Kven kjem, og kven dreg?

Er det forskjell på flyktningar og arbeidsinnvandrarar?  Folk har alltid, av ulike årsaker, flytta mellom ulike område. Det heiter seg at verda har blitt mindre enn før, og det er viktig å forstå årsakene til inn- og utvandring. Kunnskapsmangel kan føre til fordommar om andre folkeslag. 

Verdenskart i akvarell i ulike farger.
Verdenskart i akvarell i ulike farger.

Ulike årsaker til innvandring

I Noreg var innvandringa relativt låg før 1970-talet. I dag består innvandringa av ulike grupper. Det kan vere arbeidsinnvandrarar, familieinnvandrarar, flyktningar og utdanningsinnvandrarar. Men også folk som vender tilbake til landet sitt etter ein lang periode i utlandet.

Multikulturell gruppe med ungdommer
Multikulturell gruppe med ungdommer

Arbeidsinnvandring

Ein arbeidsinnvandrar er ein person som flyttar til eit nytt land for å jobbe for ein kortare eller lengre periode. Dei kan vere ufaglærte, spesialistar, sesongarbeidarar eller pendlarar.

Ein ufaglært arbeidar har ingen formell kompetanse. Ein spesialist er ekspert innan eit område, og kan ha ein kompetanse som landet treng. Noreg innførte full innvandringsstopp i 1975, men spesialistar fekk komme.

Ein sesongarbeidar er ein som jobbar berre kort tid i landet. Behovet for arbeidskraft varierer i periodar av året. Jordbærplukkarar, servitørar og reinhaldarar er eksempel på jobbar som kan vere sesongavhengige.

I denne samanhengen er pendlarar personar  som bur fast i eit land, men som reiser fram og tilbake til eit anna land for å jobbe. Det kan vere dagleg eller i kortare periodar. Både svenskar og nordmenn reiser over grensa for å jobbe i nabolandet.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Familieinnvandring

Familieinnvandrarar er folk som flyttar til eit nytt land på grunn av familie. Det kan vere på grunn av at nokon i familien har fått arbeid i eit anna land, eller at familiemedlemmer har vore tvinga til å flykte.

Om to partnarar frå ulike land ønskjer å flytte saman, må ein av partane flytte til eit nytt land. Nokre gongar har dei som skal flytte til eit nytt land, barn fra før. Då kan det hende at barna blir med på flyttelasset.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Thai-Kinesisk familie rundt et middagsbord
Thai-Kinesisk familie rundt et middagsbord

Flyktningar

Flyktningar er personar som må rømme frå landet sitt. Det kan vere fleire årsaker til det, som krig, flom, tørke eller hungersnaud. Det skjer også på grunn av forfølging for kven ein er,  for seksuell legning, eller for kvar ein kjem frå. Nokre blir også forfølgde på grunn av tru og meiningar.

FN definerer ein flyktning som «einkvar person som oppheld seg utanfor det landet han er borgar av på grunn av velgrunna frykt for å bli forfølgd på grunn av rase, religion, nasjonalitet, politisk oppfatning eller tilhøyrsle til ei spesiell sosial gruppe».

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
far og sønn ser på ruin av et hus
far og sønn ser på ruin av et hus

Utdanningsinnvandrarar

Mange flytter til andre land for å ta utdanning. Desse kallar vi utdanningsinnvandrarar. I Noreg flyttar flesteparten ut igjen når den planlagde perioden er over.

To elever sitter foran en datamaskin.
To elever sitter foran en datamaskin.

Tilbakevendande borgarar

Mange bur i utlandet i kortare eller lengre periodar av livet. Om personen bur lenge i eit anna land, kan vedkommande oppfattast som innvandrar når hen kjem heimatt.

Familie på to barn og to voksne pakker koffert.
Familie på to barn og to voksne pakker koffert.

Overlapping?

  • Kan folk komme til eit land av fleire årsaker samtidig?
  • Kva former for innvandring trur du kan overlappe?
Flyktninger står langs et piggtrådgjerde i solnedgang
Flyktninger står langs et piggtrådgjerde i solnedgang

Kjelder:

  • Myhre, Jan Eivind; Tønnessen, Marianne: innvandring i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 27. juni 2022 frå https://snl.no/innvandring
  • Leraand, Dag; Bahus, Vegard Bø: flyktninger i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 27. juni 2022 frå http://snl.no/flyktninger

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images