Kva gjer oss menneskelege?

Desse 10 ideane endra menneskets utvikling radikalt. Utan dei hadde vi ikkje vore dei same.

Accessibility icon Kva gjer oss menneskelege?

Historieforteljing  

Historieforteljing er kanskje den viktigaste oppfinninga i menneskets historie. Det at vi fortel om våre eigne erfaringar, kjensler og idear, er limet som held oss saman som samfunn. Historier hjelper oss også å forstå fortida og førebu oss på framtida. 

Vi finn forteljingar overalt: måla på holeveggar, hogne inn i gamle steintavler, fortalde frå ein generasjon til den neste som song og dans. Dette finn vi ikkje hos andre dyr. Mennesket har ein unik eigenskap – vi kan dele tankane våre opp i ord, som vi kan stokke om og setje saman til noko nytt. Apar kan lære teiknspråk, men dei kan ikkje fortelje historier. 

Den lengste setninga ein sjimpanse som heitte Nim klarte å setje saman var: «Gi appelsin meg gi ete appelsin meg ete appelsin gi meg ete du.» Evna vår til å fortelje historier skil oss frå andre dyr, og det er ein av løyndomane bak suksessen vår. Det gjer at vi kan formidle kunnskap og kultur frå person til person, frå stad til stad og frå generasjon til generasjon.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Musikk  

Vi mennesker har hatt musikkinstrumentar så lenge vi har eksistert. Kroppen vår er eit biologisk instrument! Stemmebanda våre fungerer nesten som gitarstrengar. 

Strupehovudet vårt ligg lågt nede i halsen, og det gjer at hovudet og brystkassa vår fungerer som eit resonnanskammer – omtrent som ein gitarkasse. 

Mennesket har skapt musikk i titusenvis av år. Dei eldste instrumenta som er funne, er 40 000 år gamle beinfløyter med fingerhol og V-forma munnstykke. Fløytene er så forseggjorte at folk sikkert hadde eksperimentert med enklare instrument før dei vart laga. Dessverre er det lite sannsynleg at vi vil finne desse enklare instrumenta, for dei vart truleg laga av nedbrytbare materialar som hud, siv, tre eller graskar. Sjølv om vi ikkje veit akkurat når den første musikken vart komponert, er det ingen tvil om at han har påvirka kulturen vår. Musikk fører menneske saman og inspirerer dei til å dele historier, kjensler og tankar. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tenåringsjente med øretelefoner
Tenåringsjente med øretelefoner

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!