Kva består eit menneske av?
Har du eigentleg tenkt over kva du består av? Det meste i kroppen er det vi kallar grunnstoff. Slike stoff får vi i oss når vi pustar (oksygen), et eller drikk (kalsium, hydrogen). Men vi kan ikkje lage eit komplett menneske berre ved å blande alt dette i ei maskin.
Eit menneske på cirka 70 kilo består av:
Oksygen: 45,5 kilo
Hydrogen: 7 kilo
Det aller meste av dette finst i vatn. Oksygen + hydrogen = vatn. Kroppen består av 70 prosent vatn!
Karbon: 12,6 kilo
Kroppen består av 18 prosent karbon! Då er kroppen for det meste vatn og karbon. Er ikkje det litt rart?
Nitrogen: 2,1 kilo
Protein, feitt og karbohydrat består av nitrogen. Desse stoffa byggjer opp kroppen og gir oss energi.
Kalsium: 1,05 kilo
Fosfor: 700 gram
Kalsium og fosfor går saman om å styrke skjelettet og tennene.
Svovel: 175 gram
Svovel hjelper blodet til å fange opp oksygen når vi pustar inn.
Kalium: 140 gram
Kalium er viktig for nervesystemet i kroppen. Tenk kor raskt nervesystemet må fungere viss du tek på noko som er veldig varmt.
Klor og natrium: 105 gram x 2
Natrium + klor er eigentleg vanleg salt. Begge passar på at vi har nok væske (vatn) i kroppen til eikvar tid. Du har sikkert merka korleis kroppen blir viss du drikk for lite.
Det står att 525 gram, som er ei variert blanding av cirka 50 ulike andre grunnstoff.
Kjelder:
- Illustrert vitenskap (21.12.21): Ti ingredienser i et menneske
https://illvit.no/mennesket/kroppen/ti-ingredienser-i-et-menneske
Bilde- og videorettar:
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images