Kva gjer oss menneskelege?

Desse 10 ideane endra menneskets utvikling radikalt. Utan dei hadde vi ikkje vore dei same.

Accessibility icon Kva gjer oss menneskelege?

Historieforteljing  

Det er fint å kunne fortelje historier. Då kan vi snakke om det vi har opplevd. Vi kan fortelje om kjensler og idear. Historier gjer at vi gjerne vil vere saman. Vi lærer noko nytt når vi høyrer på dei. Historier gjer at vi kan forstå fortida, og tenkje på korleis framtida kan bli.

Forteljingar finst overalt. Dei kan vere måla på veggar i holer. Dei kan vere hogne inn i gamle steintavler. Dei kan forteljast på mange måtar, til dømes som song og dans. Det kan ikkje andre dyr gjere. Menneska kan dele opp tankane i ord. Orda kan flyttast rundt og setjast saman til noko nytt. Apar kan lære teiknspråk, men dei kan ikkje fortelje historier.

Ein sjimpanse som heitte Nim, klarte berre å seie: «Gje appelsin meg gje ete appelsin meg ete appelsin gje meg ete du». Menneska kan fortelje historier. Det kan ikkje dyra.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Musikk  

Vi menneske har hatt musikkinstrument så lenge vi har levd. Kroppen vår er også eit instrument! Stemmebanda våre er nesten som strengane på ein gitar. Vi kan bruke halsen, hovudet og brystet til å lage lyd. Det er nesten som ei gitarkasse.

Mennesket har laga fine instrument i mange år. Musikk gjer også noko fint med oss.  Vi vil vere saman med andre, og vi vil fortelje historier til kvarandre.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tenåringsjente med øretelefoner
Tenåringsjente med øretelefoner

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!