Kvifor er hjernen så full av faldar?

Visste du at det berre fins nokre få arter som har ein slik rynkete hjerne? Og kvifor har vi menneske ein slik?

Accessibility icon Kvifor er hjernen så full av faldar?

Kvifor er hjernen rynkete og full av faldar?

Hjernen brettar seg saman for å få plass til meir hjerne på mindre plass. Faldane og lommene i hjernen er eit biologisk sjeldan fenomen som vi berre deler med nokon få arter som delfinar, nokre apar og elefantar. Det er ei smart tilpassing i utviklinga som gjer at intelligente artar kan klemma saman store mengder hjernebarksvev på eit lite område. Det gjev oss enorm hjernekapasitet, og alt får plass i dei relativt små hovudskallane våre.

Illustrasjon av hjernen
Illustrasjon av hjernen

Faldinga startar tidleg

Faldinga startar midt i graviditeten, når det vert danna hjernevindingar (gyri) og furer (sulci), men biologien bak dei karakteristiske rynkene er rarare enn ein kanskje trur.

Kjemiske signal

Organiseringa av hjernen vert bestemt av ei lang rekkje kjemiske signal, men den endelege forma er truleg eit resultat av enkel fysikk. Den grå substansen ligg ytst i hjernen, og under utviklinga veks han raskare enn den kvite substansen som ligg under. Det gjer at heile hjernen vert utsett for press, og utsida må vri og krølla seg.

Kjelder:

  • Hjernens mysterier, 2020
    ORAGE FORLAG AS 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images