Å nei, ei kvise!

Dei blir kalla kviser, filipensar eller akne og kan vera utruleg irriterande. Dei dukkar opp der du minst vil ha dei, akkurat når du minst ønskjer det. I andletet, på ryggen, brystet og skuldrene, og sjølvsagt i ungdomstida.

Kviser er bitte små skadar eller infeksjonar i hårsekkane i huda, der hårstråa våre veks ut.

Kvifor får me kviser?

På røtene til håret er det festa små kjertlar som heile tida lagar ei olje kalla talg. Dei smører huda og håret, men nokre gonger lagar dei for mykje talg. Då trivst bakteriane. Kroppen reagerer, og hårsekken blir betent. Det dannar seg ein væskepropp av det me kallar puss.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Forklaring på kviser
Steril bakgrunn
Steril bakgrunn

Kvifor akkurat no?

I puberteten aukar produksjonen av hormon, særleg testosteron. Difor får tenåringar kviser. Nokre typar sminke og kremar fører også til kviser. Stress, menstruasjon og sukker kan utløysa kviser. Men det er enno ikkje bevist at sjokolade gir kviser …

Kvifor akkurat meg?

Ja, det er urettferdig når du har fått ei stor kvise på nasen, men du er ikkje åleine. 80 prosent av oss slit med kviser, frå me er 11 år og heilt opp til 30-årsalderen.

Ingen rask kur

Det finst ingen mirakelkur mot kviser, men det finst mange såper og salvar med ingrediensar som reinsar huda. Er ein veldig plaga, kan ein få medisin frå legen. Dei enklaste råda er å vaska andletet og gjera det som kan vera det viktigaste av alt: Ikkje klemma på kvisene!

Kjelder:

  • Kropp og helse (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Shutterstock
    2. Shutterstock
    3. Shutterstock / Thinkstock
    4. Shutterstock
    5. Getty Images
    6. Shutterstock
    7. NRK