 blei han gjort arvelaus, og Karl miste retten til å ta over trona. Han begynte å bli desperat. Meldinga til Jeanne frå englane kunne godt vera svaret på alle bønene hans.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ei umogleg oppgåve

Det skulle visa seg at det ikkje var så lett for Jeanne å få tak i Karl. Han heldt hoff i Chinon, ein by som var kontrollert av burgundarar.

Ho spurde den lokale herren sin, Robert de Baudricourt, om å bli ført til Karl, men han avviste henne. Ho lét seg ikke stoppa av det, men spurde landsbybuarane om å få støtte. Mange av dei trudde at ho var redninga som Frankrike hadde venta på. Ho kom tilbake til Baudricourt med ei gruppe tilhengarar. No gav han Jeanne lov til å reisa til Chinon. Men av omsyn til sin eigen tryggleik måtte ho ha på seg mannleg militæruniform, noko som var ei kjettersk handling.

Då ho kom fram til slottet til kongen, fann ho ut at hoffet til kongen var like skeptisk som Baudricourt. Somme hevdar at Jeanne blei beden om å peika ut kongen i eit rom fullt av adelsmenn og hoffmenn, for å undersøka om ho snakka sant.

For ein vanleg person ville dette ha vore umogleg sidan ingen hadde sett noko portrett av kongen. Men Jeanne følte at Gud leidde henne, og ho kjende han att med ein gong. Endeleg fekk ho møta han aleine, og ho gjorde eit sterkt inntrykk på han. Det blir sagt at Jeanne skal ha overtydd kongen om at ho hadde eit guddommeleg samband ved å fortelja om dei inste løyndommane hans.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Jeanne D'arc til hest inne i en by med masse mennesker rundt seg
Jeanne D'arc til hest inne i en by med masse mennesker rundt seg

Første siger

Kongen og rådgivarane hans var enno ikke heilt overtydde, så dei sette Jeanne på ei prøve. Byen Orléans hadde vore omleira i månadsvis, men Jeanne påstod at ho aleine kunne få ein slutt på omleiringa og utvisa engelskmennene. Kongen og rådgivarane hans hadde ingenting å tapa, så dei utstyrte henne med eit kvitt banner og ein kvit hest.

Så sende dei henne og ei lita gruppe menn til den omleira byen. Takka vera Jeanne sin kombinasjon av militærtaktikk og mot klarte dei å driva ut engelskmennene. Omleiringa tok slutt etter mindre enn ti dagar, 8. mai 1429.

⬅  Chinon slott, der Karl heldt til. Det lå djupt inne i fienden sitt område. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kongen blir krona

Alle blei overraska, Karl òg. Jeanne blei sett på som ei heltinne! Den neste ambisiøse planen hennar var å marsjera til Reims slik at Karl kunne kronast der. Undervegs i felttoget kapitulerte byane utan motstand og opna portane på vidt gap for den nye korsfararen. Berre dryge 14 dagar seinare blei tronfølgjaren Karl krona til Karl 7. i katedralen i Reims. Ved sida av han stod Jeanne og det no berømte kvite banneret.

Ein fallen krigar

Men den enorme framgangen varte ikkje lenge. Eit år seinare kjempa ho for å verja byen Compiègne, som låg strategisk til ved breidda av elva Oise.

Hæren hennar av armagnacar blei tvinga til å trekka seg tilbake. Jeanne blei igjen i bakre rekker for å passa på at alle kom seg trygt unna. Dermed sette ho seg sjølv i fare. Ein bogeskyttar trefte henne slik at ho fall av hesten og var nøydd til å overgi seg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Verdifull fange

Burgundarane var svært glade over storfangsten og låste henne inn i eit slottstårn. Men Jeanne ville ikkje gi seg så lett og prøvde å rømma fleire gonger. Ho hoppa til og med ut frå tårnet, og klarte seg utan større skadar.

Men ho blei fanga igjen og ført til ein sikrare stad. Etter månader med forhandlingar med engelskmennene selde burgundarane Jeanne til dei for 10 000 livres. Det var ein stor sum pengar. Ho blei så ført til Rouen for å bli fengsla.

Så fort ho var i fienden sine hender, jobba dei raskt for å fordømma henne. Den unge kvinna hadde audmjuka dei på slagmarka, og mange trudde òg at ho hadde ein alliert i dei høgare maktene. Men var det Gud eller djevelen?

Først undersøkte dei om ho var jomfru. Det var ho, og derfor kunne dei ikkje dømma henne som heks. Anklagarane var engelske og burgundske prestar. Ikkje overraskande ville prestane gi inntrykk av at ho var besett av djevelen. Den unge kvinna hadde trekt til seg så mykje støtte at ho var ein trussel mot heile det religiøse maktsystemet. Denne folkehelten måtte ryddast av vegen.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

I retten

Den unge kvinna heldt stand, trass i det intense presset i retten. Ho fekk spørsmål som skulle få henne til å forsnakka seg, men Jeanne svarte godt for seg. Då ein av dei geistlege spurde med ein tydeleg engelsk aksent kva slags språk stemmene i hovudet hennar snakka, svarte ho at dei snakka fransk, og det mykje betre enn han.

Dette gjorde at autoritetane blei endå meir bestemte på å kvitta seg med henne éin gong for alle. Dei trua med å avretta henne på staden. Dei ville skremma henne til å underteikna ei tilståing – om kjetteri -som ho ikkje kunne lesa. Men ein kunne berre dømma kjetteri med dødsstraff viss det var eit lovbrot som var gjort om att fleire gonger. Dermed blei Jeanne dømd til livstid i fengsel, mens styresmaktene tenkte ut det neste trekket sitt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Jeanne D'arc i rustning foran Orleans
Jeanne D'arc i rustning foran Orleans

Bak lås og slå

Jeanne hadde det ikkje bra i fengselet. Ho gjekk ofte kledd i mannsklede. Ho sa det var for å verna seg mot seksuelle fornærmingar og valdtekt. Ved eit tilfelle skulle ein «stor, engelsk lord» ha prøvd å overfalla henne. Derfor såg ho seg nøydd til å bera den gamle mannlege rustninga.

Kyrkja gav faktisk kvinner lov til å gå med mannlege klede i visse tilfelle, som hos Jeanne, men fangevaktarane var mykje mindre tolerante.

Ikkje eingong han som først støtta henne, kong Karl 7., ville hjelpa henne. Han tok i staden avstand og var redd for at all slags tilknytting til henne kunne skada makta hans. Jeanne hadde ingen allierte lenger, og 29. mai 1431 blei ho dømd til døden. Dagen etter blei ho avretta.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Janne d´Arc i fengsel med hvit kjole og to fangevoktere som passer på henne.
Janne d´Arc i fengsel med hvit kjole og to fangevoktere som passer på henne.

Martyrdøden

Den gudfryktige jenta fekk ein nådelaus slutt på livet på torget i Rouen. Folkemengda håna henne, og nokre få gret. Men Jeanne stod rakrygga. Ho bad presten som var til stades, om å halda korset høgt og ropa ut ei bøn slik at ho kunne høyra henne gjennom den ubønhøyrlege kvesinga frå  flammene.

Ho blei brend tre gonger for at ein skulle vera sikre på at kroppen var totalt øydelagd. Då flammene endeleg slokna, var det berre ein oskehaug att av den unge kvinna. Men somme påstår at hjertet hennar på mystisk vis var intakt. Oska blei kasta i Seinen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Jeanne d'Arc holder et kors og skal brennes på bålet.
Jeanne d'Arc holder et kors og skal brennes på bålet.

Nasjonalhelt

Jeanne d’Arc blir fransk nasjonalhelt:
Etter at Jeanne blei avretta, heldt krigen enno fram i nesten 25 år. Alliansen mellom burgundarane og engelskmennene braut etter kvart saman, og Frankrike kom sigrande ut av konflikten. Engelskmennene blei drivne ut av størsteparten av landet. Karl blei offisielt krona til konge av Frankrike i Reims katedral, akkurat slik som Jeanne ønskte.

I dag er Jeanne d’Arc ein fransk nasjonalhelt. Ho var ei ung kvinne med ei sterk religiøs overtyding og stor støtte i folket. Dette gjorde henne til eit politisk mål i maktkampen på den tida. I 1920 blei ho kanonisert, den høgste æra den katolske kyrkja kan gi. Ho er ei martyrlegende som vi framleis heidrar, 600 år etter at ho døydde.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Jeanne D'arc i rustning holder et sverd med begge hender.
Jeanne D'arc i rustning holder et sverd med begge hender.

Solid ettermæle

Det har vore stor interesse for Jeanne d’Arc i fleire hundre år. Særleg byen Orléans er begeistra for henne. Dei har feira slutten på omleiringa kvart einaste år sidan 1435. Persondyrkinga blei undertrykt i tida rundt den franske revolusjonen. Ho fekk eit skikkeleg oppsving då Napoleon innsåg at han kunne bruka Jeanne i den nasjonalistiske agendaen sin.

Men det var innsatsen frå to biskopar i Orléans på 1800-talet som delvis førte til at Jeanne d’Arc blei gjort til helgen. I 1869 søkte biskopen av Orléans og elleve andre biskopar pave Pius 9. om å kanonisera henne. Saka fekk internasjonal merksemd.

I 1876 bestemte den neste biskopen av Orléans at ein skulle undersøka om ho fylte kriteria for helgenstatus. Det gjorde ho. Dermed tok den tidkrevjande prosessen med kanonisering til, før ho i 1920 endeleg blei kanonisert. Tusenvis av menneske hadde samla seg i Peterskyrkja i Vatikanet for å ta del i seremonien.

I dag blir Jeanne d’Arc feira kvart år 30. mai, som var datoen då ho blei avretta. Over heile Frankrike og også i heile verda blir minnet om Jeanne halde i hevd ved at ho er prega på myntar, kunst og statuar. Ettermælet hennar fortel om heltemot og lojalitet, sjølv når det ser som mørkast ut.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Historie og vitenskap, nr. 3 (2020)
    Orage Forlag AS
  • Historiens største kvinner (2020)
    Orage Forlag AS 

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. François Chifflart
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Henryk Siemiradzki
    6. Jean-Jacques Scherrer
    7. Jules-Eugène Lenepveu
    8. Jules-Eugène Lenepveu (CC BY-SA 2.5)
    9. François Chifflart
    10. Getty Images
    11. Paul Delaroche
    12. Howard Pyle
    13. Jules-Eugène Lenepveu
    14. Dante Gabriel Rossetti
    15. Getty Images