Kva er ein regnskog?

Sjølv om dei dekker berre seks prosent av overflata til jorda er dei heim til over halvparten av dyreartene til jorda. Bli med inn i den mystiske regnskogen!

Accessibility icon Kva er ein regnskog?

Regnskogen

Med sitt rike dyreliv er regnskogane på jorda heilt unike. Regnskogar finn ein på heile jorda, utanom Antarktis. Regnskogen får opp mot 2000 millimeter regn kvart år, er veldig viktig for helsa til jorda og vert difor kalla «lungene til jorda».

Fleire typar regnskog 

Det finst fleire typar regnskog. Tropisk regnskog finst i tropane, nær ekvator. Der er det varmt og fuktig heile året. Subtropisk regnskog finn du nord og sør for dette beltet, der det framleis er varmt, men noko turrare.

Temperert regnskog finst eit stykke frå tropane, ofte ved kysten. Der er det mykje fukt, varmt om sommaren og kaldt om vinteren. Begge typane regnskog er veldig fuktige stadar med mykje sollys og varme. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En sti som går igjennom en frodig og grønn skog.
En sti som går igjennom en frodig og grønn skog.

Kvar veks regnskogane?

Dei største tropiske regnskogane finn ein i Sør-Amerika (Amazonas), i Sentral-Afrika og i Søraust-Asia (på øya Ny-Guinea). Temperert regnskog finn ein i Nord-Amerika, Chile, New Zealand, Tasmania, Taiwan, Japan og i Trøndelag i Noreg.

Regnskog i Noreg

Vi har altså regnskog i Noreg også. Denne finst blant anna i kystnære skogsområde i Rogaland, Trøndelag og Nordland. I desse områda har vi ikkje tropevarme, men jamn tilgang på fukt. Det vil seia at det kjem minst 1200 millimeter nedbør i året, og at minst 200 dagar av året har nedbør. Nedbør er regn eller snø, som fell ned på jorda. Norsk regnskog har gran, og har spesielt mange ulike sortar lav som gjer desse områda heilt unike.

En liggende trestamme i skogen med sollyset flommende mellom trærne

Laga i regnskogen

Regnskogforskarar deler skogen i fleire lag eller sjikt som vi kallar det. Kvart lag har ulik temperatur og grad av fukt, får ulik mengde sollys og har heilt ulike plantar og dyr.

Toppsjiktet

Høgde: 70-80 m. Det øvste sjiktet i alle regnskogar heiter toppsjiktet. Her er det spreidde, store (70–80 meter høge) tre som strekkjer seg langt over kronesjiktet.  Desse skogskjempene kan ein kjenna att på dei paraplyliknande tretoppane. Dei er laga slik for å kunne fanga opp mykje lys.

Trea har tjukke stammar som held trea oppreist, sjølv om sterk vind tek tak i den øvste delen av treet. Her lever mange fugleartar, insekt og pattedyr – til dømes ørner, apar og sommarfuglar. Sidan dette sjiktet ligg så høgt oppe og er utsett for både sol og sterk vind, finn vi berre ein liten del  av artane til regnskogen i toppsjiktet.  

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kronesjiktet

Høgde: 35–40 m. Kronesjiktet er eit av dei sjikta i regnskogen kor vi finn størst biologisk mangfald. Biologisk mangfald tyder at det er mange ulike, levande organismar som bur der. Halvparten av alle planteartane på jorda finst her.

Dyrelivet i kronesjiktet er ganske likt dyrelivet i toppsjiktet, men på grunn av meir skugge og dei fuktige omgjevnadane er temperaturen jamnare. Difor er mangfaldet her mykje større. Konesjiktet er hovudsakleg eit tettvakse system av slyngplantar og greiner. Her søkjer dyra ly for solstrålane. Dyr som lever i kronesjiktet, er dovendyr, papegøyar og tukanar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Underskogsjiktet

Høgde: 0,5–35 m. Rett under kronesjiktet og over skogbotnen ligg underskogsjiktet: ein mørk, tett, fuktig labyrint av buskar, slyngplantar og tre med store blad. I dette sjiktet bur dyr som slangar, jaguarar og firfisler, så her er det ganske farleg å vera.

På grunn av kronesjiktet som ligg lenger opp, kan svært lite lys trengja gjennom dette laget. Difor må mange av plantane og trea utvikla store blad, slik at dei kan utnytta det vesle lyset mest mogleg. Mangfaldet av insekt er rikt her, og bladskjerarmaur, edderkoppar, mygg og møll er vanlege syn.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Skogbotnen

Høgde: 0–0,5 m. Det lågaste sjiktet i regnskogane er skogbotnen, eit sjikt heilt nede ved bakken der jordkvaliteten er svært dårleg grunna den nesten totale mangelen på sollys. Likevel er dette laget rikt på mose, sopp, mikroorganismar og insekt som termittar og meitemark.

Kjelder

  • Junior vitenskap (2018)
    Orage Forlag AS
  • Hjermann, Dag Øysteintemperert regnskog i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. august 2020 frå https://snl.no/temperert_regnskog

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images