Kappløp mot polane

To banebrytande oppdagarar kjempa mot ekstreme forhold for å finne ytterpunkta i verda.

Accessibility icon Kappløp mot polane

Kappløp mot polane 

På begynnelsen av 1900-talet var det få stader på jorda som framleis ikkje var utforska. Heilt sidan oppdagingstida hadde mennesket utvikla metodar for å krysse verdshava og utforske kontinent, med mål om å utvikle handelsruter og utvide imperia sine. Dei frosne viddene ved polane representerte ekstreme utfordringar, men det låg ein heilt annan motivasjon bak: det uimotståelege draget mot det ukjende, og heideren og æra ved å kome dit først.

⬅  Roald Amundsen sitt forskingsskip Gjøa vart sitjande fast i isen i Arktis i nesten to år på ekspedisjonen hans til Nordvestpassasjen i 1903–1906. 

Peary mot Cook 

Den geografiske nordpolen på jorda ligg på ei breiddegrad på meir enn 90, på ei tjukk rand av sjøis. Det frosne havet endrar seg med årstidene, og ei reise tvers gjennom Arktis er derfor ekstremt farleg. Oppdagarane står òg overfor temperaturar som kan falle ned til minus 50, med ein vindfart på inntil 90 kilometer i timen. I tillegg er det fare for å bli angripen av isbjørn. Etter fleire mislykka ekspedisjonar på 1800-talet vart to uavhengige ekspedisjonar til Nordpolen merkeleg nok rapporterte i løpet av same veka i 1909.

Frederick Cook 

Den første var dr. Frederick Cook. Han hevda at han nådde Nordpolen 21. april 1908 saman med innfødde jegerar frå Grønland. Teamet reiste frå Annoatok på Grønland i februar 1908, og bevega seg gjennomsnittleg 24 kilometer om dagen med hundesledar. I tillegg hadde dei ein samanleggbar båt som dei brukte til å krysse ope vatn der det var nødvendig. Ifølgje sjølvbiografien til Cook brukte han ein sekstant til å finne breiddegradene, og han rekna ut posisjonen til «eit punkt som var så nær Nordpolen som mogleg». Ei farefylt heimreise gjennom eit isøyde fullt av sprekkar og drivis forseinka innkomsten til sivilisasjonen, og derfor fekk dei ikkje sendt eit einaste ord heim før etter 14 månader.

Landskapsbilde av Grønland
Landskapsbilde av Grønland

Robert Peary 

I august 1908, medan Cook var sakna og kanskje død, la den tidlegare kollegaen hans, orlogskaptein Robert Peary, i veg på det som var den niande ekspedisjonen hans i Arktis. Han nytta det såkalla «Peary-systemet», og mannskapet på 50 køyrde hundesledar i eit slags stafettsystem som sette ut mat langs ruta. I motsetning til Cook hadde ikkje mannskapet til Peary med seg båtar, så då isen begynte å sprekke opp, vart dei sitjande faste i dagevis før sprekkane lukka seg igjen.

Når dei var i rørsle, hadde dei ein gjennomsnittsfart på 21 kilometer om dagen. Peary tok regelmessige målingar med sekstant for å vere sikker på at dei framleis var på veg nordover. Den 6. april registrerte han ei breiddegrad på litt over 89 og skreiv i dagboka: «Endeleg, Nordpolen! […] draumen min og ambisjonen min i 23 år. Endeleg min.»

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kven var først? 

Offentleggjeringa av dei to vellykka ekspedisjonane kom nesten samtidig, på grunn av Cooks forseinkingar og Pearys oppsiktsvekkjande raske retur. Cooks historie vart rapportert 2. september 1909, medan Pearys vart publisert 7. september. Dei fantastiske prestasjonane vart overskygde av den bitre feiden som no følgde. Peary og velgjerarane hans avviste Cooks forsøk nesten med ein gong. Peary tok til og med saka til Kongressen for å få styresmaktene til å offisielt anerkjenne bragda hans i staden for Cooks.

Tvil om reisa 

Det rår framleis tvil rundt påstandane til  både Cook og Peary. Ein har undersøkt både oppdagarane sine eigne skildringar og bevis mange gongar. Det har vore stilt spørsmål ved kor nøyaktige målingane av breiddegradene var, den påståtte reisefarten deira og uvanlege utelatingar i dagbøkene. Det er lite sannsynleg at vi nokon gong vil få endeleg svar på kor nær dei verkeleg var Nordpolen og kven som kom dit først, viss nokon av dei faktisk klarte det.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Amundsen mot Scott 

Mindre enn to år etter at bragdene til Cook og Peary skapte overskrifter, vart det gjort førebuingar for nok eit kappløp mot polane, denne gongen på den andre sida av jordkloden. I januar 1911 var det to ulike grupper med oppdagarar som kom til Antarktis, og begge var fast bestemte på å bli dei første til å nå Sørpolen.

Den geografiske Sørpolen ligg på -90. breiddegrad, og er ein av dei mest ugjestmilde stadene på planeten. Antarktis er den kaldaste staden på jorda, med rekorden for lågaste registrerte temperatur på bakkenivå på -89,2 grader celsius. Størstedelen av den indre isranda er mellom to og fire kilometer tjukk, så ein kan oppleve høgdesjuke viss ein prøver å krysse kontinentet. I Antarktis finn vi òg nokre av dei kraftigaste vindane i verda. I visse område kan vindkasta komme opp i 198 kilometer i timen. I tillegg er kontinentet omringa av det røffaste og mest stormfulle havet på planeten, Sørishavet.

Begge gruppene stod derfor overfor enorme farar allereie før sjølve ekspedisjonane kunne starte.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Røynde konkurrentar 

Dei to konkurrerande ekspedisjonane vart leidde av vår eigen kaptein Roald Amundsen og den britiske kapteinen Robert Falcon Scott, og begge var allereie berømte oppdagarar. Scott hadde tidlegare vore i Antarktis på ein ekspedisjon saman med Ernest Shackleton og dr. Edward Wilson i 1901–1904. Den gongen kom dei til -82. breiddegrad, altså nærare Sørpolen enn nokon før dei. Scott hadde fått 20 000 pund frå styresmaktene til finansiering av ekspedisjonen, og førebuingane fekk mykje merksemd i media.

Hemmeleg reisemål 

Medan Scotts ekspedisjon og formålet med han var offentleg kjent, heldt Amundsen dei polare planane sine for seg sjølv. Han var allereie i gang med å organisere ein ekspedisjon til Arktis, då påstandane til Peary og Cook knuste ein livslang draum om Nordpolen. I staden for å, bokstaveleg talt, leggje heile ekspedisjonen på is, gjorde han om på planane og ville prøve seg på Sørpolen i staden. Sjølv Amundsens eige mannskap trudde dei skulle til Arktis, heilt til han avslørte sanninga då dei var undervegs.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Klare for den lange reisa 

Scotts team kom til Antarktis og Cape Evans 4. januar 1911. Medan dei etablerte basecamp og gjorde seg klare for turen, var dei heilt uvitande om at Amundsens mannskap hadde gått i land berre 640 kilometer unna, i Kvalbukta, 14. januar. Begge teama brukte mesteparten av året til førebuingar for ekspedisjonane. Dei la ut matlager langs dei respektive rutene, før dei la i veg i starten av den antarktiske våren: Amundsen 20. oktober og Scott 1. november.

Det var avgjerande forskjellar både i taktikk og utstyr for dei to teama, noko som skulle vise seg å bli forskjellen mellom suksess for den eine og tragedie for den andre.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Rett utstyr for polarferd 

Rette klede og rett utstyr kan bety forskjellen mellom liv og død.

1. Briller
Sollyset som blir reflektert i is og snø, kan føre til mellombels, smertefullt synstap. Scotts team brukte briller med røykfarga glas som verna mot å bli snøblind.

2. Innfødd kunnskap
Amundsen brukte kunnskap han hadde lært frå inuittane i Arktis. Teamet hans kledde seg med fleire laustsitjande lag og dressar av ulveskinn.


3. Vitskapleg utstyr
Kamera og navigasjonsutstyr var uhandterlege, men livsviktige for å registrere framgangen og dokumentere reisa.

4. Pels
Teamet til Scott brukte mindre pels enn teamet til Amundsen. Sidan dei sjølve drog på ein del av utstyret, ville dei ha vorte for varme i tjukke pelsklede.


5. Støvlar
Teamet til Scott hadde støvlar av reinsdyrpels, fôra med filt. Dei var stappa med høy for å halde på meir luft og gi ekstra isolasjon. 

6. Hanskar
For å halde seg varme nok til å verne fingrane, var vottar og hanskar ofte så tjukke at dei hindra rørsle. Oppdagarane måtte derfor ta av seg på hendene for å kunne utføre kompliserte oppgåver.


7. Vindtette lag
Turtøyprodusenten Burberry utstyrte både Scott og teamet til Amundsen med ytterjakker og telt laga i sitt eige pustande og vasstette tekstil kalla gabardin.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Ponniar og sledar med motor

Teamet til Scott hadde mindre erfaring med både kulde og skigåing. Dei hadde med seg ponniar og motoriserte sledar, men dette viste seg raskt å vere ein alvorleg tabbe. Ingen av delane takla dei ekstreme forholda i Antarktis; sledane fungerte ikkje og vart forlatne, og dei stakkars ponniane vart til slutt skotne og brukte til mat.

Scott og teamet hans nådde Sørpolen 17. januar 1912, men vart skuffa då dei såg at det norske flagget allereie var godt planta på polpunktet. Teamet til Scott leid av feilernæring, svolt, frostskadar og alvorleg nedkjøling, samtidig som temperaturen fall til mellom -30 og -40 grader. Ingen av dei overlevde returen til basecamp. Scott gjekk tom for mat og drivstoff og vart fanga i teltet sitt i ein snøstorm, berre nokre kilometer frå sitt eige, utplasserte matlager. I det siste, tragiske dagboknotatet hans 19. mars står det: «Vi skal halde ut til det siste, men vi blir svakare, og slutten kan ikkje vere langt unna. Det er trist, men eg trur ikkje eg kan skrive meir.»

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ein helt og ein martyr 

Amundsen sendte ut nyheita om den historiske bragda si 7. mars 1912, og vart skikkeleg hylla som helt. Men hyllinga vart seinare overskygd då verda fekk høyre om lagnaden til Scott og mennene hans som vart sett på som martyrar.

På same måten som med Peary og Cook, har ekspedisjonane til Amundsen og Scott blitt nøye granska i åra etterpå. Ikkje for å så tvil om dei verkeleg nådde fram til Sørpolen, men for å finne ut kva faktorar det var som førte til fiaskoen til Scott.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Slutten på ein æra 

Desse banebrytande ekspedisjonane tidleg på 1900-talet var blant dei siste i ein periode med «heroiske», polare oppdagingar. Desse mennene vart beundra for den enorme viljen dei hadde der dei kjempa mot tøffe forhold med avgrensa ressursar. Dei flytta grensene for fysisk og mental styrke til eit absolutt ytterpunkt i søkinga si etter udødelegheit.

Denne djerve tidsepoken gjekk mot slutten etter første verdskrigen, då teknologiske framsteg gjorde slike ekspedisjonar lettare å gjennomføre.

Det vitskaplege ettermælet til Scott 

Det var ikkje til særleg mykje trøyst den gongen, men det var ikkje alle aspekta ved Scotts Terra Nova-ekspedisjon som var ein katastrofe. Tolv forskarar i basecamp fekk i oppdrag å studere omkringliggjande område, og dei tok med seg eksemplar av meir enn 2100 dyrearter heim. 401 av desse var ukjende for vitskapen. Dei tok òg med seg geologiske prøveuttak, plantefossil og pingvinegg.

Oppdaginga av ein fossil, bregneliknande plante var med på å underbyggje teorien om at Antarktis ein gong var del av eit mykje større kontinent. I dag er det kjent som Gondwana. Pingvinegga vart samla inn for å prøve å finne eit mogleg samband mellom fuglar og dinosaurar, ein teori som var relativt ny på den tida.

⬅  Scott skriv dagbok i hytta ved Cape Evans basecamp i oktober 1911. Sjølve hytta står framleis og er bevart som ein tidskapsel over ekspedisjonen. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Polare forskingsstasjonar 

Sidan dei første polarpionerene har vi menneske halde fram med å reise til både Arktis og Antarktis. I dag finst det ei lang rekkje forskingsstasjonar i dei polare områda, som gir oss større kunnskap om planeten vår. Den fjerntliggjande forskingsstasjonen Concordia i Antarktis blir til og med brukt til å trene opp astronautar, og gjer neste generasjon oppdagarar klar for dei uoppdaga områda som ligg bortanfor vår eigen planet.

Tragedie og triumf

Amundsens sørpolteam
Roald Amundsen: teamleiar
Olav Bjaaland: premiert skiløpar
Helmer Hanssen: røynd hundesledeførar
Sverre Hassel: røynd hundesledeførar
Oscar Wisting: marineoffiser

8. september 1911 
Amundsens gruppe på åtte startar frå basecamp i Kvalbukta. Dei snur raskt og dreg tilbake fordi forholda framleis er for tøffe.

20. oktober 1911 
Så fort våren kjem, legg Amundsen i veg igjen, denne gongen er dei fem mann.

21. november 1911
Teamet når fram til polarplatået etter å ha stige opp ein isbre som dei kalla Axel Heiberg-breen. Breen vart oppkalla etter ein av sponsorane for ekspedisjonen.

14. desember 1911
Amundsen når fram til Sørpolen. Teamet hans bruker fleire dagar på å bestemme den nøyaktige posisjonen med hjelp av ein sekstant.

Scotts sørpolteam 
Robert Falcon Scott: teamleiar
Edgar Evans: kvartermeister i marinen
Lawrence Oates: kaptein i hæren
Dr. Edward Wilson: forskingsleiar
Henry Bowers: løytnant i den kongelege
indiske marinen

17. januar 1912
Scott og teamet hans kjem endeleg fram til Sørpolen, der dei oppdagar at det norske flagget til Amundsen allereie står planta på polpunktet. Teamet til Amundsen hadde sett opp eit lite telt, og inni teltet fann Scott eit brev frå Amundsen med eit spørsmål om han kunne bringe ein beskjed til den norske kongen.

17. februar 1912 
Edgar Evans døyr etter å ha falle i koma. Ein går ut frå at han hadde ein alvorleg hovudskade etter eit fall på veg ned frå Beardmore-breen.

16. mars 1912 
Lawrence Oates, som har alvorlege forfrysningar, seier sine siste, kjende ord før han forlèt teltet under ein snøstorm: «Eg skal berre utanfor, og det kan ta litt tid.»

29. mars 1912 
Fanga i ein snøstorm mindre enn 18 kilometer frå det største matlageret sitt, skriv Scott for siste gongen i dagboka si. Han, Wilson og Bowers døyr like etterpå. Leitemannskap finn lika i november.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt
Kappløp mot polene, Amundsen og Scott
Kappløp mot polene, Amundsen og Scott

Roald Amundsen på fem minutt 

I denne videoen får du ei fem minutts oppsummering av den første turen til Roald Amundsen til Sørpolen.

Kjelder:

  • Historie 5 (2020)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Ukjent
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Robert Peary (1856-1920) selvportrett
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Henry Bowers (1883–1912)
    9. Ukjent
    10. Getty Images
    11. Ukjent fotograf 1920
    12. Getty Images
    13. Herbert G. Ponting
    14. Getty Images
    15. Shakki
    16. NRK Skole