Karbon

Karbon er noko av det viktigaste vi har. Det finst i plantar, tre, dyr, menneske, jord og fjell. Karbon treng ikkje å sjå heilt likt ut. Berre sjå på bildet av kolbiten og diamanten. Begge er laga av karbon.

En kullbit og en diamant.

Karbonkrinsløpet

Teikninga viser krinsløpet til karbonet gjennom luft, vatn, tre/plantar, jord og fjell.

Skisse over karbonkretsløpet.

Karbondioksid (CO2)

Karbon er òg ein del av gassen karbondioksid (CO2). Her er det karbon og oksygen som har slått seg saman. CO2 er med på å regulere klimaet på jorda.

Plantar og tre lagrar karbon som dei fangar opp frå lufta. I havet gjer planteplankton det same. Gjennom fotosyntese – som blir forklart litt lenger ned i artikkelen – blir det  frigjort oksygen frå dei grøne plantane. Alt som lever, treng oksygen. Planteplankton frigjer meir oksygen enn alle plantar og tre på jorda.

Når dyr og menneske et plantar,  blir karbonet frigjort igjen som CO2. Det same skjer når plantar blir brotne ned til jord. Dette blir kalla respirasjon.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Nærbilde av et grønt blad.
Nærbilde av et grønt blad.

Fotosyntese

Fotosyntese går føre seg i grøne plantar på land og i vatn. Med hjelp av lyset frå sola vert vatn og karbondioksid (CO2) omdanna  til karbohydrat (sukker/glukose) og oksygen. Menneske og dyr treng karbohydrat og oksygen for å leve.

Fotosyntesen treng altså tre ting for å fungere: energi, vatn og CO2. 

Plantar tek opp vatn via røtene og hentar CO2 frå lufta gjennom blada. I blada er det noko som heiter klorofyll. Det er dette som gjer blada grøne. Klorofyllet og energien frå sollyset omdannar vatn og CO2 til sukker og oksygen.

Sukkeret gjer at plantane veks, mens oksygenet blir sloppe ut i lufta.

Slik fungerer fotosyntesen nynorsk

Global oppvarming

Vi frigjer CO2 gjennom naturlege utslepp frå menneske og dyr. Men vi slepp òg ut mykje CO2 ved å bruke kol og olje. Dette er karbon frå dinosaur- og planterestar. Når vi høgg ned skog, vil det òg bli frigjort mykje CO2.

Store utslepp av gassar med CO2 bidreg til auka oppvarming av jorda. Vi får noko som blir kalla drivhuseffekten. Nokre gassar gjer at jordoverflata blir varmare enn ho elles ville ha vore. Desse gassane fangar opp varmestrålinga frå sola og blir sende ned mot jordoverflata. Det gir auka temperatur i lufta og nede ved bakken. Klimaet på jorda har ikkje godt av for høg temperatur.

Store fabrikkpiper slipper ut mye røyk.
Store fabrikkpiper slipper ut mye røyk.

Kjelder:

  • Haraldsen, Haakon; Pedersen, Bjørn; Nordseth, Trond: karbondioksid i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. desember 2021 frå https://snl.no/karbondioksid
  • Berner jr., Endre; Aarnes, Halvor: fotosyntese i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. desember 2021 frå https://snl.no/fotosyntese
  • Throndsen, Jahn; Skarstad Egeland, Einar: planteplankton i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. desember 2021 frå https://snl.no/planteplankton
  • Olerud, Kåre; Lahn, Bård: CO2-utslipp i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. desember 2021 frå https://snl.no/CO2-utslipp

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images