Frå kledd på til påkledd

Då vi var små, bestemte vi ikkje kva slags klede vi hadde på oss. Vaksne kleddeoss varme klede og strømpebukser som klødde om vinteren. På sommaren sat vi med store solhattar. På bursdagar og fest blei vi pynta med klede vi ikkje valde ut sjølve. Men fekk vi endeleg moglegheit til å vise kven vi egentlig er. Gjennom klede. 

Kleda fortel  historier

Når vi fekk velje kleda våre, måtte vi tenkje på kva slags stoff og mønster vi likar. Vil vi ha store blomstrar, tynne striper, glatte skjorter, store ullgenserar? Vil vi ha fargar, slitte bukser, mjuke kosedressar eller skjørt? Kva synest vi passar saman, og kva føler eg meg fin i? Klede er gøy, men litt stressande. Kva skal eg ha på meg i dag?

Språk og signal

Ofte vil mennesker få tankar om kven vi er på grunn av korleis vi ser ut. Men det er jo ikkje alltid at dette passar med den vi er inni oss. Ser vi barnslege ut, eller kanskje veldig tøffe? Kanskje nokon tenkjer at du ser kreativ ut? Eller som ein veldig sporty person? Gjennom kleda våre kan vi gi folk eit meir dekkande bilete av kven vi er. Vi kan vise fram dei beste sidene våre, som ein målar som målar eit bilete av seg sjølv. 

Det er sånn eg er!

Peter Blake var ein målar. Mange trudde han var ein litt rar, men smart type. For å vise kven han var måla han eit bilete av seg sjølv i jeans, joggesko og olajakke. No såg han ut som ein heilt vanleg type som ikkje likte å skilje seg ut. Ein type som likte å snakke om musikk, og som tenkjer at å måle bilete er ein heilt vanleg jobb. Han måla eit bilete som viste han slik han ville at folk skulle sjå han. 

Kva skal eg ha på meg?

Når ein skal ut og treffe nokon ein ikkje kjenner godt, kan det vere vanskeleg å velje rette klede – det som best viser kven du er. Dette kan nokre gongar ta lang tid. Men når ein er saman med venner eller familie, tenkjer ein ikkje på kva ein har på seg. Kvifor ikkje? Dei veit allereie kven du er. Du kan fint sitje i pysjen eller i ein holete genser med tannkremflekkar utan at det endrar kva dei tenkjer om deg. 

Lykke med nål og tråd

Nokre klede gjer oss glade. Vi likar andre klede fordi dei minner oss om noko fint. Til dømes kan enkelte sko gi oss sjølvtillit. Ein heimestrikka genser kan gi oss tryggleik eller trøyst. Ein hettegenser kan få oss til å føle oss kule. Enkelte har til og med spesielle «lykkeplagg». 

Klede som påminning

Kva vi har på oss, er ein stille samtale med andre. Vi fortel: Dette er meg. Og det minner oss sjølve om kven vi er og kven vi har lyst til å vere. Klesskapet vårt er nesten som eit sjølvportrett – det fortel historia vår. Og det forandrar seg gjennom heile livet vårt. For du trur vel ikkje foreldra dine, lærarane dine eller vennene dine alltid har gått i dei same kleda? 

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

  1. Getty Images
  2. Getty Images
  3. Getty Images
  4. Getty Images
  5. Getty Images
  6. Getty Images
  7. Getty Images