Kva er x?

Når du har matematikk på skulen, må du rekne med både tal og bokstavar. Ofte står det i oppgåver at du skal finne x. Men kvifor bruker vi bokstavar og ikkje tal når vi skal rekne?

Det er fordi vi kan erstatte bokstavane med ulike tal seinare. Tenk deg at du skal rekne areal av eit kvadrat. Då kan vi seie at det er sidelengd gonga med sidelengd – eller a = s * s – og så kan vi setje inn ulike sidelengder i staden for s-en. Då kan vi rekne ut areal av alle moglege kvadrat.

Sort kryss.
Ruteark
Ruteark

Algebra

Å bruke bokstavar i matematikk blir kalla algebra.

Ordet algebra kjem frå det arabiske «al-jabr», som kan bli omsett til kombinasjon.

Alle reknereglane som gjeld for tal, gjeld óg for bokstavar.

I motsetning til med tal skriv vi ikkje gongeteikn mellom bokstavar. Ab er derfor det same som a multiplisert med b.

Vi treng heller ikkje ta med talet 1 føre ein bokstav. 1a og a er derfor det same.

Det er mange som synest det er vanskeleg å rekne med bokstavar, men det er akkurat det same som å rekne med tal.

Bokstavane betyr berre at dei kan bli brukte for mange ulike tal, og ikkje berre eit bestemt tal. Når vi reknar med bokstavar, er derfor bokstavane variablar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Et ruteark med tall og bokstaver og en blyant liggende i hjørnet.
Et ruteark med tall og bokstaver og en blyant liggende i hjørnet.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!