Algoritmar avgjer kva du les
Korleis trur du YouTube får til å vise deg akkurat det du er interessert i? Og korleis kan det ha seg at Google gir deg andre søkjeresultat enn dei vennene dine får, når de søkjer på akkurat det same?
Svaret er algoritmar. Dette er avanserte reknestykke som klarer å leite seg fram til dei videoane og søkjeresultata som kan passe for akkurat deg.
Mann sitter å googler
Algoritmar er som reknestykke
Ein algoritme er eigentleg berre ei oppskrift på korleis ei oppgåve skal løysast. Regelen for korleis ein deler eit tal med eit anna, er altså eit døme på ein algoritme.
På same måten er eit dataprogram eigentleg berre ein algoritme, skriven på eit språk datamaskinar kan forstå.
Regnestykker på et ark
døme
Korleis opnar ein ei dør?
For oss menneske er det ganske enkelt å opne ei dør. Men viss ein robot skulle ha gjort det, treng han ei oppskrift – ein algoritme – for korleis døra skal opnast:
-
-
Gå bort til døra.
-
Ta tak i dørhandtaket.
-
Skyv handtaket ned.
-
Trekk døra mot deg.
-
Men ikkje alle dører kan opnast i vår retning, og det er mykje anna som kan kome i vegen også. Derfor treng algoritmane vanlegvis mange fleire kodelinjer som tek høgd for ulike moglegheiter.
Åpen dør slipper inn lys
En gjeng står sammen med mobilene sine i hendene
Algoritmestyrt reklame
I tillegg er også sjølve reklamen styrt av algoritmar. Det vil seie at Facebook, Google og andre selskap som samlar inn informasjon om deg, bruker han til å vise deg akkurat den reklamen dei trur du er interessert i. På den måten aukar sjansen for at du vil kjøpe noko.
Dame drikker kaffe og ser på mobilen
Problem med algoritmane
Sidan algoritmane gir deg meir av det du allereie likar og er opptatt av, så kan det også gjere at nyheitene du får sjå, blir begrensa til bestemte meningar og vinklingar.
Mann i fjøset med en i pad som viser bilder av kuer
Filterbobler og ekkokammer
Dermed kan du bli sitjande fast i ei såkalt filterboble, der du berre får sjå nyheiter som bekreftar det du allereie meiner. Slike bobler kan i tillegg vere prega av falske nyheiter. Det er fordi dette er innhald mange deler og trykkjer «liker» på, og dermed trur algoritmane at folk vil sjå meir av det.
Dette kan også gjere at det oppstår såkalte ekkokammer, der folk med dei same meiningane berre ser kvarandre sine idear og oppfatningar. Dette kan føre til ei forsterking av desse meiningane innanfor gruppa, mens avstanden til andre grupper aukar. Dette kallar vi polarisering.
Gutt med avis der det står Fake news
Utnytting av algoritmane
Dei som lager falske nyheiter og dei som ønskjer å påverke meiningane til folk, kan utnytte korleis algoritmane fungerer til å treffe flest mogleg med bodskapen sin.
Dette har til dømes skjedd i samband med politiske val, og i samband med falsk informasjon om koronapandemien.
Mobil med Fake News
Alt blir likt
Algoritmane gjer altså at du kan gå glipp av ulike idear som blir valde bort til fordel for det du allereie er interessert i.
Og det gjeld ikkje berre på sosiale medium. På strøymetenester som Netflix og Spotify blir framsida fylt av innhald som liknar det du allereie har sett og høyrt på.
Mange forskjellige ansikter satt sammen
En mobil med ikoner for sosiale medier
Kjelder:
- Hovde, Kjell-Olav; Grønmo, Sigmund: algoritme i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 31. mai 2021 frå https://snl.no/algoritme
- Enli, Gunn; Aalen, Ida: sosiale medier i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 31. mai 2021 frå https://snl.no/sosiale_medier
- Nasjonal digital læringsarena (21.04.2021): Reklame og algoritmer
https://ndla.no/nb/subject:b84357cc-93f8-4742-a06b-24596307e5d4/topic:78786773-416b-4160-aa9f-67fb5a161c38/resource:224ac302-1aaa-43c7-9228-8b2f4bf402fc?filters=urn:filter:e7b9fcee-cb8b-4e0e-a16d-d7dddbe0b643
- Forskning.no (21.04.2021): – Sosiale medier har blitt et våpen
https://forskning.no/forsvarets-forskningsinstitutt-informasjonsteknologi-internett/sosiale-medier-er-blitt-et-vapen/1731298
- Facebook Engineering (27.04.2021): How machine learning powers Facebook’s News Feed ranking algorithm
https://engineering.fb.com/2021/01/26/ml-applications/news-feed-ranking/
- Nasjonal digital læringsarena (11.05.2021): Over til personlige medier 2000–2020
https://ndla.no/nb/subject:14/topic:1:185588/topic:1:185591/resource:1:72573?filters=urn:filter:94dfe81f-9e11-45fc-ab5a-fba63784d48e
- Den norske skolen, Malaga (31.05.2021): Programmering og algoritmer
https://dnsmalaga.com/programmering-og-algoritmer/
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-