Skal vi ta ein kaffi?

Over heile verda drikk folk kaffi. Det blir drukke litervis av varm oppkvikkande kaffi på arbeidsplassar, kafear og på fisketurar. Det er heilt vanleg å seie: «Skal vi ta ein kaffi?» Men drikk alle kaffi? Og når begynte vi eigentleg med kaffipausar?

Kaffipausefestival

I byen Stoughton i USA arrangerer dei ein festival kvar sommar. Den skal markere at den første kaffipausen i verda visstnok vart teken her.

Mange nordmenn flytta til USA på 1800-talet. Mange av dei jobba på vognfabrikkar. Andre fabrikkar sleit med å få nok arbeidarar, og dei spurde derfor konene til vognarbeidarane om dei ville jobbe.

Dei takka ja til dette, mot at dei fekk lov til å ta kaffipause heime.

Vi veit ikkje heilt sikkert når nokon tok den første kaffipausen. Men konene til vognarbeidarane var med å starte ein tradisjon som heile verda nyt godt av.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Kaffepause
Kaffepause

Smak av Etiopia

I dag er det nesten tre millionar nordmenn som drikk kaffi kvar dag. Lenge var dette ein ukjend drikk i Noreg. Først på midten av 1700-talet vart kaffi godt kjent i Noreg og i resten av Europa.

Mange trur at Etiopia i Afrika var eit av dei første landa som dyrka kaffi.

Ei av historiene fortel om Omar. Han hadde evne til å heile folk. På grunn av dette vart han send ut av byen Mokka. For å overleve i ørkenen åt han nokre ukjende bær. Dei smakte bittert, så han rista dei over elden og kokte dei. Då han drakk av vatnet, var noko av bitterheita borte.

Nokon i Mokka fekk smake på drikken og vart begeistra. Drikken spreidde seg raskt gjennom Afrika, Asia og Midtausten.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kaffebønner i Etiopia
Kaffebønner i Etiopia

Frå Afrika til Europa

Munkane i eit kloster i Yemen drakk kaffi allereie på 1400-talet. Dei fekk lov til å drikke kaffi for å halde seg vakne under midnattsbøna. Men drikken vart så populær at dei drakk det heile døgnet.

I Nord-Afrika og Asia var det eigne kaffihus lenge før europearar vart kjende med kaffi. Frå midten av 1700-talet gjorde nederlandske og britiske handelsfolk kaffi til ei stor handelsvare.

Venezia var den første byen i Europa som fekk sitt eige kaffihus. Slike kaffihus vart kjempepopulære i Europa.

Desse kaffihusa er opphavet til kafeane vi har i dag. Opphavleg var kafeane ein stad ein berre fekk servert kaffi, men i vår tid er det mykje anna å få kjøpt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Sufi kloster i Yemen
Sufi kloster i Yemen

Betre helse

Før kaffien kom til Europa, var øl ein populær drikk. Alkohol gjorde at folk vart rusa og sløve. Dårleg vask av drikkeglas gjorde òg at folk kunne bli sjuke. Det var ikkje vanleg å koke vaskevatnet.

For å lage kaffi må ein koke vatnet. Då vart vatnet tryggare å drikke, og færre vart sjuke. I tillegg verka kaffi oppkvikkande.

I kaffihusa møttest folk til diskusjonar om politikk, litteratur og teknologisk utvikling.

Under opplysningstida på 1600-1700 talet kunne ein oppleve at Isaac Newton og Voltaire  besøkte kaffihusa, der dei hadde filosofiske samtalar med folk. Truleg gjorde den oppkvikkande drikken folk meir løysingsorienterte. Øl og vin hadde ofte motsett effekt.

På midten av 1700-talet blei det utvikla mange arbeidssparande maskinar, og den industrielle revolusjon endra heile samfunnet. Er det sannsynleg at den oppkvikkande effekten til kaffe spelte ei rolle i denne prosessen?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kaffehus
Kaffehus

Kva er kaffi?

  • Kaffe er ein koffeinhaldig drikk laga av frukta frå kaffiplanten Coffea Arabica.
  • Det er berre det inste frøet, som vi kallar bønne, som blir tørka, brent og male.
  • Kaffien blir blanda med vatn, og blir i dei fleste tilfelle drukken varm. I seinare tid har iskaffi blitt meir populært.

Kvifor heiter det kaffi?

Orda «caffe» dukka første gong opp i Italia i 1598. Ordet kjem av det tyrkiske «kahveh», som igjen er henta frå det arabiske ordet «qahwah». Det siste skal visstnok bety ‘arabisk vin’.

Ei meir sannsynleg forklaring er at ordet kjem frå området Kaffa i Etiopia. Der blir det produsert kaffi. I Etiopia heiter kaffi buno.

Kaffebønner
Kaffebønner

Kvifor verkar kaffi oppkvikkande?

Kaffi inneheld koffein, og er eitt av få nytingsmiddel som er akseptert nær sagt over alt. Koffein finst også i te og i energidrikkar.

Koffein gjer at ein held seg vaken sjølv om ein er trøytt. Mange drikk derfor ikkje kaffi rett før dei skal sove. Koffein har også ein viss smertestillande effekt. Det blir derfor brukt i hovudverktablettar og migrenemedisin.

Mann drikker kaffe med sugerør

Vanedannande

Koffein er vanedannande. Derfor bør ein ikkje overdrive bruken av det. Eit altfor stort inntak kan føre til helseskadar. Kaffi i moderate mengder derimot, kan vere bra. Forskarar meiner at 3–4 koppar om dagen er godt for kroppen.

Koffeinforgifting: For mykje koffein kan gi hovudverk, kvalme, rask puls og magekrampar. Stort forbruk av energidrikkar med koffein kan medføre helseskade. Det er registrert dødsfall hos ungdom som har drukke store mengder energidrikkar kombinert med alkohol.

Mann drikker kaffe med sugerør

13 millionar koppar kaffi – kvar dag!

Kaffi er verdas mest selde råvare etter olje. Det er eit viktig eksportprodukt for land i Sør-Amerika, Asia og Afrika. Noreg er i verdstoppen når det gjeld kaffidrikking i forhold til folketalet. Berre finnane drikk meir enn oss. Men kor mykje drikk vi eigentleg?

Totalt 67 prosent av befolkninga, eller 2,8 millionar nordmenn i befolkninga over 18 år, drikk kaffi dagleg. Totalt drikk nordmenn i snitt mellom 3 og 5 koppar per dag. Dette svarar omtrent til 13 millionar koppar kaffi per dag!

Kaffe på tog
Kaffe på tog

Ein kopp kaffe krev 130 liter vatn!

Du tenkjer kanskje at det ikkje er så mykje vatn i ein kaffikopp. Men viss ein tenkjer på alt vatnet som skal til for å lage ein kopp med kaffi, går det faktisk med 130 liter vatn.

Kvifor trur du det er sånn?

Bilde-og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images