Kvifor er hjernen så full av faldar?

Visste du at det berre fins nokre få arter som har ein slik rynkete hjerne? Og kvifor har vi menneske ein slik?

Accessibility icon Kvifor er hjernen så full av faldar?

Kvifor er hjernen rynkete og full av faldar?

Hjernen brettar seg saman for å få plass inne i hovudet. Desse faldane og rynkene i hjernen er sjeldne i naturen. Det er berre nokre få andre arter som har ein slik hjerne. Nokre av dei er delfinar, apar og elefantar. Det gjev oss enorm hjernekapasitet. Alt får plass i dei ganske små hovudskallane våre!

Illustrasjon av hjernen
Illustrasjon av hjernen

Faldinga startar tidleg

Faldinga startar medan barnet utviklar seg i magen til mora. Då vert det danna noko som blir kalla hjernevindingar og furer. Men biologien bak rynkene er rarare enn ein kanskje trur.  

Kjemiske signal

Utforminga av hjernen vert bestemt av mange kjemiske signal. Den grå delen av hjernen som ligg ytst, veks raskare enn den kvite delen som ligg innanfor.

Det gjer at heile hjernen vert utsett for press. Då må den grå utsida av hjernen vri og krølla seg. Slik vert hjernen rynkete og full av faldar!

Kjelder:

  • Hjernens mysterier, 2020
    ORAGE FORLAG AS 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images