Fargane til sollyset

Korleis kan himmelen skifte farge? Frå gul, blå, raud, svart og grønt? Kva farge har stjernene, og kvifor er nokre hav meir blå enn andre?

Accessibility icon Fargane til sollyset

Fargane til sollyset

Sollyset har eigentleg mange forskjellige fargar, og forskjellen på dei er bølgjelengde. Når lyset går i rett linje, bevegar alle desse bølgelengdene – altså fargane – seg saman. Vi får ein enkelt stråle som vi ser som kvitt lys. 

Men viss noko kjem i vegen for denne strålen så ho ikkje går rett fram lenger, blir bølgjelengdene sende tilbake, bøygde eller spreidde. Dei ulike fargane blir synlege. Dei lengste bølgjelengdene vi kan sjå, er raude. Når dei gradvis blir kortare, ser vi dei som oransje, så gule, så grøne og til slutt som blå og fiolett.  Fiolett er den fargen med kortast bølgjelengde av dei vi kan sjå.

Kvifor er himmelen blå? 

Når lyset treffer luftmolekyla i atmosfæren, blir den blå fargen fanga opp og blir spreidd utover himmelen ved hjelp av desse molekyla. Resten av fargane ser vi ikkje, for det er berre blåfargen som blir broten ned og stansar si ferd mot jorda.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Sollys

Det er farleg å sjå direkte på sola med berre auget, sjølv i korte periodar. Det skarpe lyset vil varme opp netthinna og kan føre til permanente skadar i form av blindheit eller blinde flekkar i synsfeltet. Sidan det ikkje gjer vondt, blir ein ikkje med ein gong merksam på at synet held på å bli øydelagt. 

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!