Kva er geografi?

Visste du at det er foreslått å kalle den tida vi lever i nå for Antropocen, som betyr «menneskets tid»? Det er fordi spor etter menneske påverkar jordkloden på linje med dei naturlege prosessane, og spora våre vil vere synlege i kanskje fleire millionar år framover. I geografi prøver vi nettopp å forstå kvifor det ser ut slik akkurat her, og korleis naturen og mennesket gjensidig har påverka kvarandre.

Accessibility icon Kva er geografi?

Omgrepet geografi

Ein introduksjon

Geografi er ein vitskap som har røter i oldtida.. Ordet «geografi» kan omsetjast med l «jordbeskriving» ved å analysere opphavet til ordet: «geo» betyr jord, og «grafein» betyr å teikne eller beskrive. Men geografi er mykje meir enn berre kart og beskrivingar.

Geografi handlar om å forstå både dei fysiske systema, som atmosfære, landformer og vatn, og korleis menneskeleg aktivitet påverkar dei. Til dømes, geografar studerer korleis menneske påverkar miljøet gjennom bygging av byar, jordbruk og industri.

Jordkloden med en mørk og en lys side.
Jordkloden med en mørk og en lys side.

Geografi er meir enn berre kart

Geografi er ei bru mellom naturvitskap og samfunnsvitskap. For å forstå geografi treng vi kunnskap om mange andre område, som til dømes biologi, meteorologi, historie, økonomi, antropologi, arkitektur, sosiologi og statsvitskap. I geografi ser vi på ting frå eit unikt perspektiv.

Medan andre fag ser på enkeltplantar, ser geografi på korleis heile vegetasjonen i eit område blir påverka av faktorar som klima og menneskeleg aktivitet. Medan andre fag fokuserer på dag-til-dag-ver, ser geografi på den llangsiktige påverknaden klimaet har på eit område. Geografi ser også på korleis ulike stader har ulike styreformer og ulik maktfordeling, og kvifor det er slik.

I geografi er det viktigare å spørje kvifor Oslo er Noregs hovudstad, enn berre å vite kva Noregs hovudstad heiter og kor han ligg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kart over Skandinavia
Kart over Skandinavia

Jobbar innan geografi

Med ei utdanning i geografi kan du jobbe med forsking om til dømes ras, skredfare og korleis menneske påverkar naturen. Geografar arbeider òg med planlegging og styring på ulike nivå, som lokalt, regionalt, nasjonalt eller internasjonalt. Oppgåvene dine kan inkludere å ta vare på naturen, fremje økonomisk utvikling, lage by- og kommuneplanar, jobbe med bustadpolitikk, eller planleggje transport.

To personer i et kontorlandskap som planlegger et boligområde. Et kart over dette vises på en PC.
To personer i et kontorlandskap som planlegger et boligområde. Et kart over dette vises på en PC.

Geografi frå ulike synsvinklar

Tenk deg ei strand. Her vil ulike typar geografar sjå på stranda på ulike måtar.

En strand med klart vann og blå himmel på Maldivene.
En strand med klart vann og blå himmel på Maldivene.
Naturgeografi

Naturgeografen studerer korleis naturkrefter, både inni og utanfor jorda, har forma stranda.

Strand med sanddyner i solnedgang
Strand med sanddyner i solnedgang
Samfunnsgeograf

Samfunnsgeografen ser på korleis menneska på stranda organiserer seg i grupper, og korleis dei samhandlar.

Strand med mange solsenger og palmer i forgrunnen
Strand med mange solsenger og palmer i forgrunnen
Vegetasjonsgeograf

Vegetasjonsgeografen fokuserer på plantelivet på stranda og korleis menneske påverkar det.

Gress og strå på en strand på New Zealand
Gress og strå på en strand på New Zealand
Regionalgeograf

Regionalgeografen ser på korleis menneske er spreidde over ei strand, og hen prøver å finne mønster og endringar over tid.

Nokre andre interessante ting å leggje merke er kvifor folk grupperer seg som dei gjer, og kva som påverkar det. Dette kan variere frå stad til stad i verda. Har du lagt merke til at på norske strender ligg folk ofte langt frå kvarandre, medan dei ligg tettare i Italia eller Brasil.

En strand med mennesker sett ovenifra
En strand med mennesker sett ovenifra

Kva er stader og område?

Stader kan vere svært ulike kvarandre, sjølv om dei har same gateadressa. Dette kjem av at stader har sine eigne unike karaktertrekk som natur, kultur og sosiale relasjonar. Område og regionar er større område som har noko til felles, anten det er fysiske eigenskapar som ørkenar eller menneskelege eigenskapar som handelssenter.

Deler av jordkloden som også har tegnet inn bredde- og lengdegrader
Deler av jordkloden som også har tegnet inn bredde- og lengdegrader

Absolutt og relativ lokasjon

Absolutt lokasjon og relativ lokasjon handlar om korleis vi beskriv kvar noko eller nokon er.

Absolutt lokasjon

Dette gir oss ei nøyaktig adresse eller koordinater som fortel oss nøyaktig kvar noko er. Til dømes kan «Storgata 3, Lillehammer» vere ein absolutt lokasjon, og han  alltid vil vere den same uansett kvar du er i verda.

Relativ lokasjon

Dette handlar om å beskrive kor noko er i forhold til noko anna. Det endrar seg avhengig av kor du er. Til dømes, når vi gir vegbeskrivingar til ein stad, bruker vi relativ lokasjon. Vegbeskrivingane blir endra etter kvar du startar frå. Så viss du seier «frå skulen til parken», vil reiseruta vere ulik avhengig av kva slags skule du startar frå, eller til kva slags park du skal.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kva er områder og regionar?

Område og regionar handler om forskjellige stader på jorda. Det kan vere ein bydel som Chinatown, fjell, sjøar og mykje meir. Eit område eller ein region er eit spesielt område som har noko til felles med andre stader. Nokre gongar er likskapen basert på korleis staden ser ut, som ørkenar eller regnskogar. Andre gongar handler det om kva folk gjer der, som handel, industri eller kvar dei bur. Nokre område har både ting frå naturen og menneske som gjer dei spesielle. Enkelte område er avgrensa av både fysiske og menneskelege kjenneteikn.

En elv som renner gjennom den Brasilianske regnskogen sett ovenifra
En elv som renner gjennom den Brasilianske regnskogen sett ovenifra

Fysiske system

Fysiske system i geografi handlar om naturen, som lufta rundt oss, fjella, vatnet og slike ting. Geografar prøver å forstå korleis desse tinga forandrar seg på ulike stader og over tid. Dei vil ikkje berre seie korleis ting ser ut, men også kvifor dei fungerer slik dei gjer. Til dømes, kvifor kan to stader ha same klimaet, men likevel sjå veldig ulike ut?

En rolig fjord mot en blå himmel i en dal i Sogndal
En rolig fjord mot en blå himmel i en dal i Sogndal

Menneskeleg påverknad

Geografi handlar om å forstå korleis naturen fungerer og korleis menneske påverkar han. Vi ser på ting som atmosfære, landformer, vatn, og korleis desse endrar seg frå stad til stad og over tid. Menneske endrar òg naturen ved å byggje byar og dyrke jorda.

Mennesker på vei til og fra jobb i et bybildet med høyhus
Mennesker på vei til og fra jobb i et bybildet med høyhus

Miljø og samfunn

Geografar er òg opptekne av miljømessige og samfunnsmessige spørsmål. Vi menneske endrar naturen rundt oss ved å byggje, forureine og påverke klimaet. Dette fører til utfordringar som vi må takle, til dømes klimaendringar og forureining.

En traktor sprøyter insektsmiddel i åkeren
En traktor sprøyter insektsmiddel i åkeren

Trivsel og livskvalitet

Kvar vi bur, påverkar korleis vi har det. Trivsel handlar om naturen rundt oss, opplevingane våre og dei sosiale relasjonane våre. Nokre liker vakker natur, medan andre vil ha eit urbant miljø med mange aktivitetar og tenester. Samtidig speler dei sosiale nettverka våre ei viktig rolle for  trivselen vår.

Et barn blåser bobler ut av et vindu på et rødt lekehus
Et barn blåser bobler ut av et vindu på et rødt lekehus
Ulike ynskjer

Nokre liker å bu på stader med vakker natur eller flotte bygningar. Andre føretrekkjer stader som har alt dei treng, som gode skular, fine idrettsanlegg, masse kulturaktivitetar, tilgang til helsehjelp, eller mange butikkar og restaurantar. Nokre vil trivast best der folk kjenner kvarandre godt, medan andre vil like å vere meir anonyme. Nokre føler ei spesiell tilknyting til stader dei voks opp, så dei flyttar tilbake etter å ha budd andre stader.

Kva synest du gjer ein stad bra å bu på?

Middelalderstrøk og Mariakirken i Krakow opplyst på kvelden
Middelalderstrøk og Mariakirken i Krakow opplyst på kvelden

Med geografibrillene på!

Viss du er nysgjerrig og vil utforske verda på ein djupare måte, kan geografi gi deg dei verktøya du treng. Sjå rundt i ditt eige nærområde med «geografibrillene» på. Spør deg sjølv kvifor ting er som dei er, og korleis dei påverkar samfunnet. Gjennom geografi kan du ikkje berre forstå verda betre, men også bidra til å forma ei berekraftig framtid ved å bruke kunnskapane dine og analytiske ferdigheiter.

Geografi handlar om å forstå korleis verda fungerer, og det kan vere veldig interessant når du begynner å sjå samanhengar mellom ting.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Jente går ned en trapp i en by med et skateboard under armen
Jente går ned en trapp i en by med et skateboard under armen

Kjelder:

  • Store norske leksikon (2005 – 2007): geografi i Store norske leksikon på snl.no.
    Hentet 25. oktober 2023 fra https://snl.no/geografi
  • Rugstad, Audun; Brøgger, Anton: biologi i Store norske leksikon på snl.no.
    Hentet 25. oktober 2023 fra https://snl.no/biologi
  • Semb-Johansson, Arne; Hjermann, Dag Øystein; Ratikainen, Irja Ida: økologi i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 25. oktober 2023 fra https://snl.no/%C3%B8kologi
  • Åbro, Arnold; Støp-Bowitz, Carl: zoologi i Store norske leksikon på snl.no.
    Hentet 25. oktober 2023 fra https://snl.no/zoologi
  • Nilssen, Unni; Sivle, Anders Doksæter; Nielsen, Ole: meteorologi i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 25. oktober 2023 fra https://snl.no/meteorologi
  • Skirbekk, Sigurd; Kjølsrød, Lise; Tjora, Aksel: sosiologi i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 25. oktober 2023 fra https://snl.no/sosiologi

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Google maps
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. Getty Images
    14. Getty Images
    15. Getty Images
    16. Getty Images
    17. Getty Images