Karbon

Karbon er eit av dei viktigaste grunnstoffa vi har, og det finst i plantar, tre, dyr, menneske, jord og fjell. Karbon kan sjå veldig ulikt ut, og mest ulike er kanskje kol og diamantar.

En kullbit og en diamant.

Karbonkrinsløpet

Karbonkrinsløpet viser krinsløpet til karbonet gjennom luft (atmosfæren), vatn (hydrosfæren), levande organismar (biosfæren), jord (pedosfæren) og fjell (litosfæren).

Skisse over karbonkretsløpet.

Karbondioksid (CO2)

Karbon er òg ein del av gassen karbondioksid (CO2) som er med på å regulere klimaet på jorda. Her er det karbon og oksygen som har slått seg saman i ein kjemisk reaksjon.

Plantar og tre lagrar karbonet dei tek opp frå lufta. I havet gjer planteplankton det same. Gjennom fotosyntese – som blir forklart litt lenger ned i artikkelen – blir det  frigjort oksygen frå dei grøne plantane. Dette oksygenet er grunnlaget for alt liv.

Planteplankton er eincella organismar som lever i vatn. Desse frigjer meir oksygen enn all jungel og skog til saman.

Når dyr og menneske et plantar eller algar, blir karbonet frigjort igjen som CO2. Det same skjer når organisk materiale (plantar) blir nedbrote av insekt, mark og mikroorganismar i jorda. Dette blir kalla respirasjon.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Nærbilde av et grønt blad.
Nærbilde av et grønt blad.

Fotosyntese

Fotosyntesen går føre seg for det meste i grøne plantar på land og i vatn. Det er ein kjemisk prosess som bruker energi frå sola til å omdanne vatn og karbondioksid (CO2) til karbohydrat (sukker) og oksygen. Både menneske og dyr treng karbohydrat i maten, og utan oksygen kan ikkje menneske og dyr puste. Fotosyntesen er grunnlaget for alt liv på jorda.

Fotosyntesen treng altså tre ting for å fungere: energi, vatn og CO2. 

Plantar tek opp vatn via røtene og hentar CO2 frå lufta gjennom blada. Når solstrålar treffer planten, reagerer dei  med fargestoffet klorofyll (gjer at plantane er grøne). Klorofyllet og energien frå sollyset set i gang prosessen med å omdanne vatn og CO2 til sukker og oksygen.

Sukkeret blir ein del av planten og dannar stivelse, cellulose og andre karbohydrat. Planten sender oksygenet ut i lufta. Karbohydrat og stivelse er den viktigaste kjelda kroppen har til.  Cellulose kan ikkje kroppen fordøye, men det blir brukt mellom anna til å lage papir.

Slik fungerer fotosyntesen nynorsk

Global oppvarming

Vi frigjer CO2 gjennom naturlege utslepp frå menneske, dyr, jord og hav. Men vi slepper òg ut mykje CO2 ved å bruke fossilt brensel. Dette er karbon frå dyre- og plantarestar som har blitt til kol og olje. Når vi høgg ned skog, blir det òg frigjort mykje CO2.

Store utslepp av gassar med CO2 bidreg til klimaendringar og global oppvarming. Utslepp av desse gassane aukar nemleg drivhuseffekten. Nokre gassar gjer at jordoverflata blir varmare enn ho elles ville ha vore. Desse gassane fangar opp varmestrålinga frå sola og blir sende ned mot jordoverflata. Det gir auka temperatur i lufta og nede ved bakken. Klimaet på jorda har ikkje godt av for høg temperatur.

Store fabrikkpiper slipper ut mye røyk.
Store fabrikkpiper slipper ut mye røyk.

Kjelder:

  • Haraldsen, Haakon; Pedersen, Bjørn; Nordseth, Trond: karbondioksid i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. desember 2021 frå https://snl.no/karbondioksid
  • Berner jr., Endre; Aarnes, Halvor: fotosyntese i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. desember 2021 frå https://snl.no/fotosyntese
  • Throndsen, Jahn; Skarstad Egeland, Einar: planteplankton i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. desember 2021 frå https://snl.no/planteplankton
  • Olerud, Kåre; Lahn, Bård: CO2-utslipp i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. desember 2021 frå https://snl.no/CO2-utslipp

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images