Kva er religion?

Heilt sidan dei første menneska sat rundt bålet og fortalde kvarandre historier, har vi hatt behov for å tru på noko guddommeleg. Men kva er religion, og kvifor trur vi?

Prehistoriske mennesker rundt bålet
Prehistoriske mennesker rundt bålet

Gammal tru

Det er ikkje så enkelt å forklare kva religion er. Vitskapen forklarer det som «trua på guddommelege eller overnaturlege vesen, som gudar, englar, demonar eller heilage dyr».

Det er sannsynleg at mennesket til alle tider har trudd på ei større makt. Då mennesket utvikla ein større hjerne, fekk vi fantasi. Dermed kunne vi gruble over kvar vi kom frå, og kvar vi skal etter døden. Fantasien gjer òg at vi kan skape kunst og musikk.

Hender holdes åpne mot solen
Hender holdes åpne mot solen

Fellesskap

Samarbeid var veldig viktig. Det førte mellom anna til at flokken av steinaldermenneske jakta saman for å felle større dyr. Seinare bygde ein enorme og kostbare katedralar – som står den dag i dag. Det å jobbe i fellesskap skapte meir velstand til fleire.

Glade muslimske jenter gir hverandre high five
Glade muslimske jenter gir hverandre high five

Tilhøyrsel

Å vere saman er viktig for oss. Det har du sikkert følt ekstra på i det siste – når pandemien har ført til at vi må vere meir kvar for oss. Religion gir oss noko å samlast om. Noko utanfor oss sjølve som vi kan dyrke, tilbe og feire. Slik kan dei store religionane samanliknast med eit rockeband, eller ein annan lidenskap du deler med andre. Fellesskapet gir glede og tryggleik.

Vesak, Lanterner flyr opp mot himmelen
Vesak, Lanterner flyr opp mot himmelen

Meininga med livet?

Dei aller fleste religionane har ei forteljing om kva som skjer med oss når vi døyr. Viss ein har oppført seg bra, blir livet etter døden betre enn livet på jorda. For mange kan det verke meiningslaust at alt er over den dagen vi døyr. Då kan det gi ei meining med livet å tru at det er eit større formål med alt saman.

Kvinne ber en bønn i kirken
Kvinne ber en bønn i kirken

Djupt personleg

Å tru er ein personleg ting. Det kan gi sterke kjensler, og det pregar livet til den som trur. Det finst buddhistmunkar i Thailand som ber og mediterer heile dagen. Andre viser respekt for trua si ved å bere hijab eller kors rundt halsen. Dei fleste truande av alle religionar lever eit vanleg liv. Men det dei fleste truande har til felles, er at dei ønskjer å vere så gode og snille som dei kan.

Munk mediterer på en båt i Ganges, India
Munk mediterer på en båt i Ganges, India

Den gylne regelen

Det er nemleg éin regel som dei aller fleste religionane har. Den blir kalla «den gylne regelen» og seier: «Gjer mot andre det du vil at andre skal gjere mot deg.» Denne regelen kan alle vere samde i, utan at ein trur på ein religion. Men religion har til alle tider rettleidd menneske om korleis vi bør vere mot kvarandre.

To mennesker holder hender og viser omsorg
To mennesker holder hender og viser omsorg

Teori og praksis

Mange religionar har heilage bøker som er viktige i utøvinga av religionen. I dei heilage bøkene til kristendommen og jødedommen finn vi til dømes Dei ti boda, som er ei samling med forbod og påbod. Også Koranen i islam har mange lover og reglar.

Gudane gjer aldri feil. Dei er det absolutte idealet som mennesket strekkjer seg etter. Men mennesket vil alltid gjere feil. Religion har ofte leidd til krig for å oppnå takksemd frå gudane. Folk trudde at det var viljen til gudane. Dei heilage «regelbøkene» blir framleis tolka av truande innan kvar religion. Det er så å seie umogleg å bli samde om korleis ein skal leve «etter reglane». Religion blir framleis misbrukt for å starte krig, som til dømes av Den islamske staten (IS) med krigen i Syria.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Muslimsk mann holder Koranen og ber en bønn
Muslimsk mann holder Koranen og ber en bønn

Fem verdsreligionar

Ein verdsreligion er ein religion som er utbreidd over heile verda, og som har fleire hundre millionar tilhengjarar.

📷  Mekka er den heilagste byen i islam, det geografiske sentrumet til religionen og den viktigaste pilegrimsbyen.

Vi har fem verdsreligionar: 

  • buddhisme 
  • hinduisme 
  • islam  
  • jødedom 
  • kristendom 

Jødedommen har berre 15 millionar tilhengjarar, men blir rekna av mange som ein verdsreligion. Jødedommen har nemleg påverka både kristendommen og islam. I tillegg har jødar budd over heile verda i 2000 år.

Rundt 80 prosent av befolkninga i verda høyrer til ein av desse fem religionane.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Mennesker på pilgrimsreise til Mecca
Mennesker på pilgrimsreise til Mecca

Humanisme

Ikkje alle har ei religiøs tru. Mange har eit humanistisk livssyn, der den gylne regelen er like viktig som i fleire religionar. Humanismen set mennesket i sentrum og ser på mennesket som ansvarleg for eige liv. Menneska treng ikkje noko guddommeleg så lenge vi kan tenkje fornuftig sjølve.

Kvinne med universet i hodet
Kvinne med universet i hodet

Ateisme

Viss ein ikkje trur på at det finst ein gud, er ein ateist. Nokre ateistar kritiserer dei som er religiøse. Andre er meir likegyldige og tenkjer ikkje så mykje over om Gud eksisterer. Truande får gjere som dei sjølve vil. Ateismen vart eit resultat av at vitskapen utvikla seg. Utviklinga av astronomi vart for mange eit bevis på at Gud ikkje finst.

Mann ser opp mot stjernene
Mann ser opp mot stjernene

Agnostisisme

«Agnos» er gresk og betyr ‘å ikkje vite’. Agnostikarar må finne bevis før dei trur på noko. Elles er det umogleg å vite kva ein skal tru på. Når det gjeld Guds eksistens, er dei ikkje like avvisande som ateistar. Ein agnostikar trur ikkje at Gud finst, men hen trur heller ikkje at Gud ikkje finst.

Jente som tenker
Jente som tenker

Religion i Noreg

Kristendommen har vore offentleg religion i Noreg sidan 1500-talet. Frå og med 2017 vart staten og kyrkja skilde. Kyrkja er ikkje lenger verna av verken lova eller kongen. Den norske kyrkja betyr likevel mykje i Noreg. Cirka 70 prosent av alle nordmenn er medlemmer, men talet søkk. Noreg har samtidig eit stort mangfald av religionar, og religionsfridommen står sterkt.

📷  Nidarosdomen er den opphavelege erkebiskopkyrkja i Noreg og ei av dei største middelalderkyrkjene i Norden.

Kjelder:

  • Bøhn, Einar Buengenhumanisme i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 12
    . april 2021 frå https://snl.no/humanisme 
  • Groth, Bente og Kværne, Per: religion i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 9
    . april 2021 frå https://snl.no/religion 
  • KværnePer, m.fl.ateisme i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta
    12. april 2021 frå https://snl.no/ateisme 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images / Arkikon (CC BY-SA 4.0)
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. Getty Images