Kva er FN?

24. oktober kvart år blir FN-dagen markert over heile verda. Men kva er FN, og kva slags oppgåver har eigentleg FN?

Accessibility icon Kva er FN?

Målet var å sikre evig fred

Foreinte Nasjonar (FN) vart oppretta i 1945. Målet var å unngå krig i framtida. 51 land bestemte seg for å skrive under FN-pakta. Pakta forplikta alle landa til å samarbeide om fred og menneskerettar.

📷  Wilhelm Munthe Morgenstierne, ambassadør og norsk delegat, signerer FN-pakta ved ein seremoni i San Francisco 2. juni 1945.

Ein for alle – alle for ein

I 2022 har FN 193 medlemsland over heile verda. FN har hovudkontor i New York i USA. Der møtest alle medlemslanda kvart år for å diskutere internasjonal politikk. For at FN skal kunne gjere ein forskjell i verda, må medlemslanda stå samla.

Samarbeid for ei tryggare verd

For mange er verda ein farleg stad, men mange jobbar for å gjere henne tryggare. Det blir gjort utruleg mykje for å sikre fred og hjelpe menneske i naud.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Wilhelm Munthe Morgenstierne, ambassadør og norsk delegat, signerer FN-pakten ved en seremoni i San Francisco 2. juni 1945.
Wilhelm Munthe Morgenstierne, ambassadør og norsk delegat, signerer FN-pakten ved en seremoni i San Francisco 2. juni 1945.

Kva er eigentleg jobben til FN?

Den viktigaste jobben til FN er å bevare internasjonal fred og tryggleik. FN har plikt til å bruke fredelege metodar. Likevel kan dei samarbeide med NATO for å sikre fred. Det skjedde i 2011 då FN godkjende bombing av Libya. Der var befolkninga undertrykt av leiaren i landet, Muammar al-Gaddafi.

FN har ikkje eigen hær

FN har ikkje eigne militære styrkar. Oppgåva til FN er nemleg å unngå bruk av våpen i størst mogleg grad. Likevel kan soldatar frå medlemslanda stille opp for å sikre fred i ulike land.

Ikkje berre krig og fred

FN jobbar ikkje berre med å sikre fred i verda. FN har og som mål å utrydde fattigdom og stanse farlege sjukdommar. Dei passar og på at ingen bryt menneskerettane. For å nå desse måla må FN-landa jobbe saman. Og jobben må bli gjort kvar einaste dag!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
FN soldat står på en høyde og speider utover med en kikkert.
FN soldat står på en høyde og speider utover med en kikkert.

Pliktar og rettar

Medlemslanda i FN er suverene statar. Ein suveren stat er eit land som bestemmer over seg sjølv i det geografiske området sitt. FN skal ikkje blande seg inn i ein suveren stat før det førekjem brot på menneskerettane eller går mot krig.

Løyse konfliktar med fredelege middel

Alle medlemsstatar må støtte det arbeidet FN gjer. Konfliktar skal i størst mogleg grad bli løyste med fredelege middel.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Verdenskart der hvert land er fargelagt som sitt eget flagg.
Verdenskart der hvert land er fargelagt som sitt eget flagg.

FN er ein stor organisasjon

FN er inndelt i ulike grupper. Gruppene blir kalla organ. Kvar gruppe har sine ansvarsområde.

FNs generalforsamling

Alle medlemsland møtest i FNs generalforsamling ein gong i året. Her bestemmer dei kva FN skal jobbe med. Kvart land har like mykje å seie når dei skal stemme over noko. Generalforsamlinga møtest i FNs hovudkvarter i New York.

FNs generalforsamling
FNs generalforsamling

FNs tryggingsråd

Tryggingsrådet må gjere noko viss internasjonal fred og tryggleik er trua. Tryggingsrådet kan kalle ut soldatar frå medlemslanda viss det er nødvendig. Alle medlemslanda i FN må følgje det Tryggingsrådet bestemmer.

Medlemmar av Tryggingsrådet

15 land er medlemmar av FNs tryggingsråd. Frankrike, Kina, Russland, Storbritannia og USA er faste medlemmar. Resten av medlemmane blir valde av FNs generalforsamling for to år om gongen.

Ikkje alltid fleirtalet som bestemmer

Når Tryggingsrådet skal bestemme noko, går dei til val. Kvart medlem har éi stemme. Det trengst eit fleirtall på ni stemmer for å bestemme noko. Likevel kan kvar av dei fem faste medlemmane stemme imot. Dei har noko vi kallar vetorett. Det betyr at dei kan stanse Tryggingsrådets hovudoppgåve: Å sikre fred og tryggleik.

Vetorett og brot på folkeretten

I krigen mellom Russland og Ukraina kan ikkje FN gå til væpna angrep for å få til fred. Russland har lagt ned veto i Tryggingsrådet. I 2003 forsøkte USA å overtyde Tryggingsrådet om at Irak produserte atomvåpen, og at USA derfor måtte gå til krig mot dei for å få stoppa dette. FN sa nei til krig, men USA høyrde ikkje på det. Krigen var derfor eit brot med folkeretten. USA braut reglane som FN hadde bestemt.

Nye land i FN må bli godkjende

Nye land som vil bli medlem av FN, må bli godkjende av Tryggingsrådet. Rådet anbefaler dei vidare til Generalforsamlinga, som stemmer over det. Dette gjeld og val av generalsekretær, FNs øvste leiar.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
FNs sikkerhetsråd
FNs sikkerhetsråd

Den internasjonale domstolen

Ein domstol skal finne ut om nokon har brote lova. Det kan handle om innbrot, sal av narkotika eller i verste fall mord. Då må dei som har gjort noko gale, møte i ei rettssak hos domstolen for å få ei straff. Eller bli frifunne viss dei IKKJE har gjort noko gale. Etter ei rettssak er det dommaren som avgjer korleis straffa blir.

Oppgåva til domstolen til FN  er å hjelpe til med å løyse konfliktar mellom to medlemsland. Det kan vere at eit land har brote lover og reglar. Domstolen består av 15 dommarar og ligg i byen Haag i Nederland. Ni av dommarane må vere samde for at Domstolen kan bestemme noko.

Den in ternasjonale domstolen i Haag sett utenfra.
Den in ternasjonale domstolen i Haag sett utenfra.

FN passar på verda

FN har som jobb å passe på menneske over heile verda. For denne innsatsen har FN mottatt Nobels fredspris mange gongar. Fredsprisen blir delt ut i Oslo kvart år til nokon som jobbar aktivt med fred og tryggleik.

📷  Bronserevolvaren har tittelen «Non-Violence» og vart utforma i 1985 av den svenske kunstnaren Carl Fredrik Reuterswärd (1934–2016).  Revolveren har vorte eit symbol for fred rundt om i verda og står mellom anna som skulptur utanfor FN-bygningen i New York.

Fredsbevarande styrkar

FN har sendt soldatar til over 70 område i verda, for å bevare eller gjenopprette fred.

Naud og fattigdom kan motverke fred

FN meiner at krig ofte startar på grunn av fattigdom og naud. FN jobbar derfor mykje for at fattige og flyktningar skal få gode levevilkår.

FNs berekraftsmål

I 2015 bestemte Generalforsamlinga seg for å setje 17 berekraftsmål for ei betre verd. Berekraft betyr at menneske i dag skal kunne leve godt, utan å øydeleggje jorda for dei som kjem etter oss. Mange av måla skal vere nådde innan 2030.

Klimaendringar

FN arbeider og for å rette opp klimaendringane. Dei bidrar til å lage klimaavtalar, som til dømes Kyotoavtalen frå 1997 og Parisavtalen frå 2015. FN samarbeider med forskarar frå heile verda, og desse sit i FNs klimapanel.

Menneskerettar

Alle menneske har rett til fridom og tryggleik. Uansett kor du bur eller kven du er. For å passe på denne retten, vart menneskerettane skrivne ned i 1948. Desse gjeld over heile verda. Dei som bryt rettane, kan straffast.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt
Skulptur av en pistol med knute på løpet.
Skulptur av en pistol med knute på løpet.

Noreg og FN

I Noreg blir FN først og fremst forbunde med dei lyseblå hjelmane til FN-soldatane, men FN bidrar med så mykje meir enn det. Noreg har bidratt mykje i FN sidan starten i 1945. Noreg jobbar aktivt for ei betre verd. Den første generalsekretæren i FN var norske Trygve Lie.

Bidrar med pengar og personell

Noreg bidrar med mykje pengar til FN, men sender og mange soldatar til FN-oppdrag. I 2017 låg Noreg på sjetteplass over land som bidrar til FN. Noreg har delteke med soldatar i 25 fredsbevarande operasjonar.

Skulane gjer eit viktig arbeid

Skular og barnehagar gjer eit viktig arbeid med å markere FN-dagen kvart år. Då lærer dei om fred og menneskerettar.

Gjennom denne markeringa veks barn og ungdom opp med ei forståing av at internasjonalt samarbeid hjelper, og at alle kan bidra. 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Barnehagebarn som vifter med FN-flagg
Barnehagebarn som vifter med FN-flagg

Kva har FN eigentleg oppnådd?

Mange barn og voksne er redde om dagen, og situasjonen i verda kan sjå temmeleg mørk ut. Men det finst håp der ute!

Det er nokon som står på døgnet rundt heile året for å gjere verda til eit tryggare stad. Kvart år blir FN-dagen markert over heile verda. Vi har mykje å vere takksame for. Korleis hadde verda sett ut viss FN ikkje hadde gjort jobben sin?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
FN-soldat snakker med tre barn.
FN-soldat snakker med tre barn.

Kjelder:

  • Knudsen, Olav Fagelund; Ravndal, Ellen Jenny; FN-sambandet: FN – Forente nasjoner i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 19. oktober 2022 frå http://snl.no/FN_-_Forente_nasjoner
  • Knudsen, Olav Fagelund: stat i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 
    18. oktober 2022 fra https://snl.no/stat

Bilde- og videorettar:

    1. Offentlig eiendom
    2. UN Photo
    3. UN Photo / Yutaka Nagata
    4. UN Photo / Rick Bajornas
    5. UN Photo / Rick Bajornas
    6. Getty Images
    7. UN Photo / Eskinder Debebe
    8. FN-sambandet
    9. UN Photo / Eskinder Debebe