Jordskjelv

Jorda sine tektoniske plater er i konstant rørsle. Denne langsame rørsla fører frå tid til anna med seg jordskjelv. Kva er årsakene til desse øydeleggjande naturfenomena, og korleis kan vi vite når dei kjem og vere førebudde?

Accessibility icon Jordskjelv

Jordskjelv er eit av de mest øydeleggjande naturfenomena kloden truar oss med. Dei kan rasere heile byar og utløyse enorme tsunamiar som valsar ned alt dei møter. Noko av den sterke øydelegginga ligg i at det er vanskeleg å vite når dei kjem. Eit stort skjelv kan slå til så å seie utan varsel, slik at menneske i nærleiken ikkje rekk å kome seg i sikkerheit. 

Kva er jordskjelv?

Det tynne yttersjiktet på kloden, det vi kallar jordskorpa, er oppdelt i store plater. Desse er i konstant langsamme rørsler fordi varmen frå kjernen i jorda skaper konveksjonsstraumar 

Konveksjonsstraumar er straumar som transporterer energi i mantelen, like under jordskorpa, slik at platene vert forskovne i ulike  retningar. Mantelen er omtrent 2900 km tjukk og består av halvsmelta steinmasse som vi kallar magma.  

Følgjene er at platene kolliderer, driv frå kvarandre eller glid inn over kvarandre langs plategrensene, slik at det vert  danna forkastingar der dei fleste jordskjelva skjer.   Denne vitskaplege forståinga kallar vi platetektonikk.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!