Kva gjer oss menneskelege?

Desse 10 ideane endra menneskets utvikling radikalt. Utan dei hadde vi ikkje vore dei same.

Accessibility icon Kva gjer oss menneskelege?

Historieforteljing  

Historieforteljing er kanskje den viktigaste oppfinninga i menneskets historie. Det at vi fortel om våre eigne erfaringar, kjensler og idear, er limet som held oss saman som samfunn. Historier hjelper oss også å forstå fortida og førebu oss på framtida. 

Vi finn forteljingar overalt: måla på holeveggar, hogne inn i gamle steintavler, fortalde frå ein generasjon til den neste som song og dans. Dette finn vi ikkje hos andre dyr. Mennesket har ein unik eigenskap – vi kan dele tankane våre opp i ord, som vi kan stokke om og setje saman til noko nytt. Apar kan lære teiknspråk, men dei kan ikkje fortelje historier. 

Den lengste setninga ein sjimpanse som heitte Nim klarte å setje saman var: «Gi appelsin meg gi ete appelsin meg ete appelsin gi meg ete du.» Evna vår til å fortelje historier skil oss frå andre dyr, og det er ein av løyndomane bak suksessen vår. Det gjer at vi kan formidle kunnskap og kultur frå person til person, frå stad til stad og frå generasjon til generasjon.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Musikk  

Vi mennesker har hatt musikkinstrumentar så lenge vi har eksistert. Kroppen vår er eit biologisk instrument! Stemmebanda våre fungerer nesten som gitarstrengar. 

Strupehovudet vårt ligg lågt nede i halsen, og det gjer at hovudet og brystkassa vår fungerer som eit resonnanskammer – omtrent som ein gitarkasse. 

Mennesket har skapt musikk i titusenvis av år. Dei eldste instrumenta som er funne, er 40 000 år gamle beinfløyter med fingerhol og V-forma munnstykke. Fløytene er så forseggjorte at folk sikkert hadde eksperimentert med enklare instrument før dei vart laga. Dessverre er det lite sannsynleg at vi vil finne desse enklare instrumenta, for dei vart truleg laga av nedbrytbare materialar som hud, siv, tre eller graskar. Sjølv om vi ikkje veit akkurat når den første musikken vart komponert, er det ingen tvil om at han har påvirka kulturen vår. Musikk fører menneske saman og inspirerer dei til å dele historier, kjensler og tankar. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tenåringsjente med øretelefoner
Tenåringsjente med øretelefoner

Matlaging  

Ideen om å lage mat med eld endra menneskets historie, og vi har gjort dette i fleire hundre tusen år. Djupt inne i Wonderwerk-grotta i Sør-Afrika har arkeologane funne ein million år gamal båloske. Det var Homo erectus som etterlot seg dei forkola bitane av gras, lauv og knoklar her. I Qesem-grotta i Israel finst det ei nesten 400 000 år gamal oskefylt ildgrop som inneheld små beinbitar.  

Det at vi varmebehandlar maten vår har endra heile utviklingshistoria vår. Mat som blir varma opp, blir lettare å fordøye, og det blir enklare for kroppen å ta opp næringsstoffa i maten. I tillegg blir bakteriar i maten drepne, så risikoen for sjukdom minkar. Varme­behandling gjer også nokre uetande og  giftige matvarer etande, og mat som er varmebehandla og tillaga, held seg betre over tid.

Lettare fordøyeleg mat gav oss større hjerne, større sjanse til å overleve og betre tid til å utforske og utvikle. Etter kvart vart maten ikkje lenger berre drivstoff, men ei kjelde til nyting og glede. Eldstaden vart eit sosialt samlingspunkt, og maten vart viktig for å knyte band og feire. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Dame som holder en hamburger
Dame som holder en hamburger

Handel med pengar 

Menneske samarbeider på ein måte vi ikkje ser noko annan stad i naturen – vi bruker pengar. Denne oppfinninga gjer det mogleg for oss å byte varer og tenester med framande med hjelp av eit påliteleg system av symbol. 

Det heile begynte med byte av varer. Husdyr og korn var verdifulle, og folk brukte det som bytemiddel. Men slike varer var vanskelege å flytte og lagre over tid, og dei mista verdien sin når dei døydde eller rotna. 

Folk trong å kunne lagre verdiar for framtida, slik at dei hadde verdiar å byte bort når dei trong dei. Metall passa godt til dette. Det var lett å bere med seg, det kunne delast opp i bitar, og det var alltid etterspørsel etter det. Først brukte ein verdifulle myntar og barrer, men etter kvart begynte ein å bruke billige metallsymbol og papirkvitteringar i staden. Det er framleis mange som bruker kontantar i Noreg i dag, særleg når dei handlar daglegvarer. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Dame som betaler med kontanter
Dame som betaler med kontanter

Utforskar verda  

Mennesket er nysgjerrig av natur. For mellom 60 000 og 70 000 år sidan vandra forfedrane våre ut av Afrika, og med seg hadde dei avanserte reiskapar og farlege våpen. Dei følgde kysten rundt Indiahavet heile vegen til Asia og Australia. For 40000 år sidan drog folk nordover til Europa, og for minst 15 000 år sidan nådde somme til Amerika.  

Stadig nye transportmiddel vart utvikla: hjulet for 5000 år sidan, tamme esel og hestar for 4000 år sidan og kompasset for 3000 år sidan. Lange sjøreiser vart mogleg på 1400-talet, togskjener vart bygde på 1800-talet, og på 1900-talet fann vi opp bilar, fly og romskip som førte oss heilt ut i verdsrommet.  

  I 1947 segla  den norske eventyraren Thor Heyerdahl 8000 kilometer over Stillehavet i ein handbygd flåte. Meininga med ekspedisjonen var å vise at folk langt tilbake i tid kunne forflytte seg frå eit kontinent til eit anna. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
I 1947 seilte den norske eventyreren Thor Heyerdahl 8000 kilometer over Stillehavet i en håndbygget flåte kalt Kon-Tiki
I 1947 seilte den norske eventyreren Thor Heyerdahl 8000 kilometer over Stillehavet i en håndbygget flåte kalt Kon-Tiki

Visste du at …?  

… vi har sendt hundrevis av menneske ut i verdsrommet, men berre fire ned til dei største havdjupa.

En dykker som utforsker et skipsvrak i rødehavet
En dykker som utforsker et skipsvrak i rødehavet

Demokrati  

Demokrati betyr at det er folket som bestemmer. Alle som bur i landet får vere med på å bestemme. Når dei fleste er samde, får dei bestemme kven som skal styre landet. Dei får også vere med på å bestemme korleis landet skal styrast.

Kvart fjerde år vel vi nye menneske som skal bestemme i Noreg. 

Det finst to måtar å ha demokrati på. Kvart menneske kan få kome med forslag til kva som skal bestemmast. Det er den eine måten, men han tek veldig lang tid. Derfor vel vi heller nokre få menneske som kan bestemme for oss. Det er den andre måten.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Bilde av Stortinget i Oslo, Norge
Bilde av Stortinget i Oslo, Norge

Arbeidsfordeling  

Ingen er flinke til alt, og takk vere arbeidsfordelinga i samfunnet, treng vi ikkje å vere det heller. Arbeidsfordeling betyr at vi deler på arbeidsoppgåvene, slik at folk kan bli spesialistar på forskjellige ting.

Det finst mange forskjellige yrke. Nokre styrar landet, andre dyrkar mat, pleier dei sjuke, finn opp ny teknologi eller feiar gatene. I fleire yrke er det mogleg å spesialisere seg. Til dømes i ein klesfabrikk vil nokon skjere til stoff, mens andre syr plagga.

Dette systemet vart viktigare etter kvart som samfunnet vaks, og maskinane har tatt over mykje av arbeidet. Slik aukar vi effektivitet og kvalitet, reduserer kostnadar og sparer tid – og får med det meir tid til å vere kreative.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
7 hender som holder ulike elementer for å beskrive forskjellige yrker
7 hender som holder ulike elementer for å beskrive forskjellige yrker

Tida rår 

Dagens samfunn stoppar opp utan nøyaktige klokker. Klokkene passar på alt – frå å vekkje oss i tide til å rekke jobben, til å sjå til at GPS – satellitten er riktig. Men sjølv om vi er fødde med vår eiga klokke inni oss, tok det tusenvis av år før mennesket begynte å følgje klokka.

Vi begynte tidleg å måle tid med solur, stearinlys, røykelse, vatn og enkle mekaniske system, men det var ikkje før pendelklokkene dukka opp, på 1600-talet, at det vart meir system på å passe tida.

Seinare i same århundret vart spiralfjøra oppfunnen, og det vart mogleg å lage berbare klokker. På begynnelsen av 1900-talet kom kvartsur, og i 1950-åra bygde forskarane det første nøyaktige atomuret.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Dame som sitter oppgitt i sengen med en vekkeklokke over hodet
Dame som sitter oppgitt i sengen med en vekkeklokke over hodet

Vitskapeleg metode  

Den vitskapelege metoden er ein måte å tenkje på som hjelper oss å undersøkje verda rundt oss. Vi startar med ein observasjon. Ut frå den stiller vi eit spørsmål og lagar ein teori. Til slutt gjer vi forsøk for å teste om teorien stemmer.  

Eit døme
Gregor Mendels forsøk med erteblomstrar. 

Han observerte at nokre erteplantar har lilla blomstrar og andre har kvite. Han lurte på kva som ville skje om han kryssa dei med kvarandre. Han gjekk ut frå at dei nye plantane ville arve ei blanding av eigenskapane til foreldra sine. 

Uti frå dette var teorien hans at neste generasjon blomstrar burde bli lyselilla. For å teste teorien kryssbestøva Mendel lilla og kvite plantar, men han vart svært overraska då han berre fekk han  lilla blomstrar.  

På bakgrunn av dette stilte han nye spørsmål og gjorde fleire eksperiment, og til slutt hadde han kome fram til teorien sin om korleis nokre gen kan dominere og overskyggje andre. 

Denne måten å gjere vitskapelege undersøkingar på har revolusjonert korleis vi lærer om omgivnadene våre. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En gruppe skoleungdom som undersøker med mikroskop
En gruppe skoleungdom som undersøker med mikroskop

Bakterieteorien 

I mellomalderen forstod legane at alkohol verka desinfiserande, og dei visste at isolasjon, kunne stoppe sjukdommar, men dei visste ikkje kvifor. På den tida trudde dei at sjukdommar smitta gjennom vonde lukter og fysisk kontakt. Dei hadde sett mikrobar i mikroskopet, men dei forstod ikkje samanhengen mellom mikrobane og sjukdom. 

Det store gjennombrotet kom då Louis Pasteur la fram sin bakterieteori i 1864. Endelig forstod vi fienden og kunne begynne å lage vaksinar og medisinar for å bekjempe sjukdommar som hadde ramma arten vår i tusenvis av år. Forventa levealder i Noreg er nesten fordobla sidan 1846, og det er i stor grad takk vere medisinsk forsking. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Historien om mennesket Junior (2020)
    Orage Forlag
    AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Nasjonalbiblioteket
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images