Kunstige tre 

Kvar dag blir vi fleire menneske på jorda. Vi tek opp meir og meir plass, og vi forbruker meir og meir av naturen. Ikkje nok med at vi forbruker meir, men avfallet vi lager, er mest sannsynleg ein trussel mot klimaet. Berre ved at vi pustar, lagar vi stadig større mengder karbondioksid.

Tre og dyr jobbar saman for å behalde den rette balansen i lufta vår. Vi er avhengige av at skogane i verda fangar opp karbondioksid som menneske og dyr pustar ut, og at dei slepper ut oksygen igjen som vi kan puste inn.

Dette systemet verkar så langt. Men kva skjer når vi blir endå fleire menneske på jorda, og vi forureinar atmosfæren med bensin, kol og gass samtidig som skogane krympar? Viss denne utviklinga held fram, blir balansen øydelagd. Den globale oppvarminga vil føre til ekstremvêr, varmare hav, sur nedbør og utrydding av tusenvis av dyreartar. Menneska har bidrege til dei høgaste nivåa av karbondioksid på 800 000 år. Men kan vi hjelpe planeten ved å påverke lufta mindre?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Etterlikning av plantar

Éi moglegheit kan vere å lage kunstige tre. Amerikanske forskarar har sett opp slike tre i byen Boston, og dei etterliknar korleis plantane forandrar lufta. Vi kan ikkje få trea vi har frå før til å jobbe overtid, så kvifor ikkje lage nye som kan jobbe hardare?

Desse trea av plast blir drivne av solenergi ovanfrå og rørsleenergi nedanfrå, og dei kan filtrere karbondioksid i lufta rundt seg. Dei fangar opp karbondioksid og gir frå seg oksygen på same måte som naturlege tre, men 1000 gongar raskare. Desse kunstige trea hentar òg rørsleenergi frå menneska som bruker dei. Når folk bruker vippehuskene ved foten av trea, blir det skapt straum som hjelper dei kunstige trea å gjere jobben sin.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!