Skal vi ta ein kaffi?

Over heile verda tek folk kaffipause. Det blir drukke litervis av varm kaffi på arbeidsplassar, kafear og på fisketurar. Det er heilt vanleg å seie: «Skal vi ta ein kaffi?» Men når begynte vi eigentleg å ta kaffipausar?

Kaffipausefestival

I byen Stoughton i USA feirar dei ein eigen festival til ære for kaffipausen. Dei meiner at denne tradisjonen starta her.

Mange nordmenn flytta til USA på 1800-talet. Mange av dei fekk jobb, men for det meste mennene. Ein som eigde ein tobakksfabrikk i Stoughton, fekk ikkje nok menn til å jobbe der. Han spurde derfor kvinner om dei ville ha jobb.

Dei takka ja til dette, mot at dei fekk lov til å ta kaffipause heime!

Vi veit ikkje sikkert når nokon tok den første kaffipausen. Men kvinnene i Stoughton var nok blant dei første.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Kaffepause
Kaffepause

Smak av Etiopia

Dei første kaffibønnene vart dyrka i Etiopia på 1200-talet.

I dag er det nesten tre millionar nordmenn som drikk kaffi kvar dag. Men det var ikkje før på midten av 1700-talet at kaffi vart populært i Noreg.

Dette er ei av fleire historier om korleis kaffi vart oppdaga:

I byen Mokka i Etiopia var det ein mann som kunne heile. Det betyr å gjere sjuke folk friske. På grunn av dette vart han jaga ut i ørkenen. Der måtte han overleve på bitre bær. For at bæra skulle smake betre, brende han dei på bålet, knuste dei og blanda pulveret i kokande vatn.

Drikken vart kjend, og han spreidde seg i Afrika, Asia og Midtausten.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kaffebønner i Etiopia
Kaffebønner i Etiopia

Frå Afrika til Europa

I eit kloster i Yemen drakk munkar kaffi for å halde seg vakne under midnattsbøna. Vi kan lese om dette i eit skrift frå 1400-talet. Drikken vart så populær at dei drakk kaffi heile døgnet.

Etter kvart bygde ein eigne hus for å drikke kaffi saman. Det oppstod slike kaffihus i Nord-Afrika og Asia. Det var lenge før europearar vart kjende med kaffi.

Venezia i Italia var den første byen i Europa som opna kaffihus.

Desse kaffihusa er opphavet til kafeane vi har i dag. Men no er det ikkje berre kaffi ein får kjøpt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Sufi kloster i Yemen
Sufi kloster i Yemen

Betre helse

Før kaffien kom til Europa, var øl ein populær drikk. Alkohol gjorde at folk vart rusa og sløve. Dei kunne få magetrøbbel fordi drikkeglasa ikkje var skikkeleg vaska. Det var ikkje vanleg å koke vaskevatnet.

For å lage kaffi måtte vatnet kokast. Då vart vatnet tryggare å drikke, og færre vart sjuke. I tillegg verka kaffi oppkvikkande.

I kaffihusa møttest folk til diskusjonar om alt mellom himmel og jord.

Under opplysingstida på 1600-talet kunne ein oppleve at Isaac Newton besøkte kaffihusa, der han snakka med folk. Truleg gjorde den oppkvikkande drikken folk meir kreative, slik at dei fann gode løysingar på ting. Øl og vin hadde ofte motsett effekt.

På midten av 1700-talet kom det maskinar som gjorde mange yrke mer effektive. Dette kaller vi den industrielle revolusjonen. Er det sannsynleg at den oppkvikkende effekten til kaffi gjorde folk meir oppfinnsame?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kaffehus
Kaffehus

Kva er kaffi?

Kaffi er ein drikk som blir laga av frukta frå kaffiplanten Coffea Arabica. Det er berre frøet som blir tørka, brent og male. Kaffipulveret blir blanda med kokande vatn. Fleire og fleire drikk òg iskaffi.

Kvifor heiter det kaffi?

Orda «caffe» vart brukt i Italia på slutten av 1500-talet. Dette ordet kjem av det tyrkiske «kahveh». Og det kjem av det arabiske ordet «qahwah». Det siste skal visstnok bety ‘arabisk vin’.

Ei meir sannsynleg forklaring er at ordet kjem frå Kaffa, eit område i Etiopia som produserer kaffi.

Kaffebønner
Kaffebønner

Kvifor verkar kaffi oppkvikkande?

Kaffi inneheld koffein, som er eit stimulerande stoff. Koffein finst også i energidrikkar. Koffein gjer at ein held seg vaken sjølv om ein er trøytt. Mange drikk derfor ikkje kaffi før dei skal sove.

Koffein har òg ein smertestillande effekt. Det blir brukt i hovudverktablettar og migrenemedisin.

Mann drikker kaffe med sugerør

Vanedannande

Koffein er vanedannande. Derfor bør ein ikkje overdrive bruken av det. Eit altfor stort inntak kan føre til helseskadar. Litt kaffi kvar dag kan derimot vere godt for helsa.

Koffeinforgiftning: For mykje koffein kan føre til hovudverk, kvalme, magekrampar og ujamn hjarterytme. Stort forbruk av energidrikkar kan medføre helseskade. Kvifor er det så mange ungdommar som drikk energidrikkar, trur du?

Mann drikker kaffe med sugerør

13 millionar koppar kaffi – kvar dag!

Kaffi blir seld over heile verda. Nesten like mykje som olje. Kaffi er ei viktig handelsvare i Sør-Amerika, Asia og Afrika. Noreg er i verdstoppen når det gjeld kaffidrikking. Nordmenn drikk i snitt mellom tre og fem koppar per dag. Dette svarar til 13 millionar koppar med kaffi. Kvar dag!

Det einaste landet som har eit større forbruk i forhold til folketalet, er Finland.

Kaffe på tog
Kaffe på tog

Ein kopp kaffi krev 130 liter vatn!

Du tenkjer kanskje at det ikkje er så mykje vatn i ein kaffikopp. Men for å lage ein kopp med kaffi trengst det faktisk 130 liter vatn.

Kvifor trengst det så mykje vatn, trur du?

Bilde-og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images