Syndarinne, hore eller apostel?  

Dei fleste har høyrt om Maria Magdalena. Det er eigentleg litt merkeleg. Ho er nemnt berre åtte gongar i Bibelen.

Maria Magdalena vart kalla syndarinne eller skjøkje. Bibelen fortel at Jesus tilgav henne for alle synder. Ho hjelpte og trøysta mora til Jesus, Maria, under korsfestinga. Det var òg Maria Magdalena som fann grava til Jesus open og tom.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Oljemaleri av Veronese The Conversion of Mary Magdalene

Maria var viktig for Jesus

Maria Magdalena er ein av dei viktigaste personane i Bibelen. Men kven var ho eigentleg? Kva fortel evangelia oss, og kva fortel dei ikkje?

I år 325 e.Kr. forandra mennene i kyrkja tekstane i Bibelen, slik at rolla til Jesus vart forsterka. Maria vart òg endra på. Etter dette verka Maria som ein heilt annan person.

Noli Me Tangere maleri

Maria i skriftene 

Maria frå Magdala blir nemnd første gongen i Lukasevangeliet. Jesus er invitert til middag hos ein farisear. Så står det at «ei kvinne som levde eit syndefullt liv» kjem inn i rommet. Ho vaskar Jesu føter med olje.

Under måltidet vart folk irriterte fordi Maria gjorde dette med Jesus. Jesus forsvarte henne og tok henne med seg. Slik vart ho ein av «dei tre Mariaene» som følgde Jesus.

Maleri, Fest i huset til fariseeren Simon,
Maleri, Fest i huset til fariseeren Simon,

Eller kona til Jesus?

Ein som heitte Filip skreiv òg eit evangelium om Jesus. Dette står ikkje i Bibelen. Filip skreiv at Maria var kona til Jesus. Han elska henne meir enn disiplane. Dette syntest dei var veldig rart.

Maleri, Kristus i huset til Martha og Mary
Maleri, Kristus i huset til Martha og Mary

Inga kone, ingen rabbi

Evangelia i Det nye testamentet er ikkje heilt samde om kven Maria var. I Filipsevangeliet står det at Jesus kjende tre som heitte Maria: mora, søstera og kona.

Var Jesus gift, eller var han ikkje? Kva rolle spelte Maria Magdalena i livet hans? Var ho ein disippel? Eller kona? Jesus vart kalla «rabbi». Det betyr ein jødisk lærar. På Jesu tid måtte ein rabbi vere gift.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Maleri av Penitent Magdalene
Maleri av Penitent Magdalene

Den heilage gralen

I boka «Da Vinci-koden» skreiv Dan Brown at Maria Magdalena var kona til Jesus. Etter at Jesus døydde på korset, flykta ho til Frankrike. Her fødde ho sonen deira. Denne sonen blir første leddet i ei kongeleg slekt, kalla merovingarane. Desse meiner den dag i dag at dei er etterkommarar av Jesus.

Denne forklaringa finn vi òg i boka «Den fantastiske røyndommen» av historikarane Pauwels og Bergier. Dei skriv òg at Den heilage gralen betyr ‘kongeleg blod’.

Med andre ord: Tidlegare har ein tenkt at den heilage gralen er kalken som Jesus drakk vin frå under det siste måltidet. I staden kan det vere blodet hans – slekta hans.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brød og vin
Brød og vin

 Lasarus blir vekt opp

For å forstå meir kven Maria var, må vi lese forteljinga om broren Lasarus. Jesus vekte han opp frå dei døde. Dette er eit av dei mest fantastiske mirakla frå evangelia.

Joh. 11, 1–3

Ein mann som heitte Lasarus, hadde vorte sjuk. Han var frå Betania, landsbyen der Maria og søstera hennar Marta budde. Søstrene sende bod på Jesus og sa: «Herre, han som du er så glad i, er sjuk».

Lasarus var altså ikkje berre ein venn av Jesus. Han var «han som Herren er så glad i». Dette kan bety at Lasarus var broren til kona Magdalena, og dermed svogeren hans?

I evangelia står det ofte at Jesus blir salva. Det skal vise at han er Messias, Guds son. Forteljinga der Maria vaskar føtene til Jesus, er ei form for salving. Viss ho var kona hans, blir denne handlinga ekstra viktig.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Oppstandelsen av Lazarus i San Nicolo kirke
Oppstandelsen av Lazarus i San Nicolo kirke

Ein arameisk skatt

Kan verkeleg Jesus ha gifta seg med Maria Magdalena og fått barn med henne? Det er ikkje berre forfattaren Dan Brown som er overtydd om dette.

Barrie Wilson, som underviser i religion, og forfattaren Simcha Jacobovici, meiner dei har ein «skatt». Det er ein 1500 år gammal tekst på arameisk. Arameisk er det språket Jesus snakka.

Dei meiner at teksten beviser at Jesus var gift. Jomfru Maria var ikkje mora hans, men kona Maria Magdalena. Alt dette står i boka «Det tapte evangelium». Kyrkja meiner teksten er falsk.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Evangeliet om Jesu kone
Evangeliet om Jesu kone

Bryllaupet i Kana

Det var bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der. Også Jesus og læresveinane hans var bedne. Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: “Dei har ikkje meir vin.” “Kva vil du meg, kvinne?” svara Jesus. “Min time er enno ikkje komen.” Då sa mor hans til tenarane: “Det han seier dykk, skal de gjere.”

«Fyll kara med vatn», sa Jesus til tenarane. Og tenarane fylte dei til randa. Så sa han til dei: “Aus no opp, og ber det til kjøkemeisteren.” Det gjorde dei. Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom frå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgommen og sa: “Alle andre set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no.”

Tre ulike forklaringar

Denne teksten kan forklarast på tre ulike måtar.

    1. Her skjer Jesu første mirakel som faktisk vart utført mot hans vilje, i det han seier til mora: «Min time er enno ikkje komen.»
    2. Episoden er symbolsk. Det er Jesus som er «den gode vinen» som blir sett på bordet til menneska.
    3. Ei tredje lesing av teksten baserer seg på sunn fornuft. Kvifor kan Jesus og mor Maria snakke til tenarane som om dei var deira tenarar?
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Bryllup på Kana
Bryllup på Kana

Var det Jesu eige bryllaup?

Det finst kanskje eit svar. Kva om det var Jesus som gifta seg i Kana? Då går han og mora frå å vere gjestar til å bli vertskap. Då har dei større rett til å bekymre seg for vinen og gi ordre til tenarane.

Når det gjeld Maria Magdalena, er evangelia til lita hjelp. Er ho disippelen med kvinnelege trekk som sit ved sida av Jesus på måleriet «Nattverden» av Leonardo då Vinci? Er det verkeleg Maria Magdalena som er Jesu «yndlingsdisippel»?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Maleri av nattverden
Maleri av nattverden

Kjelder:

  • Historiens største kvinner (2019)
    Orage Forlag AS 

Bilde- og videorettar:

    1. Paolo Veronese, The Conversion of Mary Magdalene
    2. Correggio (Antonio Allegri), Noli Me Tangere
    3. Peter Paul Rubens, Mary Magdalene anointing Christ’s feet
    4. Johannes Vermeer, Jesus at the home of Martha and Mary
    5. Tizian, The Penitent Magdalene
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Foto: Reuters
    9. Getty Images
    10. Getty Images