Kva er berekraft?

«Berekraft» er eit anna og enklare ord for «berekraftig utvikling». FNs offisielle definisjon på berekraftig utvikling er:

  • Utvikling som imøtekjem dagens behov utan å øydeleggje moglegheitene for at kommande generasjonar skal få dekt behova sine.

Berekraftig utvikling handlar om at alle i heile verda viser solidaritet med kommande generasjonar, i tillegg til alle dei som lever i dag. Det er ei anerkjenning av at vi berre har éin klode, med ei avgrensa mengd ressursar, og at det er i vår felles interesse å ta vare på kloden.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Strandrydding
Strandrydding

Bakgrunnen

Omgrepet berekraftig utvikling vart først brukt i rapporten «Vår felles framtid» frå 1987.

Rapporten vart gitt ut av FN og vart leidd av tidlegare statsminister i Noreg, Gro Harlem Brundtland. Derfor blir han ofte kalla Brundtland-kommisjonen.

Rapporten kom med løysingar på både fattigdoms- og miljøproblem.

Tre hovudområde

For å skape berekraftig utvikling må verdssamfunnet jobbe på tre område:

  • Klima og miljø
  • Økonomi
  • Sosiale forhold

Leiarane i verda er samde om at økonomi, forskjell og miljø påverkar kvarandre meir enn det vi trudde før.

Vi kan ikkje halde fram med å bruke opp kloden vår. Derfor må vi finne løysingar som balanserer belastninga på miljøet med forbruket og økonomien vår.

Vi må òg finne betre måtar å fordele rikdommen på. Det er berekraftig både for menneske og miljøet.

Illustrasjon av sosiale forhold
Hvit FN-bakgrunn
Hvit FN-bakgrunn

Klima og miljø

Vi er heilt avhengige av naturen for å leve. Måten vi brukar naturen på i dag, har store konsekvensar for både natur og menneske.

Klimagassutsleppa våre varmar opp havet og lufta, og fører til at dyreartar blir utrydda for godt. Det gjer oss meir sårbare for naturkatastrofar og truar livsgrunnlaget vårt.

Det kan igjen  føre til uro og konfliktar i kampen om naturressursar.

For å stanse klimaendringane og bidra til ei berekraftig utvikling, må landet i verda derfor satse meir på fornybare ressursar som vasskraft, vindkraft og solkraft.

I 2015 vart alle land i FN samde om ein klimaavtale. Dei kalla den Paris-avtalen, sidan han vart vedteken i Paris.

Paris-avtalen er ein historisk milepæl for klimaet. Dette er den første juridisk forpliktande klimaavtalen med reell deltaking frå alle land.

Alle land skal rapportera om klimatiltak og framdrift kvart femte år. Det langsiktige målet er å avgrensa global oppvarming til godt under 2 grader celsius samanlikna med førindustrielt nivå, og ikkje meir enn 1,5 graders oppvarming.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Oversvømmelse
Oversvømmelse

Økonomi 

Det er stor forskjell mellom fattige og rike i verda, og denne forskjellen veks seg stadig større.

Dei åtte rikaste mennene i verda eig like mykje som halvparten av jordas befolkning!

Fattigdom kan føre til konfliktar og krig.

Det er viktig at alle får reint vatn, mat, sjukehus og skular for at me skal skapa eit fredeleg og rettferdig samfunn.

Viss alle menneske på jorda skulle hatt same forbruket som menneske i Norden, måtte vi hatt 3,4 jordklodar.

Samanliknar vi til dømes med forbruket til den indiske befolkninga, hadde vi berre trunge litt meir enn ein halv jordklode.

Det betyr at rike land må endre ressursbruken sin, om vi skal oppnå berekraftig utvikling.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Fattig og rik
Fattig og rik

Sosiale forhold

Den sosiale delen av berekraftig utvikling handlar om å sikre at alle menneske får eit godt og rettferdig grunnlag for eit anstendig liv.

Det dreier seg mellom anna om utdanning, arbeid, likestilling, kulturelt mangfald og eit godt helsetilbod.

Å satse på utdanning er noko av det viktigaste vi kan gjere for å redusere fattigdom og utvikle demokrati. Her er utdanning av jenter heilt sentralt.

Kvinner med utdanning blir meir sjølvstendige og får færre barn, noko som bremsar befolkningsveksten.

Det å skaffe arbeid til kvinner er også veldig positivt for økonomien i eit land. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Utdanning for jenter
Utdanning for jenter

Berekraftsmåla til FN

Berekraftsmåla til FN er ein felles arbeidsplan for heile verda. Målet er å utrydde fattigdom, kjempe mot forskjellar og stoppe klimaendringane innan 2030.

Berekraftsmåla til FN består av 17 mål. Måla skal fungere som ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn.

Ein av grunntankane i berekraftsmåla er at alle skal med . Dei mest sårbare menneska må derfor prioriterast.

Døme på sårbare grupper er menneske med nedsett funksjonsevne, flyktningar, etniske og religiøse minoritetar, jenter og urfolk.

Korleis vil vi ha det i framtida?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
FNs bærekraftmål
FNs bærekraftmål

Slik skal me nå berekraftsmåla

Då berekraftsmåla vart vedtekne i FN i 2015, var dei nordiske landa pådrivarar for å få dei historiske planane vedtekne, og Erna Solberg gjekk i spissen.

Sommaren 2021 presenterte dei nordiske landa ein «Handlingsplan for å nå berekraftsmåla innan 2030».

Finland lovfesta dei mest ambisiøse klimamåla i verda. Dei skal bli karbonnøytrale i 2035, altså ha null utslepp, og ha negative utslepp i 2040.

Viss Finland skal nå klimamåla, må skogindustrien i landet endrast. Skogen dekkjer to tredelar av Finland, og skogindustrien er viktig for finsk økonomi.

Noregs mål er å redusera utsleppet av klimagassar med 50 til 55 prosent innan 2030. Dei viktigaste kjeldene til utslepp av klimagassar i Noreg er olje- og gassutvinning.

Likevel er det ingen konkrete planar om å slutta å henta ut olje.

Norske oljetønner
Hvit FN-bakgrunn
Hvit FN-bakgrunn

Alle har eit ansvar 

Dei 17 berekraftsmåla med dei 169 delmåla gir håp for framtida. Menneske har ei unik evne til å samarbeide og finne løysingar saman. Eit globalt ansvar og samarbeid vil vi trenge no som vi står overfor vår tids største utfordringar.

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images / Hei verden YouTube
    6. Getty Images
    7. Getty Images / FN-sambandet Norge YouTube
    8. Getty Images
    9. Getty Images