Kunstige tre 

Kvar dag aukar befolkninga på jorda. Vi menneske tek opp meir og meir plass, og vi bruker meir og meir naturressursar. Ikkje nok med at vi forbruker meir, dei aukande biprodukta av livsstilen vår er mest truleg ein trussel mot klimaet. Berre ved at vi pustar, ein sjølvsagd del av det å leve, produserer vi stadig større mengder karbondioksid.

Tre og dyr regulerer jorda sin atmosfære gjennom ein intrikat balansegang. Vi er avhengige av at skogane i verda skal puste og oppta karbondioksid som kjem frå menneske og dyr. Dei grøne plantane bruker karbondioksid til å skape sin eigen energi.

Dette systemet verkar så langt, men kva skjer når befolkninga på jorda veks, og vi forureinar atmosfæren med fossilt drivstoff samtidig som skogane krympar? Viss denne utviklinga held fram, blir balansen forstyrra. Den globale oppvarminga vil føre til ekstreme vêrforhold, varmare hav, sur nedbør og til at tusentals av artar blir utrydda. Menneskeleg aktivitet har bidrege til dei høgaste karbondioksidnivåa på 800 000 år. Men kan vi hjelpe planeten med å redusere innverknaden vår på atmosfæren?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Éi moglegheit som blir undersøkt er å erstatte nokre av trea som blir hogne, med kunstige tre. Lenfest Center for Sustainable Energy ved Columbia-universitetet produserer slike tre til bruk i Boston, og dei etterliknar evna plantane har til å forandre lufta. Vi kan ikkje få eksisterande tre til å arbeide overtid, så kvifor ikkje lage våre eigne tre?

Desse plasttrea blir drivne av solenergi ovanfrå og rørsleenergi nedanfrå, og dei kan filtrere karbondioksid i lufta rundt seg. Dei absorberer karbondioksid og gir frå seg oksygen på same måten som naturlege tre, men 1000 gongar raskare. Desse kunstige trea utnyttar òg rørsleenergi frå menneska som oppheld seg rundt dei. Når folk bruker vippehuskene som er bygde under dei, genererer dei straum som hjelper dei kunstige trea å utføre den viktige oppgåva si. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!