Kva er kjærleik?
Kjærleiken er blind, han har ingen grenser, han er ei kraft som overvinn alt. Det er bandet som knyter oss saman og held oss i live.
![Kva er kjærleik?](https://skolerom.no/wp-content/uploads/sites/2/2021/01/GettyImages-1294492875-scaled-e1610703884508.jpg)
Ved første blikk
Du har allereie opplevd det. Då du opna auga for første gong, såg du inn i to andre auge som lyste av den sterkaste krafta menneska har. Mors kjærleik. Du var fullstendig avhengig av han for å overleva. Og mamma var fullstendig oppslukt av deg (same kor rar du synest du såg ut på bileta). Hjartet til mor di var i ferd med å bli sprengt av denne kjensla – kjærleiken til deg. Bandet mellom mor og barn er ei av dei sterkaste kjenslene vi kjenner til.
![Nybakt mamma med babyen hennes på sykehuset](https://skolerom.no/wp-content/uploads/sites/2/2021/01/GettyImages-1217885880-scaled-e1610701348744-1280x816.jpg)
Nybakt mamma med babyen hennes på sykehuset
Underleg
Kjærleik er ifølgje psykologien ei positiv kjensle, ein tilstand som plutseleg fyller deg, og det skjer som oftast i møte med andre. Det er dei små, korte lykkeblaffa som blussar opp i møtet mellom menneske. Noko uventa komisk skjer i kassakøen på butikken, blikk blir veksla, og alle bryt ut i latter. Du gir bestevennen din ein god klem etter å ha vore borte lenge. Eller hunden din som kjem springande mot deg i ekte gjensynsglede.
![Border collie løper på en gresslette](https://skolerom.no/wp-content/uploads/sites/2/2021/01/GettyImages-878602236-scaled-e1610702326441-1280x904.jpg)
Border collie løper på en gresslette
Ønsker du å lese hele artikkelen?
Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.
Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!