Ti idear som gjorde oss til folk 

Dei følgjande ti ideane har hatt svært mykje å seie for korleis mennesket har utvikla seg. Uten desse ideane hadde vi ikkje vore dei same.  

Historieforteljing  

Historieforteljing er kanskje den viktigaste oppfinninga i menneskets historie. Det at vi fortel om våre eigne erfaringar, kjensler og idear, er limet som held oss saman som samfunn. Historier hjelper oss også å forstå fortida og førebu oss på framtida.  

Vi finn forteljingar overalt: måla på holeveggar, hogne inn i gamle steintavler, fortalde frå ein generasjon til den neste som song og dans. Dette finn vi ikkje hos andre dyr. Mennesket har ein unik eigenskap – vi kan dele tankane våre opp i ord, som vi kan stokke om og setje saman til noko nytt. Apar kan lære teiknspråk, men dei kan ikkje fortelje historier. 

Den lengste setninga ein sjimpanse som heitte Nim, klarte å setje saman var: «Gi appelsin meg gi ete appelsin meg ete appelsin gi meg ete du.» Evna vår til å fortelje historier skil oss frå andre dyr, og det er ein av løyndomane bak  suksessen vår. Det gjer at vi kan formidle kunnskap og kultur frå person til person, frå stad til stad og frå generasjon til generasjon.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Musikk  

Vi menneske har hatt musikkinstrument så lenge vi har eksistert. Kroppen vår er eit biologisk instrument! Stemmebanda våre fungerer nesten som gitarstrengar. 

Strupehovudet vårt ligg lågt nede i halsen, og det gjer at hovudet og brystkassa vår fungerer som eit resonnanskammer – omtrent som ei gitarkasse. 

Mennesket har skapt musikk i titusenvis av år. Dei eldste instrumenta som er funne, er 40 000 år gamle beinfløyter med fingerhol og V-forma munnstykke. Fløytene er så forseggjorde at folk sikkert hadde eksperimentert med enklare instrument før dei vart laga. Dessverre er det lite sannsynleg at vi vil finne desse enklare instrumenta, for dei vart truleg laga av nedbrytbare materialar som hud, siv, tre eller graskar. Sjølv om vi ikkje veit akkurat når den første musikken vart komponert, er det ingen tvil om at han har påverka kulturen vår. Musikk fører menneske saman og inspirerer dei til å dele historier, kjensler og tankar. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tenåringsjente med øretelefoner

Matlaging  

Ideen om å lage mat med eld endra menneskets historie, og vi har gjort dette i fleire hundre tusen år. Djupt inne i Wonderwerk-grotta i Sør-Afrika har arkeologane funne ein million år gammal båloske. Det var Homo erectus som let etter seg dei forkola bitane av gras, lauv og knoklar her. I Qesem-grotta i Israel finst det ei nesten 400 000 år gammal oskefylt eldgrop som inneheld små beinbitar.  

Det at vi varmebehandlar maten vår har endra heile utviklingshistoria vår. Mat som blir oppvarma, blir lettare å fordøye, og det blir enklare for kroppen å ta opp næringsstoffa i maten. I tillegg blir bakteriar i maten drepne, slik at risikoen for sjukdom minkar. Varme­behandling gjer også nokre uetande og giftige matvarer etande, og mat som er varmebehandla og tillaga, held seg betre over tid.

Lettare fordøyeleg mat gav  oss større hjerne, større sjanse til å overleve og betre tid til å utforske og utvikle. Etter kvart vart maten ikkje lenger berre drivstoff, men ei kjelde til nyting og glede. Eldstaden vart eit sosialt samlingspunkt, og maten vart viktig for å knyte band og feire. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Dame som holder en hamburger

Handel med pengar 

Menneske samarbeider på ein måte vi ikkje ser nokon annan stad i naturen – vi bruker pengar. Denne oppfinninga gjer det mogleg for oss  å byte varer og tenester med framande med hjelp av eit påliteleg system av symbol. 

Det heile begynte med byte av varer. Husdyr og korn var verdifulle, og folk brukte det som bytemiddel. Men slike varer var vanskelege å flytte og lagre over tid, og dei mista verdi når dei døydde eller rotna.  

Folk trong ei moglegheit til å lagre verdiar for framtida, slik at dei hadde verdiar å byte bort når dei trong dei. Metall passa godt til dette. Det var lett å bere med seg, det kunne delast opp i bitar, og det var alltid etterspørsel etter det. Først brukte folk verdifulle myntar og barrar, men etter kvart begynte dei å bruke billige metallsymbol og papirkvitteringar i staden. Det er framleis mange som bruker kontantar i Noreg i dag, særleg når dei handlar daglegvarer. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Dame som betaler med kontanter

Utforskar verda  

Mennesket er nysgjerrig av natur. For mellom 60 000 og 70 000 år sidan vandra forfedrane våre ut av Afrika, og med seg hadde dei avanserte reiskapar og farlege våpen. Dei følgde kysten rundt Indiahavet heile vegen til Asia og Australia. For 40000 år sidan drog enkelte nordover til Europa, og for minst 15 000 år sidan nådde somme til Amerika.  

Stadig nye transportmiddel vart utvikla: hjulet for 5000 år sidan, tamme esel og hestar for 4000 år sidan og kompasset for 3000 år sidan. Lange sjøreiser vart moglege på 1400-talet, kanalar og togskjener vart bygde på 1800-talet, og på 1900-talet fann vi opp bilar, fly og romskip som førte oss heilt ut i verdsrommet.  

  I 1947 segla den norske eventyraren Thor Heyerdahl 8000 kilometer over Stillehavet i ein handbygd flåte. Meninga med ekspedisjonen var å vise at folk langt tilbake i tid kunne forflytte seg frå eit kontinent til eit anna. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
I 1947 seilte den norske eventyreren Thor Heyerdahl 8000 kilometer over Stillehavet i en håndbygget flåte kalt Kon-Tiki

Visste du at …?  

… vi har sendt hundrevis av menneske ut i verdsrommet, men berre fire ned til dei største havdjupa.

En dykker som utforsker et skipsvrak i rødehavet

Demokrati  

Demokrati tyder bokstaveleg talt at folket (demos) bestemmer (kratos). Det er ei styreform der innbyggjarane i landet får vere med på å bestemme kven som skal styre landet og korleis landet skal styrast. Til forskjell frå andre styreformer – der landet blir styrt av éin eller nokre få personar – er demokratiet basert på at fleirtalet bestemmer.  

I Noreg vel vi nye stortingsrepresentantar kvart fjerde år.  ⮕

Det finst to former for demokrati – direkte og representativt. Dei fungerer på litt ulike måtar. Ved direkte demokrati har kvar enkelt innbyggjar høve til å stemme på alle avgjerdsler som skal takast. Denne styreforma oppstod cirka 500 år f.Kr. i oldtida i  Hellas. Vaksne menn frå Aten kom saman kvar veke  på fjellet Pnyx, og dei stemte over aktuelle tema ved å løfte handa. Dette var ei rettferdig, men veldig tidkrevjande ordning. Representativt demokrati oppstod i Italia på 1100-talet, og det er dette systemet mange land bruker i dag. Det går ut på at innbyggjarane vel representantar som stemmer på deira vegner. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Bilde av Stortinget i Oslo, Norge

Arbeidsfordeling  

Ingen er flinke til alt, og takk vere arbeidsfordelinga i samfunnet treng vi ikkje å vere det heller. Arbeidsfordeling betyr at vi deler på arbeidsoppgåvene, slik at folk kan spesialisere seg i ulike fagområde.

Det finst mange ulike yrke. Nokre styrer landet, andre dyrkar mat, pleier dei sjuke, finn opp ny teknologi eller feiar gatene. I fleire yrke er det mogleg å spesialisere seg. Til dømes er det slik i ein klesfabrikk at nokre skjer til stoffet, mens andre syr plagga. 

Dette systemet vart viktigare etter kvart som samfunnet vaks, og maskinar har teke over mykje av arbeidet. Slik aukar vi effektivitet og kvalitet, reduserer kostnader og sparer tid – og får dermed meir tid til å vere kreative. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
7 hender som holder ulike elementer for å beskrive forskjellige yrker

Tida rår 

Dagens samfunn stoppar opp utan nøyaktige klokker. Klokkene koordinerer alt – frå å vekkje oss tidsnok til å rekke jobben, til å halde GPS-satellittane synkroniserte. Men sjølv om vi er fødde med ei innebygd, biologisk klokke, tok det tusenvis av år før mennesket begynte å følgje klokka. 

Vi begynte tidleg å måle tid med solur, stearinlys, røykelse, vatn og enkle mekaniske system, men det var ikkje før pendelklokkene dukka opp, på 1600-talet, at det vart meir system på å passe tida.  

Seinare i det same århundret vart spiralfjøra oppfunnen, og det vart mogleg å lage berbare klokker. På begynnelsen av 1900-talet kom kvartsur, og i 1950-åra bygde forskarane det første nøyaktige atomuret. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Dame som sitter oppgitt i sengen med en vekkeklokke over hodet

Vitskapeleg metode  

Den vitskapelege metoden er ein måte å tenkje på som hjelper oss å undersøkje verda rundt oss. Vi startar med ein observasjon. Ut frå den stiller vi eit spørsmål og lagar ein teori. Til slutt gjer vi forsøk for å teste om teorien stemmer.  

Eit døme
Gregor Mendels forsøk med erteblomstrar. 

Han observerte at nokre erteplantar har lilla blomstrar og andre har kvite. Han lurte på kva som ville skje om han kryssa dei med kvarandre. Han gjekk ut frå at dei nye plantane ville arve ei blanding av eigenskapane til foreldra sine.

Uti frå dette var teorien hans at neste generasjon blomstrar burde bli lyselilla. For å teste teorien kryssbestøva Mendel lilla og kvite plantar, men han vart kraftig overraska då han berre fekk lilla blomstrar.  

På bakgrunn av dette stilte han nye spørsmål og gjorde fleire eksperiment, og til slutt hadde han kome fram til teorien sin om korleis nokre gen kan dominere og overskyggje andre. 

Denne måten å gjere vitskapelege undersøkingar på har revolusjonert korleis vi lærer om omgivnadene våre. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En gruppe skoleungdom som undersøker med mikroskop

Bakterieteorien 

I middelalderen forstod legane at alkohol verka desinfiserande, og dei visste at isolasjon kunne stoppe sjukdommar, men dei visste ikkje kvifor. På den tida trudde dei at sjukdom smitta gjennom vonde lukter og fysisk kontakt. Dei hadde sett mikrobar i mikroskopet, men forstod ikkje samanhengen mellom dei og sjukdom. 

Det store gjennombrotet kom då Louis Pasteur la fram bakterieteorien sin i 1864. Endelig forstod vi fienden og kunne begynne å lage vaksinar og medisinar for å bekjempe sjukdommar som hadde ramma arten vår i tusenvis av år. Forventa levealder i Noreg er nesten fordobla sidan 1846, og det er i stor grad takk vere medisinsk forsking. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Historien om mennesket Junior (2020)
    Orage Forlag
    AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Nasjonalbiblioteket
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images