Kappløp mot polane
To banebrytande oppdagarar kjempa mot ekstreme forhold for å finna ytterpunkta i verda.
Kappløp mot polane
På begynnelsen av 1900-talet var det få stader på jorda som framleis ikkje var utforska. Heilt sidan oppdagingstida hadde mennesket kryssa verdshava og utforska kontinent, med mål om å kjøpe og selje varer og utvide imperia sine. No var det nokre eventyrarar som ville reise til polane òg, men det var noko heilt anna som dreiv dei: dei ville utforske det ukjende, og få heider og ære for å kome dit først.
⬅ Roald Amundsen sitt forskingsskip Gjøa vart sitjande fast i isen i Arktis i nesten to år på ekspedisjonen hans til Nordvestpassasjen i 1903–1906.
Peary mot Cook
Nordpolen ligg så langt nord ein kan kome på jorda, på eit tjukt lag av sjøis. Det frosne havet endrar seg med årstidene, og ei reise tvers gjennom Arktis er derfor ekstremt farleg. Oppdagarane kan òg oppleve at det blir så kaldt som minus 50 grader, og vinden kan blåse i opptil 90 kilometer i timen. I tillegg kan ein bli angripen av isbjørnar. Etter fleire mislykka forsøk på å nå Nordpolen på 1800-talet, vart det i løpet av same veka i 1909 meldt at to ulike ekspedisjonar hadde klart å nå fram.
Frederick Cook
Den første var dr. Frederick Cook. Han hevda at han nådde Nordpolen 21. april 1908 saman med innfødde jegerar frå Grønland. Teamet reiste frå Annoatok på Grønland i februar 1908, og bevega seg rundt 24 kilometer om dagen med hundesledar. I tillegg hadde dei ein samanleggbar båt som dei brukte til å krysse ope vatn der det var nødvendig. Ifølgje Cook sjølv brukte han ein sekstant til å finne breiddegradene, og han rekna ut posisjonen til «eit punkt som var så nær Nordpolen som mogleg». Ei farleg heimreise gjennom område fulle av sprekkar og drivis gjorde at det tok lang tid å kome seg tilbake. Derfor fekk dei ikkje sendt ein einaste beskjed heim før etter 14 månader.
Landskapsbilde av Grønland
Slutten på ein æra
Desse ekspedisjonane tidleg på 1900-talet var blant dei siste i ein periode med mange slike oppdagingar. Desse mennene vart beundra for den enorme viljen dei hadde medan dei kjempa mot tøffe forhold. Dei flytta grensene for kva som er mogleg, i jakta si på å bli hugsa.
Denne modige perioden gjekk mot slutten etter første verdskrig. Då gjorde teknologiske framsteg at slike ekspedisjonar vart lettare å gjennomføre.
Polare forskingsstasjonar
Sidan dei første polfararane, har vi menneske heldt fram med å reise til både Arktis og Antarktis for å drive forsking. I dag finst det mange forskingsstasjonar i dei polare områda som gir oss ny kunnskap om planeten vår. Forskingsstasjonen Concordia i Antarktis blir til og med brukt til å trene opp astronautar. Slik blir neste generasjon oppdagarar klar for dei uoppdaga områda som ligg bortanfor vår eigen planet.
Kappløp mot polene, Amundsen og Scott
Roald Amundsen på fem minutt
I denne videoen får du ei kort oppsummering av Roald Amundsens første tur til Sørpolen.
Bilde- og videorettar:
-
-
Ukjent
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Robert Peary, selvportrett 1920
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Selvportrett 1912
-
Ukjent
-
Getty Images
-
Ukjent fotograf 1920
-
Getty Images
-
Herbert George Ponting
-
Getty Images
-
Ukjent
-
NRK Skole
-