Frå kledd på til påkledd
Då vi var små, bestemte vi ikkje kva slags klede vi hadde på oss. Vi blei kledde på varme klede, strømpebukser som klødde og lag på lag om vinteren. På sommaren sat vi med store solhattar, og på bursdagar og fest blei vi pynta med klede vi kanskje ikkje hadde valt ut sjølve. Men på eit eller anna tidspunkt fekk vi endeleg moglegheita til å vise kven vi eigentlig er. Gjennom klede.
Kleda fortel historier
Når vi fekk velje kleda våre, måtte vi tenkje på kva slags stoff og mønster vi likar. Vil vi ha store blomstrar, tynne striper, glatte og kvite skjorter, digre ullgenserar, neonfargar, slitte bukser, mjuke kosedressar eller korte skjørt? Kva synest vi passar saman? Korleis skal vi pynte oss? Kva føler eg meg fin i? Klede er gøy, og litt stressande: Kva skal eg ha på meg i dag?
Språk og signal
Ofte vil menneske få tankar om kven vi er på grunn av kor vi kjem frå eller korleis vi ser ut. Men det er jo ikkje alltid at dette passar med den vi er inni oss. Ser vi barnslege ut, eller kanskje veldig tøffe? Kanskje somme tenkjer at du ser ut som ein kreativ person, eller som ein veldig sporty person? Gjennom kleda våre kan vi gi folk eit meir dekkande bilete av kven vi eigentleg er. Vi kan vise fram dei beste sidene våre, som ein målar som målar eit bilete av seg sjølv.
Det er sånn eg er!
Målaren Peter Blake blei av mange sett på som ein litt rar, men smart type. For å vise kven han var måla han eit bilete av seg sjølv der han hadde på seg jeans, joggesko og olajakke. No såg han ut som ein heilt vanleg, litt beskjeden type som ikkje likte å skilje seg ut. Ein type som likte å snakke om musikk, og som tenkjer at å måle bilete er ein heilt vanleg jobb. Han måla eit bilete som viste han slik han ville at folk skulle sjå han.
Kva skal eg ha på meg?
Når vi skal ut og treffe nokon vi ikkje kjenner godt, kan det vere vanskeleg å velje det rette antrekket – det som best viser kven du er. Dette kan nokre gongar ta lang tid. Men når ein er saman med menneske ein er trygg på, venner eller familie som kjenner deg godt, tenkjer ein ikkje på kva ein har på seg. Kvifor ikkje? Dei veit allereie kven du er, og du treng ikkje sende ut hint om personlegdomen din gjennom kleda dine. Du kan fint sitje i pysjen eller i ein holete genser med tannkremflekkar utan at det endrar kva dei tenkjer om deg.
Lykke med nål og tråd
Nokre klede gjer oss glade. Vi likar andre klede fordi dei minner oss om noko fint. Til dømes kan ein type sko gi oss sjølvtillit, ein heimestrikka genser kan gi oss tryggleik eller trøyst og ein hettegenser kan få oss til å føle oss kule. Enkelte har til og med spesielle «lykkeplagg», som dei har på seg når dei skal spele ein fotballkamp eller ha ein viktig prøve. Fotballspelarar har lykkedrakter, og nokre tennisspelarar meiner dei vil tape kampane utan lykkesokkane sine.
Klede som påminning
Kva vi har på oss, er ein stille samtale med andre. Vi fortel: Dette er meg. Men det er også ei påminning til oss sjølve om kven vi er og kven vi ønskjer å vere. På den måten er klesskapet vårt nesten som eit sjølvportrett eller ein sjølvbiografi – det fortel historia vår. Og det forandrar seg gjennom heile livet vårt. For du trur vel ikkje foreldra dine, lærarane dine eller vennene dine alltid har gått i dei same kleda?
Kjelder:
- The Curious Brain (14.10.2020): Some days even my lucky rocketship underpants don’t help
https://thecuriousbrain.com/?p=25422
- The School of Life (14.10.2020): Why Clothes Matter
https://www.youtube.com/watch?v=8da1nXckEy4
- The Guardian (14.10.2020): The perils of having ‘lucky clothes’: the Vintage Years
https://www.theguardian.com/fashion/2012/oct/24/perils-having-lucky-clothes-vintage-years
Bilet- og videorettar:
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images