Læreplantilkobling

Fag

Samfunnsfag

Samfunnskunnskap

Core Kjerneelementer

  • Identitetsutvikling og fellesskap
  • Undring og utforsking
  • Samfunnskritisk tenking og samanhengar
  • Demokratiforståing og deltaking
  • Undring og utforsking
  • Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking
  • Medborgarskap og berekraftig utvikling
  • Identitet og livsmeistring

Cogs Tverrfaglig tema

Bærekraftig utvikling

Demokrati og medborgerskap

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

7. trinn
Samfunnsfag
  • gi døme på kva lover, reglar og normer er og kva slags funksjon dei har i samfunn, og reflektere over konsekvensar av å bryte dei
7. trinn
Samfunnsfag
  • utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap
10. trinn
Samfunnsfag
  • reflektere over korleis identitet, sjølvbilete og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og presentere forslag til korleis ein kan handtere påverknad og uønskte hendingar
10. trinn
Samfunnsfag
  • beskrive sentrale lover, reglar og normer og drøfte kva konsekvensar brot på desse kan ha for den enkelte og for samfunnet på kort og lang sikt
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • gjere greie for sosialisering og drøfte korleis identiteten og sjølvkjensla til ungdom blir påverka gjennom sosialisering
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • utforske og beskrive korleis organiseringa av samfunnet og arbeidslivet i Noreg har endra seg, og drøfte korleis den nordiske samfunnsmodellen møter utfordringar enkeltpersonar og samfunnet står overfor

Frivilligheit

Ordet «frivilligheit» inneheld to ord: fri og villig. Når du jobbar frivillig, jobbar du ikkje for å få løn, men kan du få noko anna?

FN har bestemt at 2022 skal vere frivilligheitsåret.

Eit eige år og ein eigen dag

Frivilligheita har òg ein eigen dag kvart år, 5. desember. Då deler vi i Noreg ut Frivilligheitsprisen. Prisen går til ein person eller ei gruppe som har utmerkt seg når det gjeld å arbeide frivillig.

Målet  for  frivilligheitsåret

Det viktigaste målet for FN er å skape fred i verda, og frivillig arbeid er eit viktig skritt på vegen. Frivillig arbeid kan bidra til at menneske kjem nærmare kvarandre og forstår kvarandre betre.

Frivilligheit kan vere med på å  skape ei betre verd!

Målet for frivilligheitsåret:

1. Få fleire til å jobbe frivillig.

2. Opne for frivillig innsats fleire stader.

3. Skape større kunnskap om den verdien dei frivillige gir samfunnet.

 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fargerike armer av papir strekker seg mot jordkloden i midten.

Hæ? Jobbe gratis?

Viss du utfører ein jobb, vil du sikkert ha ei løn? Du kan òg få betalt i form av gåver eller tenester. Eit døme kan vere at du slår plenen for naboen din, medan naboen din handlar for deg. Vi kan kalle det eit bytesamfunn.

Kvifor skal vi jobbe som frivillige?

I dag ventar vi som regel å få løn for å gjere ein jobb. Kvifor skal vi då melde oss frivillige og jobbe gratis?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Nærbilde av en gressklipper som klipper gress.

Ei anna påskjønning

Frivillig arbeid er arbeid du gjer fordi du ønskjer å bidra til eit betre samfunn. Motivasjonen skal ikkje vere at du skal få ei påskjønning for det du gjer. Men det kan gi deg noko  likevel, til dømes opplevinga av meistring eller gleda av å tilhøyre eit fellesskap!

Berre tenkje på andre?

Når du set andres behov føre dine eigne, då handlar du altruistisk. Ordet kjem frå den franske filosofen August Comte (1798-1857).

Definisjonen av altruisme er:
«Moralsk innstilling som set omsynet til andre sitt vel framfor eigennytta til den handlande».

Berre tenkje på deg sjølv?

Egoisme er det motsette av altruisme. Då tenkjer du berre på deg sjølv og dine eigne interesser.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ung gutt dytter en bil.

Det er lett å bli med!

Viss du vil jobbe som frivillig, har du mange moglegheiter. Du kan gjere det åleine eller i ein organisasjon. Desse finst det mange av:

• frivillige organisasjonar
• interesseorganisasjonar
• ideelle organisasjonar

Kva er ein frivillig organisasjon?

En frivillig organisasjon består av menneske som ønsker å gjere ein jobb for andre. Organisasjonen får kanskje pengar eller gåver frå sponsorar eller medlemmane. Døme på frivillige organisasjonar er Raudekrossen, Redd Barna eller Kyrkjas Bymisjon.

📷   Redningshund og frivillig mannskap frå Raudekrossen.

Kva er ein ideell organisasjon?

Ein ideell organisasjon har som mål å hjelpe andre, men ikke å tene på det. Inntektene kan komme frå kontingent, offentleg tilskot, gåver eller sponsorar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
To personer og en hund som redder noen i snøen.

Sentral for frivilligheit

Frivilligheitssentralen er ein stad som delar ut jobbar til dei frivillige. I Noreg har vi 478 slike sentralar. Målet er å formidle jobbar og samordne oppgåver. Typiske oppdrag kan vere omsorg, sosialt samvære og kultur.

Ung jente pakker matkasser til trengende.

Eit betre samfunn

Frivillig arbeid blir ikkje målt i kroner og øre, men når du jobbar frivillig og hjelper andre menneske, er du med på å skape eit betre samfunn.

Ha ein klar avtale

Viss du er oppteken av å jobbe frivillig, er det viktig å gi tydeleg beskjed om at dette er frivillig arbeid, så ikkje mottakaren trur at dei må betale for arbeidet du gjer.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Et par bærer en sofa opp en trapp.

Kjelder:

  • Tjønneland, Eivind; Sagdahl, Mathea Slåttholm: altruisme i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. januar 2022 frå https://snl.no/altruisme

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images