Kva er x?

Når du har matematikk på skulen, må du rekne med både tal og bokstavar. Ofte står det i oppgåver at du skal finne x. Ein dag står det at x=4, og ein annan dag står det at x=0,3. Verdien av x endrar seg derfor heile tida. Kvifor brukar vi bokstavar og ikkje tal?

Det handlar om at vi kan generalisere. Vi lagar eit mønster som gjer at vi kan løyse ulike oppgåver på same måten. Då kan vi erstatte bokstavane med ulike tal. Det å bruke bokstavar som ei erstatning for tal blir kalla  algebra.

Sort kryss.
Ruteark
Ruteark

Algebra

Ordet algebra kjem frå det arabiske «al-jabr», som kan bli omsett til kombinasjon.

Algebra er nyttig fordi det gir oss generelle løysingsmetodar. Gjennom å bruke generelle løysingsmetodar, kan vi løyse liknande problem raskt og effektivt.

Alle reknereglane som gjeld for tal, gjeld òg for bokstavar. Skrivemåten er berre litt annleis. I motsetning til med tal skriv vi ikkje gongeteikn mellom bokstavar. Ab er derfor det same som a multiplisert med b. Vi treng heller ikkje ta med talet 1 føre ein bokstav. 1a og a er derfor det same.

Det er mange som synest det er vanskeleg å rekne med bokstavar, men det er akkurat det same som å rekne med tal. Bokstavane betyr berre at dei kan bli brukte for mange ulike tal, og ikkje berre eit bestemt tal. Når vi reknar med bokstavar, er derfor bokstavane variablar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Et ruteark med tall og bokstaver og en blyant liggende i hjørnet.
Et ruteark med tall og bokstaver og en blyant liggende i hjørnet.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!