Jordskjelv er eit av de mest øydeleggjande naturfenomena kloden truar oss med. Dei kan rasere heile byar og utløyse enorme tsunamiar som valsar ned alt dei møter. Noko av det sterke øydeleggingspotensialet til jordskjelvet ligg i at dei er så vanskeleg å sjå i førevegen. Eit stort skjelv kan slå til så å seie utan varsel, slik at menneske i nærleiken ikkje rekk å kome seg i sikkerheit. 

By i ruiner

Kva er jordskjelv?  

Det tynne yttersjiktet på kloden, det vi kallar jordskorpa, er oppdelt i store plater. Desse er i konstant langsamme rørsler fordi varmen frå kjernen i jorda skaper konveksjonsstraumar 

Konveksjonsstraumar er straumar som transporterer energi i mantelen, like under jordskorpa, slik at platene vert forskovne i ulike  retningar. Mantelen er omtrent 2900 km tjukk og består av halvsmelta steinmasse som vi kallar magma.  

Følgjene er at platene kolliderer, driv frå kvarandre eller glid inn over kvarandre langs plategrensene, slik at det vert  danna forkastingar der dei fleste jordskjelva skjer. Denne vitskaplege forståinga kallar vi platetektonikk.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Jordas lag

Jordplater som beveger seg  

Tektoniske plater er store plater av stein som utgjer grunnlaget for jordskorpa og utforminga av kontinenta. Jordskorpa kan vere ein av to hovedtypar, anten kontinental eller oseanisk. Den oseaniske delen er tettare og meir samansett enn den kontinentale som består av lettare bergartar.  

Platene bevegar seg gjennomsnittleg mellom 0-10 cm i året. Plategrensene rundt Stillehavet dannar det vi kallar Eldringen, eit område kor 90 prosent av jordskjelva i verda går føre seg. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tektoniske plater

Korleis oppstår forkastingar? 

Dei tektoniske platene møter kvarandre ved forskjellige grenser. I desse grensene vert det over lang tid bygd opp ei spenning. Når denne spenninga plutseleg vert frigjort, vil det oppstå forkastingar som kan føre til jordskjelv. Forkastningar er struktur i jordskorpa.  

  1. Ved spreiingsgrenser glir platene frå kvarandre og dannar forkastingsdalar eller midthavsryggar.
  2. Når platene ved kollisjonsgrenser beveger seg mot kvarandre, dannar dei anten reversforkastingar kor dei kolliderer og krøllar seg til fjellkjeder, eller såkalte overskyvingar kor dei glir over og under kvarandre i ein prosess vi kallar subduksjon. Subduksjon vil seie at ei jordplate blir pressa ned under ei anna jordplate og ned i mantelen.
  3. Ved glidegrenser er det to parallelle plater som glir langs kvarandre. 

Når vi har påvist desse forkastingane, kan vi avgjere kvar det er størst risiko for jordskjelv, slik at byane i området får høve til å førebu seg. Det som fører til mest øydeleggingar under eit jordskjelv, er vanlegvis at bygningar fell saman. Derfor er det vanleg særleg i industrialiserte delar av verda å sørgje for at bygningar i nærleiken av forkastingar kan tole kraftige sjokkbølgjer. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Forkastninger

Seismiske bølgjer 

Jordskjelv kjem altså av at det vert bygd opp  enorm spenning mellom tektoniske plater i forskjellige grensesoner. Når platene til slutt glir forbi kvarandre, vert det frigjort enorme energimengder som sender seismiske (underjordiske) bølgjer gjennom grunnen.  

Bresten skjer ofte fleire kilometer under bakken, og det punktet kallar vi fokus eller  hyposenter i jordskjelvet. Punktet som ligg på overflata rett over hyposenteret, kaller vi episenter. Det er der mesteparten av skadane skjer.  

Jordskjelv kan ha ulike eigenskapar, alt etter typen forkasting, men når dei skjer på havbotnen, kan dei av og til utløyse tsunamibølgjer som gjer enorme skadar.    

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Seismiske bølger

Tsunamiar 

Undersjøiske jordskjelv kan utløyse øydeleggjande gigantbølgjer – det vi kallar tsunamiar. Når to plater skurar mot kvarandre og skaper eit jordskjelv, vert store  vassmengder skuvne avgarde 

Tsunamien har stor bølgjelengd og lita bølgjehøgd. Det gjer at  han kan gøyme seg i dei normale bølgjene i havet. Når bølgjene kjem inn på grunnare vatn ved kysten, gir den stigande sjøbotnen motstand som bremsar dei. Når farten minskar, avtar bølgjelengda. I staden veks tsunamien oppover og kan bli opptil 30 meter høg. Denne høge bølgja vil kunne nå langt inn på land med enorm kraft og føre til stor skade.  

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tsunami illustrert

Tsunamien i Asia 2004 

I 2004 skapte eit jordskjelv store øydeleggingar rundt Indiahavet. Skjelvet vart målt til heile 9,0 på Ritchers skala, og øydeleggingane var enorme. Heile landsbyar vart utsletta. Indonesia, Sri Lanka, Thailand og India vart hardast ramma. Ein reknar med at cirka 230 000 menneske mista livet, 84 av dei var nordmenn. Rundt ein tredjedel av dei omkomne var barn.  

Skade av tsunami, Asia

Jordskjelvet i Japan  

11.mars i 2011 var det jordskjelv ved Tohuku i Japan. Dette jordskjelvet utløyste ei tsunamibølgje som først og fremst ramma den nordaustlege delen av Japan.  

Mer enn 15000 menneske mista livet på grunn av jordskjelvet og tsunamien. Dei materielle øydeleggingane var enorme, og førte også til kjernekraftulukka i Fukushima. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Skade etter jordskjelv, Japan

Måling av jordskjelv

Jordskjelv måler vi med eit instrument kalla seismograf. Seismografen gjer ei grafisk registrering av ristingane i jordskorpa, ei sikksakk-linje som representerer dei seismiske bølgjene.   

Det finst ulike typar bølgjer. Dei startar som   små, men raske bølgjer, så kjem lengre, men meir langsame bølgjer, og til slutt kjem overflatebølgjene. Ein kan ta tida mellom bølgjene for å finne ut kor langt unna jordskjelvet er, slik at seismologane kan berekne nøyaktig kvar episenteret ligg. Storleiken på bølgjene hjelper dei samstundes til å bestemme krafta i skjelvet, som kan målast på Richter-skalaen. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Richterskalaen blir brukt verda over for å beskrive kor kraftig eit jordskjelv er. 

0–2,9
Årleg er det over ein million mikroskjelv som ikkje er merkbare for menneske.  

3,0–3,9
Ubetydelege skjelv kan vere merkbare for mange menneske, men skjelva gjer ingen skade. Det er 100 000 slike kvart år. 

4,0–4,9
Lette skjelv kan vere merkbare for alle og gjer mindre skadar. Det er 15000 slike skjelv i  året.  

5,0–5,9
Eit moderat skjelv gjer visse skadar på svake bygningar. Det er omkring 1000 slike i året.  

6,0–6,9
Over 100 kraftige jordskjelv bryt laus kvart år og gjer moderate skadar i befolka område. 

7,0–7,9
Liv og materielle verdiar går tapt over store område i sterke skjelv som bryt laus 10 gongar i året.  

8,0 og over
Mindre enn tre skjelv i året finn vi i den største klassen, men dei fører til alvorlege øydeleggingar og tap av menneskeliv over store område.  

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Richters skala

Korleis finne ut når eit jordskjelv kjem?  

Foreløpig er det ikke mulig å forutsi skjelv tidsnok til å gi folk nevneverdig forvarsel, men det finnes varslingsanlegg som kan skaffe folk noen sekunder eller minutter til å forberede seg før de alvorlige rystelsene slår til.

Ved å måle tidlege bølgjer i jordskjelvet kan ein fastslå episenteret til skjelvet, rekne ut styrken og varsle befolkninga i området før dei meir destruktive bølgjene når fram. Då vil avstanden frå episenteret bestemme kor mykje tid folk har til å søkje dekning, stoppe trafikk og slå av industrianlegg slik at øydeleggingane kan minimerast 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
By ødelagt etter jordskjelv

Noreg og jordskjelv  

Noreg har liten til moderat aktivitet av jordskjelv. Det siste store jordskjelvet var i Oslofjordregionen 23.oktober 1904. Jordskjelvet er i ettertid blitt berekna til 5,4 på Richters skala. Sjølv om episenteret til jordskjelvet var meir enn 100 kilometer frå Oslo, gjorde det store skadar i byen. 

I følgje forskningsinstituttet NORSAR er det lite sannsynleg at noko slikt kan skje igjen. Men i Noreg måler vi all jordskjelvaktivitet, for å skaffe oss kunnskap. Dette gjer oss i stand til å sikre bygg og infrastruktur,slik at vi er best mogleg skikka til å handtere ein slik eventuell situasjon.  

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Oslo, Norge

Kjelder: 

  • Bungum, Hilmar; Fossen, Haakonjordskjelv i Store norske leksikon på snl.no.
    Hentet 26. august 2020 frahttps://snl.no/jordskjelv
  • Den fantastiske jorda (2016)
    Orage Forlag AS

 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Ukjent
    3. Ukjent
    4. Ukjent
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Ukjent
    11. Getty Images
    12. Getty Images